St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

3 Lærdom av finansskandalane i USA og oppfølging i Noreg

3.1 Innleiing

Det siste året har det blitt avdekt ei rekkje tilfelle der store føretak har manipulert rekneskapsinformasjon og på annan måte villeidd kapitalmarknaden om innteninga og den økonomiske stoda i føretaka. Dei største og mest omtala sakene kjem frå USA, der avsløringane i selskap som Enron, WorldCom, Tyco International og Global Crossing omgåande førte til store fall i kursen på aksjane i desse selskapa med ringverknader til kapitalmarknader over heile verda. Ei alvorleg følgje er at tilliten til den informasjonen som blir gitt om innteninga og den økonomiske stoda, har blitt vesentleg svekt. Det er rimeleg å tru at dette har hatt noko å seie for fallet i aksjemarknadene, også utanfor USA, i tida etter avsløringane. Tillit har mykje å seie for prisen på den kapitalen føretak hentar inn gjennom aksjemarknaden.

Det er ikkje konkrete indikasjonar på at rekneskapar til store norske selskap har vore manipulerte slik som i USA. I eit innspel i samband med denne meldinga, jf. brev 26. august 2002 til Finansdepartementet, legg Oslo Børs vekt på at finansskandalane i USA hovudsakleg har ramma føretak som driv ny type verksemd innanfor IT, telekommunikasjon, energi og finans, medan den norske kapitalmarknaden er dominert av føretak som driv tradisjonell industriverksemd og anna velkjend verksemd. Oslo Børs gir uttrykk for at slik manipulering av rekneskapar som vi har sett i USA, i mykje mindre omfang kan gjerast i tradisjonelle industriføretak. Departementet har merka seg denne vurderinga. Vi må likevel ikkje vere naive og tru at dei økonomiske motiva som låg bak finansskandalane i USA, ikkje kan gjere seg gjeldande hos oss. Oslo Børs framhevar òg det.

For å sikre god og påliteleg finansiell informasjon, særleg om dei børsnoterte føretaka, er det viktig at det finst kontrollmekanismar som fungerer godt. Det er òg viktig at føretaka er bundne av rekneskapsstandardar som er eigna til å gi eit korrekt bilete av innteninga og den økonomiske stoda i føretaka. Utviklinga går i retning av at aksjemarknaden og andre kapitalmarknader blir ei viktigare kjelde til finansiering av næringsverksemd. Det talar for at kontrollmekanismar, rekneskapsstandardar og andre relevante krav bør innrettast slik at dei sikrar store og små investorar relevant informasjon så dei kan vurdere investeringane sine.

3.2 Rekneskapsreglane

Gode rekneskapsreglar og standardar er naudsynte for at rekneskapane skal gi påliteleg og relevant finansiell informasjon. Det er behov for jamleg utvikling av slike standardar i takt med utviklinga av nye næringar og avanserte former for finansiering, særleg når det gjeld føretak som vender seg mot investorar gjennom kapitalmarknaden. Samstundes er det viktig for brukarane av slike rekneskapar at rekneskapsinformasjon kan samanliknast også over landegrensene. EU har vedteke at dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS skal vere pliktige for konsernrekneskapane til børsnoterte føretak frå 2005. Departementet meiner at ein kan nå slike mål i Noreg ved å gjennomføre EU-reglane om dette i EØS-avtalen 1

. Utviklinga av rekneskapsstandardane skjer då i første hand internasjonalt. Det er ønskjeleg at norske fagmiljø og andre interesser kan spele ei aktiv rolle i denne utviklinga.

Rekneskapsreglane i USA er detaljorienterte og i stor grad nedfelt i formelle reglar,og oppstiller faste kriterier for løysing av ein rekkje rekneskapsspørsmål. I Noreg er rekneskapsreglane meir prinsippbaserte og orienterte mot utøving av kvalifisert skjønn. Oslo Børs skriv om dette i sitt innspel til denne meldinga:

«Frem til nå har amerikanske regnskapsregler (USGAAP) i de fleste sammenhenger blitt fremhevet som meget gode. Den perioden vi nå er inne i, med kraftig fremvekst av nye bransjer og nye finansielle løsninger, fordrer at man har et regelverk som fanger opp «nyvinninger». Og det er kanskje her de amerikanske reglene likevel ikke har vært gode nok. USGAAP er ekstremt detaljorientert, og har regler for nesten enhver hendelse eller situasjon. Sammenlignet med norske regnskapsregler kan amerikansk regnskapsregulering i større grad sies å være forholdsvis stivbent og firkantet. Det som ikke er beskrevet som ulovlig, er ofte tillatt. I en periode hvor det skjer raske forandringer vil et slikt system fort kunne komme på etterskudd, og det oppstår situasjoner som det ikke finnes regnskapsmessige løsninger på. Ser man derimot hen til norsk regnskapslovgivning og god regnskapsskikk, er regnskapsreglene i større grad basert på et sett generelle prinsipper (inntektsføring, sammenstilling osv.), noe som gjør det enklere å finne løsninger på nye situasjoner som oppstår.»

