St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

10 Verksemda til Folketrygdfondet i 2001

10.1 Innleiing

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i «lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd». Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2001 i original blei sende til departementet i brev av 4. april 2002, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

Folketrygdfondet må utøve verksemda si i tråd med dei rettslege rammene som ligg til grunn. Fondet må for det første handle i samsvar med dei reglane som Stortinget har fastsett i «Reglement for Folketrygdfondet» av 20. juni 1997. For det andre er Folketrygdfondet også underlagt eventuelle nærare reglar og føresegner som er gitt av Kongen, med heimel i § 9 i reglementet. Denne kompetansen er i forskrift 17. januar 1992 og 21. juni 2002 delegert til Finansdepartementet. Av dette følgjer at Folketrygdfondet må handle innanfor dei rammene som både Stortinget og Finansdepartementet fastset.

10.2 Styre og administrasjon

I samsvar med regelverket for Folketrygdfondet forvaltar eit styre med ni medlemmer midlane til fondet. For kvar medlem skal det oppnemnast ein varamedlem. Samansetjinga av styret i 2001 er vist i boks 10.1.

Boks 10.1 Styret i Folketrygdfondeti 2001

Bjørg Ven, Oslo, leiar

Varamedlem: Inger-Johanne Lund, Oslo

Per Gunnar Olsen, Oslo, nestleiar

Varamedlem: Kjell Samuelsen, Borgenhaugen

Stein Blindheim, Molde

Varamedlem: Linda Orvedal, Flåm

Anne Breiby, Ålesund

Varamedlem: Ernst Wroldsen, Tønsberg

Tove Lehre, Lillehammer

Varamedlem: Roger Schjerva, Oslo

Per Arne Olsen, Tønsberg

Varamedlem: Terje Søviknes, Lysekloster

Anna Kristine Jahr Røine, Fetsund

Varamedlem: Ola Prestegarden, Tretten

Oddvar Skaiaa, Grimstad

Varamedlem: Liv Skåheim, Førde

Harald Ellefsen, Trondheim

Varamedlem: Anne Berit Andersen, Søgne

Styremedlemmene og varamedlemmene blir oppnemnde av Kongen for fire år. Medlemmene Bjørg Ven, Per Gunnar Olsen, Stein Blindheim, Oddvar Skaiaa og Harald Ellefsen med varamedlemmer var oppnemnde for perioden fram til 15. mai 2002. Dei andre medlemmene og varamedlemmene er oppnemnde for perioden fram til 30. juni 2004. Ved Resolusjon frå Kronprinsregenten 7. mai 2002 blei følgjande personar som vist i boks 10.2 oppnemnde for perioden 15. mai 2002 til 15. mai 2006.

Boks 10.2 Nyoppnemnde styre- og varamedlemmer for perioden 15. mai 2002 til 15. mai 2006.

Rolf Sæther, Oslo (ny, leiar)

Varamedlem: Trine-Lise Wilhelmsen, Oslo (ny)

Harald Ellefsen, Trondheim

Varamedlem: Monica Mæland, Bergen

Vibecke Groth, Oslo (ny)

Varamedlem: Karine Nyborg, Bærum (ny)

Linda Orvedal, Aurland (ny som medlem)

Varamedlem: Petter Bjerksund, Bergen (ny)

Oddvar Skaiaa, Grimstad

Varamedlem Liv Skåheim, Førde.

Administrasjonen i Folketrygdfondet har blitt styrkt dei siste åra gjennom ein auke i talet på tilsette. Ved utgangen av 2001 hadde fondet 22 tilsette, som er det same som i 2000. Dei samla administrasjons- og forvaltningskostnadene til fondet, medrekna husleige, løn, styrehonorar o.a., utgjorde 30 millionar kroner i 2001. Dette var 4 millionar kroner, eller vel 15 prosent meir enn i 2000. Auken kom i hovudsak av auka avløning, satsing og vidareutvikling av risikostyringssystema og utviding og oppgradering av kontorlokala.