Departementet deler Oslo Børs si vurdering av at dei norske rekneskapsreglane gjer det enklare å finne løysingar på nye situasjonar som oppstår. Etter departementet si oppfatning står også prinsippet om realitet over form sterkare etter dei norske rekneskapsreglane, og såleis blir det vanskelegare å skjule kostnader i rekneskapane slik det blei gjort i USA. På same vis som dei norske er dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS/IFRS prinsippbaserte standardar. I Enron-saka blei reelle kostnader for konsernet haldne utanfor konsolideringa ved at ein etablerte føretak i tilknyting til konsernet på ein slik måte at ein kom unna dei nokså formelle konsolideringskrava i USGAAP (såkalla «special purpose entities»). Under IAS/IFRS og norsk god rekneskapsskikk blir det stilt krav om konsolidering når det ligg føre reell kontroll over drifta og finansielle forhold, som ville gjere illojal tilpassing som i Enron-saka vanskelegare.

Verken i USA eller i Noreg og resten av Europa er det plikt til å kostnadsføre verdien av opsjonar og liknande rettar som føretaket nyttar som betaling til tilsette, tillitsvalde eller andre. Både etter reglane i USA og Noreg skal føretaka gi informasjon om opsjonar og liknande i notar til rekneskapen. Slike notekrav er til dels meir utvikla for børsnoterte føretak i USA enn det som gjeld etter reglane i rekneskapslova. Etter departementet sitt syn vil kostnadsføring av opsjonar vere med på å høgne informasjonsverdien av resultatrekneskapen. Departementet legg vekt på at dei norske reglane for dette følgjer det som blir gjort gjeldande internasjonalt, særleg gjennom utviklinga av internasjonale rekneskapsstandardar (IAS/IFRS). IASB, organisasjonen som fastset IAS/IFRS, arbeider for tida med ein standard om aksjebasert betaling, og har vedteke at opsjonar o.a. skal rekneskapsførast til verkeleg verdi og kostnadsførast i resultatrekneskapen.

Regjeringa sette i juni 2002 ned eit utval som skal evaluere rekneskapslova. Under evalueringa skal utvalet vurdere erfaringane med rekneskapslova og den internasjonale utviklinga på rekneskapsområdet sidan lova tok til å gjelde 1. januar 1999. Utvalet skal mellom anna vurdere behovet for endringar i rekneskapslova som følgje av utviklinga i EØS-rammeverket. Her blir det sentralt korleis rekneskapsreglane for andre enn børsnoterte føretak bør vere tilpassa dei internasjonale rekneskapsstandardane.

Finansministeren varsla i brev 16. august 2002 til Sosialistisk Venstreparti si stortingsgruppe (svar på spørsmål om tiltak for å gjenreise tiltrua til børsnoterte selskap) at Finansdepartementet tek sikte på å fremje lovforslag om gjennomføring av EU forordninga om bruk av internasjonale rekneskapsstandardar i løpet av hausten. Det har teke lengre tid enn venta å ta forordninga inn i EØS- avtala. Lovforslaget kan difor ikkje fremjast før årsskiftet.

3.3 Revisjon - sjølvstende og objektivitet

Årsrekneskapane er den viktigaste informasjonen føretaka gir til eigarar, finansmarknaden, kreditorar og offentlege styresmakter. Oppgåva til revisoren er å vurdere om årsrekneskapen er avlagd i samsvar med lover og forskrifter. Tilliten til revisors rolle er dermed av stor verdi for tiltrua til avlagde årsrekneskapar. Sjølvstende og objektivitet bør vere blant grunnpilarane til revisorinstituttet. I tillegg til at revisor faktisk er uavhengig og objektiv slik at han/ho er i stand til å fylle rolla si, er det viktig at revisor står fram som uavhengig og objektiv overfor brukarar av årsrekneskapen. Hovudomsynet bak habilitetsreglane er å sikre at revisor har ein høg grad av sjølvstende, objektivitet og integritet i forhold til revisjonsklienten. Dette er avgjerande for å oppnå den nødvendige tilliten hos brukarane av rekneskapsinformasjon. Reglane i revisorlova om sjølvstende og objektivitet er relativt sett strenge, samanlikna med mange andre land.

Krav til sjølvstende og objektivitet hos revisor er regulerte i revisorlova av 1999 kapittel 4. Brot på føresegnene kan føre til tilbakekalling av godkjenninga som revisor og er straffesanksjonerte. Krava er på enkelte område skjerpa samanlikna med tidlegare revisorlov av 1964, og dei inneber til dels omfattande avgrensingar av revisors disposisjonar.

Etter hovudregelen i revisorlova kan ein revisor ikkje ta på seg revisjon av årsrekneskapen til ein revisjonspliktig, dersom revisor sjølv eller nokre av hans/hennar nærståande er knytte til revisjonsklienten eller klienten sine tilsette/tillitsvalde, slik at sjølvstendet eller objektiviteten til revisor blir svekt. I tillegg er det gitt føresegner om objektive forhold på revisors eller hans/hennar nærståande si side, som etter lova alltid avgrensar høvet til å revidere årsrekneskapen til ein revisjonspliktig. Habilitetskrava som er omtala, gjeld også for revisjonsmedarbeidarar. Nærståande inneber særleg ektefelle, mindreårige barn, slektningar i rett oppstigande eller nedstigande linje, sysken ofl.

Konkrete forhold som stengjer for å revidere årsrekneskap for ein revisjonspliktig, er mellom anna tilsetjing hos den revisjonspliktige, deltaking i dei styrande organa til den revisjonspliktige, eigardel i eller økonomisk mellomvære med den revisjonspliktige eller deltaking i rekneskapsføringa til den revisjonspliktige. Revisor kan heller ikkje utføre rådgivingstenester eller andre tenester for den revisjonspliktige dersom dette kan påverke eller reise tvil om sjølvstendet eller objektiviteten til revisoren.

Også eit revisjonsselskap kan veljast som revisor. Revisjonsselskapet må då peike ut ein godkjend revisor som skal stå ansvarleg for kvart oppdrag. Habilitetsreglane omfattar i så fall også andre revisorar i selskapet eller personar som står desse nær. Der revisjonsselskapet har samarbeidsavtale med nokon som utfører rådgivingstenester eller andre tenester, gjeld habilitetsreglane for revisjonsselskapet også tilsvarande for slike samarbeidande føretak. Departementet har sendt på høyring eit forskriftsutkast med utfyllande reglar når det gjeld sjølvstende for dei samarbeidande selskapa til revisoren. I praksis presiserer forslaget at dei samarbeidande selskapa til revisoren, til dømes advokat- og konsulentfirma, ikkje kan utføre andre tenester for revisjonsklienten enn dei habilitetsreglane i revisorlova tillet at revisor sjølv kan utføre.

Det norske regelverket er i all hovudsak i samsvar med EU-kommisjonen si tilråding om sjølvstendet til revisorar, som blei fastsett den 16. mai 2002. Tilrådinga inneheld mellom anna ei lengre drøfting av revisors rådgivingstenester med omsyn til kva som er akseptabelt utan at objektiviteten til revisor blir påverka. Tilrådinga er såleis sentral som ledd i fortolkinga og praktiseringa av generelle føresegner i revisorlova i forhold til sjølvstendet og objektiviteten til revisoren. Departementet vurderer tilrådinga i høve til norske reglar.

Det er særleg revisors rådgivingstenester til revisjonsklientar som er omdiskutert når det gjeld omsynet til revisors sjølvstende. Revisor har med visse avgrensingar høve til å yte rådgivingstenester til revisjonsklientane sine. I samband med forarbeida til revisorlova blei det lagt vekt på at særleg mindre føretak har god nytte av revisor som rådgivar. Revisjonsselskapa har satsa målretta på å utvikle rådgivingsmiljø som yter ulike typar tenester til revisjonsklientar. Revisorane sine inntekter frå denne typen tenester har hatt ein kraftig auke. Dette reiser spørsmål om revisoren blir så involvert i verksemda til revisjonsklienten at han/ho blir påverka i si kritiske vurdering, og om den forretningsmessige bindinga blir sterkare enn omsynet til revisoransvaret. Eit anna moment er omsynet til det tilsynelatande sjølvstendet, det vil seie korleis tilleggstenestene til revisoren verkar for brukarane av rekneskapsinformasjonen.