Finansdepartementet ser positivt på at Folketrygdfondet har styrkt mellom anna risikoovervakinga og systema for risikostyring og ein har forståing for at dette har medført ein auke i kostnadene. Folketrygdfondet er kome langt i dette arbeidet. Departementet legg til grunn at talet på tilsette ikkje skal stige vesentleg i tida framover.

10.3 Reglar for plasseringsverksemda

Styret for Folketrygdfondet har ansvaret for forvaltninga av midlane til fondet innanfor dei retningslinjene som Stortinget har fastsett og eventuelle nærare retningslinjer som er gitt av Kongen i medhald av § 9 i regelverket til fondet.

§ 5 i regelverket for Folketrygdfondet lyder som følgjer:

«Styret har ansvaret for at fondets midler anbringes med sikte på best mulig avkastning under hensyntaken til betryggende sikkerhet og den nødvendige likviditet. Styret skal påse at det er etablert et betryggende risikostyringssystem for fondets forvaltning.

Fondets midler kan plasseres i norske ihendehaverobligasjoner og sertifikater, som kontolån til statskassen og som innskudd i Postbanken og forretnings- og sparebanker. Innenfor en ramme på 20 pst. av forvaltningskapitalen kan fondets midler plasseres i aksjer noterte på norsk børs eller på børs i Danmark, Finland eller Sverige, og, etter godkjenning fra Finansdepartementet, aksjer i norske selskaper ellers hvor aksjene er gjenstand for regelmessig og organisert omsetning, børsnoterte grunnfondsbevis i norske sparebanker, kredittforeninger og gjensidige forsikringsselskaper, og børsnoterte konvertible obligasjoner og børsnoterte obligasjoner med kjøpsrett til aksjer i norske selskaper. Plassering på aksjer notert på børs i Danmark, Finland eller Sverige må samlet ikke overstige 5 pst. av Folketrygdfondets ramme for aksjeplasseringer. Fondet kan delta i emisjoner i ikke-børsnoterte aksjer i norske selskaper umiddelbart før børsintroduksjon, dersom det er klargjort på emisjonstidspunktet at de aktuelle aksjene vil bli børsnotert kort tid etter emisjonen.

Annet ledd er ikke til hinder for at Folketrygdfondet kan beholde aksjer i norsk selskap som i forbindelse med oppkjøp, fusjon el. endrer status til å bli utenlandsk selskap.

Fondet kan videre, innenfor den samlede rammen på 20 pst. av fondskapitalen, gå inn med egenkapitalinnskudd i form av ikke-børsnoterte papirer, i tilfelle hvor fondet står i fare for å lide betydelige tap på plasseringer i obligasjoner. Dette må i så fall være ledd i en koordinert aksjon, hvor en dominerende gruppe av kreditorene deltar, og hvor siktemålet for fondet alene er å trygge fondets egne interesser.

Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 15 pst. av total aksjekapital eller grunnfondsbeviskapital i ett enkelt selskap i Norge. Folketrygdfondet kan eie andeler for inntil 0,5 pst. av total aksjekapital i ett enkelt selskap i Danmark, Finland og Sverige. Styret kan ta opp kortsiktige lån dersom dette finnes hensiktsmessig.

Folketrygdfondet kan, etter nærmere retningslinjer fastsatt av Finansdepartementet, inngå salgs- og gjenkjøpsavtaler knyttet til egenkapitalinstrumenter og rentebærende instrumenter der erververen av instrumentene etter avtalen har plikt til å tilbakeføre disse til selger.»