Revisorlova § 4 - 5 set rammene for kva for rådgiving som ikkje er akseptabel, utan at det blir trekt absolutte grenser. Revisor må sjølv vise skjønn i forhold til kva for rådgivingsoppdrag han/ho vil ta på seg, og det må leggjast til grunn at revisoren utviser varsemd. Det følgjer av lovverket at det skal relativt lite til før terskelen for kva som er akseptabelt, blir overskriden. Både art og omfang av rådgivinga betyr noko her. Kredittilsynet kontrollerer revisorane sin praksis på dette området, og har sidan lova tok til å gjelde, kritisert revisorar som har trådd over rammene i lova. Det kan nemnast at Kredittilsynet har vurdert to større saker om revisors rådgiving i relasjon til revisorlova § 4 - 5, der Kredittilsynet i begge tilfelle fann det nødvendig å kritisere revisor. I det eine tilfellet fekk revisor pålegg om å gå av som revisor fordi det blei ytt omfattande internrevisjonstenester til revisjonsklienten, og i det andre tilfellet kritiserte Kredittilsynet revisor på grunn av omfattande rådgivingstenester på økonomiområdet.

Den norske Revisorforening (DnR) har i tilknyting til dette gitt ut reglar for god revisorskikk som er ei viktig referanseramme for revisorane, og som har som siktemål å sikre objektiviteten til revisoren. DnR har gjort reglane for god revisorskikk obligatoriske for alle medlemmene i foreininga. Om lag to tredelar av alle godkjende revisorar er medlemmer av Den norske Revisorforening. DnR vil gjennomføre dei etiske reglane frå den internasjonale revisororganisasjon IFAC frå 2003. Innhaldet i disse reglane er på linje med EU-kommisjonen si tilråding. I samband med gjennomføringa i Noreg blir det gjort ei tilpassing til reglane i revisorlova. Dei nye etiske reglane er omfattande og meir detaljerte enn det som hittil har vore gjeldande.

EU-kommisjonen har intensivert arbeidet med å harmonisere og regulere revisoryrket i Europa som eit ledd i utviklinga av ein felles europeisk kapitalmarknad, og har varsla at det i løpet av september vil bli fremma ein strategi for nærare regulering av og offentleg tilsyn med revisorar og revisjonsselskap. Departementet meiner det er naturleg at Noreg følgjer denne utviklinga nøye, og har eit regelverk tilpassa dei internasjonale forpliktingane.

Fleirtalet av dei vestlege landa har ikkje lovkrav om løyve for og offentleg tilsyn med revisorar. USA har til no hatt eit sjølvreguleringsregime for revisjonsbransjen ved at den amerikanske revisororganisasjonen (AICPA) har godkjent revisorar og ført tilsyn («peer review») med dei. Godkjende revisorar kunne deretter søkje om godkjenning til å drive revisjon i kvar enkelt stat. USA har med andre ord ikkje hatt noka offentleg tilsynsordning med revisorane, verken på føderalt eller statleg nivå.

Dette blir no endra. I juli 2002 blei ei føderal lov, den såkalla Sarbanes-Oxley-lova, vedteken. Lova innfører større personleg ansvar, meir kontroll og strengare straffereglar ved regelbrot for dei mest framståande aktørane som har ansvar i samband med økonomisk rapportering i børsnoterte selskap, for eksempel administrerande direktørar, styremedlemmer og revisorar. Lova etablerer eit nytt føderalt organ, Public Company Accounting Oversight Board (PCAOB), som skal vere under tilsyn av Securities and Exchange Commission (SEC). PCAOB skal registerføre revisorar, har tiltale- og disiplinærmyndigheit og skal setje standardar for eksempelvis revisjon, kvalitetskontroll, etikk og sjølvstende. Oppgåvene til PCAOB omfattar òg utanlandske revisorar som skriv revisjonsmelding for selskap noterte på amerikansk børs. Organet skal finansierast av dei børsnoterte selskapa. Lova inneheld fleire spesifikke pålegg til revisor (mellom anna plikt til å uttale seg om internkontrollsystemet til klienten og plikt til intern partnarrotering kvart femte år for oppdragsansvarleg revisor), og spesifiserer dessutan åtte typar rådgivingstenester som revisor ikkje kan utføre overfor revisjonsklientar, blant anna utforming og igangsetjing av IT-system og juridiske tenester.

I Noreg har det lenge vore lovfesta krav om autorisasjon av revisorar, og Kredittilsynet fører tilsyn med revisorar og revisjonsselskap. Det blir gjennomført om lag 100 stadlege inspeksjonar kvart år. Inspeksjonar blir bestemte ut frå risikovurderingar, innrapporteringar og andre signal. I tillegg blir det gjennomført jamlege dokumentbaserte tilsyn og anna oppfølging. På grunnlag av tilsynsverksemda blir det tilbakekalla om lag ti godkjenningar årleg. Noreg er, saman med resten av Norden, blant dei landa som har gått lengst i eit direkte offentleg tilsyn med revisorar. Kredittilsynet har prioritert, og vil framleis prioritere sjølvstendet til revisoren ved tilsyna sine.

Dei største revisjonsselskapa blir gitt spesiell merksemd gjennom såkalla temabaserte tilsyn. Årsaka til dette er primært at desse revisjonsselskapa har revisjonsansvaret for praktisk tala alle børsnoterte føretak og andre større føretak. Dette inneber at Kredittilsynet vel avgrensa tematiske område for kontroll, i motsetning til ein full gjennomgang av heile verksemda. Tema blir valde ut frå ei nærare risiko- og vesentlegheitsvurdering. Kredittilsynet er i gang med ei større undersøking av rådgivingstenester dei største revisjonsselskapa yter til revisjonsklientar. Formålet med undersøkinga er å vurdere om selskapa følgjer gjeldande føresegner og god revisorskikk når det gjeld rådgiving og andre tenester til revisjonsklientane sine. Undersøkinga omfattar også samarbeidande selskap, som advokat- og konsulentselskap, og det er venta at ho er fullført før årsskiftet.

Avhengig av resultatet av denne undersøkinga vil Kredittilsynet vurdere om gjeldande lovverk er tilstrekkeleg, og eventuelt foreslå innstrammingar i revisors rett til å utføre slike tenester. Det kan for eksempel vere aktuelt å vurdere behovet for meir konkrete reglar og innstrammingar i tilgjenget for revisor til å yte rådgivningstenester m.v. til børsnoterte revisjonsklientar.

Departementet legg vekt på at Kredittilsynet prioriterer tilsyn med revisors sjølvstende. Departementet syner til at Kredittilsynet er i gang med ei større undersøking av rådgivingstenestene dei største revisjonsselskapa gir til revisjonsklientane sine, og at Kredittilsynet ut frå resultata av undersøkinga vil vurdere behovet for lovendringar. Ut frå Kredittilsynet sitt arbeid og tilrådingar vil departementet vurdere om det bør gjennomførast tiltak.

3.4 Kontroll og handheving av rekneskapsreglar

I dag fører Oslo Børs ein viss kontroll med at rekneskapane til føretak som er notert på børsen, blir førte i samsvar med rekneskapslova, god rekneskapsskikk og retningslinjene børsen har. Børsen kan òg gi konkret rettleiing om rekneskapsføring. Denne kontrollen kjem i tillegg til revisjon av rekneskapane. Det kan vere behov for å etablere eit meir utvikla apparat i Noreg for å sjå til at børsnoterte føretak følgjer rekneskapsstandardane. Denne kontrollen kan organiserast gjennom eit offentleg organ eller på anna tenleg vis. Det kan òg vere behov for å vurdere sanksjonane ved uriktig, misvisande eller mangelfull rekneskapsinformasjon.

Forsvarleg og streng handheving av at børsnoterte føretak fører konsernrekneskapane sine i samsvar med IAS/IFRS, er eitt av punkta i EUs rekneskapsstrategi som blei utgitt i 2000. Etter strategiplanen omfattar effektiv handheving mellom anna at rekneskapar blir kontrollerte av tilsynsmyndigheiter og effektive sanksjonar. Utvalet for evaluering av rekneskapslova skal vurdere korleis desse føresetnadene i strategiplanen bør gjennomførast i Noreg.