Stortingsvedtak om at styret skal sjå til at det er etablert eit forsvarleg risikostyringssystem for forvaltninga av fondet, jf. første ledd i § 5, blei gjort i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2000. Styret i fondet fastset årleg risikorammer for den norske aksjeporteføljen, for renteporteføljen for fondet og for totalporteføljen for fondet. I samband med Nasjonalbudsjettet 2001 vedtok Stortinget å endre reglementet slik at fondet også kan investerast i aksjar noterte på børsane i Danmark, Sverige eller Finland svarande til 5 prosent av den samla aksjeramma. Styret i Folketrygdfondet har fastsett ein referanseindeks som utgangspunkt for referanseporteføljen for aksjeinvesteringane i Danmark, Finland og Sverige. Risikoramma for investeringar i dei andre nordiske landa er i samsvar med omtale i Nasjonalbudsjettet 2001 sett til 1,5 prosentpoeng forventa relativ volatilitet.

Etter vedtak i Stortinget 4. juni 2002 lyder § 9 i reglementet som følgjer:

«Kongen kan gi nærmere regler om fondsforvaltningen og treffe nærmere bestemmelser til utfylling og gjennomføring av reglene. Kongen kan i særlige tilfeller dispensere fra § 5.»

Heimelen i § 9 i reglementet til å gi nærare retningslinjer om forvaltninga blei delegert til Finansdepartementet ved kongeleg resolusjon 17. januar 1992 og 21. juni 2002. Nærare retningslinjer er av generell karakter, til dømes ved at ein fastset kvantitative rammer for verksemda. I 2002 blei heimelen til å gi dispensasjon nytta ved at Finansdepartementet gav Folketrygdfondet dispensasjon til å behalde eit ansvarleg lån pålydande ca. 390 millionar kroner til Kværner ASA.

Finansdepartementet fastset, med heimel i § 9 i retningslinjene, kvart år ramma for kor mykje Folketrygdfondet kan auke investeringane i private og kommunale obligasjonar og sertifikat (utan statsgaranti), bankinnskot og aksjar. Folketrygdfondet kan foreslå ei ramme. I brev av 12. januar 2001 til departementet foreslår fondet ein auke av ramma for private og kommunale plasseringar på 2,5 milliardar kroner i 2001. Finansdepartementet fastsette i brev av 15. februar 2001 ei ramme for private og kommunale plasseringar på 2,0 milliardar kroner for 2001. Dette er 0,5 milliard kroner høgare enn for 2000. Annan plasseringsauke skal skje i statsgaranterte papir eller som kontolån til statskassa. Når Folketrygdfondet plasserer avkastninga si i statlege verdipapir, er fondet med på å dekkje dei låna som staten har bruk for. Folketrygdfondet kan jamvel utan nokon auke i behaldninga av private og kommunale papir auke nettoplasseringane sine i aksjemarknaden opp til grensa som Stortinget har vedteke på 20 prosent av forvaltningskapitalen. Dette kan gjerast ved å plassere om eksisterande bankinnskot og private og kommunale obligasjonar.

Folketrygdfondet kan plassere fritt i første- og andrehandsmarknaden for norske statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir innanfor ein samla portefølje på inntil 5 milliardar kroner. Reglane for plasseringane i statspapir blei fastsette i brev frå Finansdepartementet 15. desember 1992. Dei andre plasseringane i denne gruppa skal som hovudregel vere kontolån til staten med vilkår knytte til underliggjande statslån. Etter kvart som den eksisterande porteføljen av statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte papir forfell, må den delen som overstig 5 milliardar kroner, såleis replasserast som kontolån.

10.4 Balansen til Folketrygdfondet i 2001

Kapitalen til Folketrygdfondet utgjorde ved utgangen av 2001 133,7 milliardar kroner.

Statsobligasjonar, statssertifikat og statsgaranterte obligasjonar og sertifikat (medrekna kontolån til statskassa knytte til underliggjande statslån) er hovudplasseringsforma til Folketrygdfondet. Ved utgangen av 2001 var 83,4 milliardar kroner plasserte i denne kategorien papir (rekna til kostpris). Dette svara til 65,8 prosent av dei samla plasseringane til fondet. Tilsvarande tal ved utgangen av 2000 var 78,7 milliardar kroner, dvs. 65,5 prosent av dei samla plasseringane. Bankinnskota var på 54 millionar kroner ved det siste årsskiftet. Marknadsverdien av dei samla plasseringane i renteberande papir utgjorde 106 milliardar kroner pr. 31.desember 2001, og fondet hadde eit urealisert kurstap på desse papira på ca. 1 milliard kroner.

Fondet sine plasseringar i private og kommunale obligasjonar og sertifikat utgjorde om lag 23,5 milliardar kroner ved utgangen av 2001, mot 25,5 milliardar kroner ved utgangen av 2000 (kostpris). Dette svara til 18,6 og 21,3 prosent av dei samla plasseringane.

Folketrygdfondet har frå juni 1991 hatt høve til å plassere i eigenkapitalinstrument i form av børsnoterte aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar, jamfør St.prp. nr. 69 (1990-91) og Innst. S. nr. 228 (1990-91). Den øvre ramma for plasseringar i aksjar blei utvida frå 15 til 20 prosent av forvaltningskapitalen til fondet ved Stortinget sitt vedtak 28. oktober 1994. Øvre grense for eigenkapitalplasseringar var ved utgangen av 2001 på 26 milliardar kroner rekna på grunnlag av fondskapitalen rekna til kostpris medrekna opptente, ikkje utbetalte renter. Eigenkapitalplasseringane til fondet var på same tid på i alt 19,7 milliardar kroner (kostpris) fordelte på 50 selskap noterte på Oslo Børs og 27 selskap noterte på børs i Danmark, Finland og Sverige. Av dette utgjorde plasseringar i grunnfondsbevis 291 millionar kroner (kostpris). Eigenkapitalplasseringane svara til 15,6 prosent av dei samla plasseringane til fondet (rekna til kostpris). Plasseringane i eigenkapitalinstrument auka med 4,4 milliardar kroner (rekna til kostpris) frå utgangen av 2000 til utgangen av 2001.

Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet i form av aksjar, grunnfondsbevis og konvertible obligasjonar var ved utgangen av 2001 på 24 milliardar kroner. Fondet hadde såleis ein urealisert kursgevinst på slike verdipapir på 4,3 milliardar kroner. Folketrygdfondet sine samla netto urealiserte kursgevinstar og opptente, ikkje utbetalte renter utgjorde 6,6 milliardar kroner ved utgangen av 2001.

10.5 Resultatet til Folketrygdfondet i 2001

Resultatet til Folketrygdfondet (medrekna urealiserte gevinstar) var i 2001 på 5 323 millionar kroner. Dette svara til ein avkastningsrate på 4,1 prosent. Tilsvarande avkastning i 2000 var på 6,5 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskot) var i 2001 på 6,7 prosent, medan avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var på minus 9,6 prosent.

Aksjeavkastninga i Noreg var 6,0 prosentpoeng høgare enn avkastninga til referanseindeksen for aksjeinvesteringane. Meiravkastninga kom mellom anna av at fondet var overvekta i finanssektoren og konsumentvaresektoren, medan det var undervekta i IT-sektoren.

Samla renteinntekter i 2001 var 7 136 millionar kroner, medan motteke aksjeutbytte var på 419 millionar kroner. Fondet hadde gjennom året ein reduksjon i urealiserte verdipapirgevinstar på aksjar og obligasjonar på 1 170 millionar kroner. Endringa i urealiserte gevinstar var delt i minus 1 461 millionar kroner for aksjar medan dei resterande verdipapira hadde ein auke på 291 millionar kroner.

Folketrygdfondet hadde i perioden 1996-2001 (6 år) ei gjennomsnittleg årleg avkastning på eigenkapitalplasseringane på 8,8 prosent, som er 1,4 prosentpoeng høgare enn referanseporteføljen.

Aksjeporteføljen til Folketrygdfondet hadde ein relativ volatilitet i forhold til referanseporteføljen på 5,5 prosent i perioden 1996-2001 (6 år).

Til forsida