3.5 Finansanalysar o.a.

EU behandlar for tida eit direktivforslag om marknadsmisbruk. Etter forslaget skal personar og føretak med ansvar for å leggje fram finansanalysar og liknande opplysningar for offentlegheita vise rimeleg omtanke for å sikre at opplysningane blir framsette korrekt, og for å opplyse om interesser eller interessekonfliktar i samband med dei finansielle instrumenta som analysen gjeld. Det er òg føreslått forbod mot kursmanipulering gjennom å spreie uriktig eller villeiande informasjon. EU-kommisjonen har òg varsla at han i samband med ein gjennomgang av investeringstenestedirektivet (ISD) vil vurdere om det er behov for ytterlegare krav til finansanalytikarar.

På same vis som for revisorane meiner departementet at det er naturleg at Noreg følgjer denne utviklinga, og har eit regelverk tilpassa dei internasjonale forpliktingane.

3.6 Kontrollmekanismar knytte til føretaket sjølv

Det er viktig at dei bedriftsinterne rammene for styre og leiing av selskap legg til rette for god forvaltning og organisering av verksemda, og for at informasjonen til investorar og andre er korrekt og tilstrekkeleg. Rammene bør innehalde klare ansvarsforhold og mekanismar for å unngå interessekonfliktar mellom leiinga og eigarane eller at interessekonfliktar blir misbrukte.

Utgangspunktet for dette ser på viktige punkt ut til å vere betre i Noreg enn i USA. Løns- og kompensasjonsvilkår knytte til utviklinga på aksjekursane synest meir utbreidde og har eit mykje større omfang i føretak i USA enn i norske føretak. I USA er det vidare tradisjon for at styret blir sett saman av personar frå føretaket sjølv. I USA, men også i Noreg, er ein stor og aukande del av aksjeeigarane institusjonar som pensjonsfond, livsforsikringsselskap og forvaltningsselskap. Oslo Børs skriv om dette:

«Ovenstående tendenser styrkes også av at flere og flere store selskaper er uten dominerende eiere. Institusjoner i ulike former opptrer mer og mer som eiere. I USA er det dessuten tradisjon at styret i stor grad besettes av personer fra selskapet. Dette gjør amerikanske selskaper svært ofte administrasjonsstyrte som ytterligere gir administrasjonen muligheter til å påvirke aksjonærer, kontrollorganer og markedet.

Det er ingen grunn til å tro at lignende eksempler [finansskandalane i USA] ikke vil kunne oppstå i Norge, men mange av de drivkreftene man ser i USA er fraværende i Norge. Vi har et moderat lønns- og kompensasjonssystem. Ledelsens eierinteresser i selskapet er svært begrenset og ofte ikke mer enn at det finansieres av oppsparte midler. Regelutøvelse i Norge er i tillegg mye mer basert på generelle prinsipper og sunn fornuft. I tillegg sitter det stort sett utelukkende eksterne personer i selskapenes styrer.»

EU-kommisjonen arbeider med prinsipp for styre og leiing («corporate governance») i samband med ein større gjennomgang av selskapslovgivinga. Justisdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Finansdepartementet vil følgje dette arbeidet.

Alle børsnoterte selskap i USA skal etter ei føderal lov frå juli 2002 (sjå nærare i pkt. 3.3) påleggjast å ha revisjonskomitear der styremedlemmer, leiing og revisor går grundig gjennom alle vesentlege rekneskapsspørsmål. Dette er eitt av tiltaka i lova som har til siktemål å betre styrings- og kontrollsystema («corporate governance») i dei børsnoterte selskapa. Eit slikt tiltak kan vere aktuelt også hos oss. Dette vil bli vurdert i lys av EU-kommisjonens arbeid med prinsipp for styre og leiing.

3.7 Sluttmerknader

Departementet meiner at finansskandalane i USA har ført til at det no er ei klar felles forståing av at det er naudsynt å ha rammer som i størst mogleg grad kan sikre god og etterretteleg rekneskapsinformasjon. Det trengst klare standardar, gode kontrollmekanismar og strenge reaksjonar i tilfelle der rekneskapar blir manipulerte. Regjeringa er fast bestemt på å medverke til dette, særleg gjennom å leggje best mogleg til rette for at uetisk praksis ikkje får utvikle seg slik vi har sett det i USA.

I dei nemnde EU-prosessane som går føre seg, skal Noreg, mellom anna gjennom deltaking i komitear under EU-kommisjonen og nordisk samarbeid, prøve å medverke til EU-reglar som kan fylle dei behov som har synt seg gjennom erfaringane frå finansskandalane i USA.

Fotnotar

1.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1606/2002 om bruk av internasjonale rekneskapsstandardar.

Til forsida