St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området har blitt utvida. Det kan nemnast at det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet, og har mellom anna eit hovudansvar for å fremme stabiliteten i det internasjonale monetære systemet. Kapittel 9 omtalar verksemda til IMF. I dette kapitlet om finansiell stabilitet blir det lagt vekt på forhold som er viktige for finansiell stabilitet innanlands.

Dersom det skjer ei forstyrring i det finansielle systemet som i monaleg grad svekkjer måten det fungerer på, blir det i mange tilfelle omtala som ei finansiell krise. Ser ein nærare på innanlandske forhold, kan ei slik krise utløysast av at fleire større institusjonar blir ramma av problem samtidig, slik at normal drift er umogleg. Sjølv om institusjonane er uavhengige av kvarandre kan dei bli ramma samtidig, for eksempel ved eit fall i bustadprisar eller auke i arbeidsløyse. Ei finansiell krise kan og oppstå fordi problem forplantar seg frå ein institusjon til ein annan. Enkelte institusjonar kan òg vere så viktige at problem i denne institusjonen åleine kan vere opphav til problem for systemet som heilskap. Finansiell stabilitet inneber at slike finansielle kriser er fråverande eller lite sannsynlege, og kan ikkje sikrast berre gjennom solide enkeltinstitusjonar, men krev at ein ser både finansinstitusjonar, det finansielle systemet og regelverket i samanheng. Ei finansiell krise kan likevel gå ut over eller ha sitt utspring i delar av det finansielle systemet, og før ein går nærare inn på finansiell stabilitet, kan det derfor vere formålstenleg å sjå nærare på det finansielle systemet og dei ulike delane av det.

Det finansielle systemet kan delast i tre hovudelement: finansinstitusjonar, finansmarknader og finansiell infrastruktur. Gjennom funksjonane sine medverkar finansmarknaden til transformasjon av sparing til lån uavhengig av storleik, likviditet og omfordeling av risiko. Eit eksempel på transformasjon av storleiken er at store føretak finansierer seg med mange små aksjar. Desse aksjane er likvide eigneluter sjølv om dei investeringane dei finansierer, er langsiktige. Risikoen i investeringsprosjektet er ulikt fordelt mellom eigen- og framandkapitalen i selskapet. Verdipapirmarknaden medverkar gjennom dette til å fordele risiko mellom ulike grupper. Finansiell infrastruktur er i hovudsak betalings- og oppgjerssystema. Betalingssystemet bidreg til å formidle betalingar mellom kjøparar og seljarar av varer og tenester. Finansinstitusjonar er i vid forstand institusjonar som er involverte i marknaden beståande av kapitaltilbydarar og kapitaletterspørjarar. Institusjonane spesialiserer seg i funksjonar som innskot, utlån, betalingsformidling, forsikring, valutaveksling eller andre tenester. Finansinstitusjonane spelar ei sentral rolle i gjennomføringa av dei nemnde funksjonane og er derfor viktige for korleis økonomien verkar. Blant finansinstitusjonane spelar bankane ei spesielt viktig rolle i det finansielle systemet, mellom anna fordi dei transformerer innskot til utlån og formidlar betalingar og sørgjer for at sjølve betalingssystemet fungerer. Slike aktivitetar eksponerer bankane for risiko. Også andre aktivitetar i finansmarknaden eksponerer finansinstitusjonane for ulike former for risiko.

Det er vanleg å dele risikoen i finansmarknaden inn i ulike kategoriar. Marknadsrisiko er i hovudsak risiko for tap på posisjonar i og utanfor balansen som følgje av endringar i verdien på renter (mellom anna obligasjonskursar), valutakursar og eigenkapitalverdiar (mellom anna aksjekursar). Oppgjersrisiko omfattar all risiko for tap og likviditetsproblem i samband med avreknings- eller oppgjersfunksjonane. Oppgjersrisiko omfattar mellom anna kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Desse risikoane blir omtala nærare seinare i kapitlet.

Første del av kapitlet skildrar enkelte sentrale delar av det norske regelverket som har innverknad på soliditeten i norske finansinstitusjonar og finansmarknaden. Det er i første rekkje kapitaldekningsregelverket som blir beskrive, men også andre delar av regelverket, som solvensmarginkravet, marknadsrisiko, banksikringslova og garantiordningar i forsikring, tapsforskrifta og regelverket om store engasjement blir omtala. Regelverket supplerer og set rammer for driftsavgjerder i kvar enkelt institusjon, men kan ikkje erstatte det ansvaret kvar institusjon har for eiga drift. Institusjonane må sjølv vurdere jamleg dei risikoane dei er eksponerte for, både enkeltvis og samla.

I den siste delen av kapitlet blir det gjort nærare greie for marknadsrisiko og utvikling i finansmarknadene, kredittrisiko i hushaldningar og føretak, og andre typar risiko som likviditetsrisiko og risiko i betalingssystema. Til slutt blir det gjort nærare greie for sårbarheita i finansiell sektor ved å sjå på sentrale storleikar for bank og forsikring. Talmaterialet og delar av bakgrunnsinformasjonen til dette er i stor grad henta frå rapportar frå Noregs Bank og Kredittilsynet, mellom anna rapportane frå Noregs Banks om finansiell stabilitet og rapportane frå Kredittilsynet om finansinstitusjonar.

2.2 Litt om soliditetskrav o.a. på finansmarknadsområdet

Å leggje til rette for velfungerande, effektive finansmarknader og eit stabilt finansielt system er eit overordna mål for styresmaktene i arbeidet med regulering av og tilsyn med finansinstitusjonar og finansmarknaden elles.

2.2.1 Kapitaldekningsregelverket

Alle norske finansinstitusjonar skal ha ein ansvarleg kapital som utgjer minst 8 prosent av den risikovegne balansen til institusjonane, jf. «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansieringsvirksomhet og finansinstitusjoner» (finansverksemdslova) § 2-9 og særlovene for bank og forsikring. Hovudformålet med kapitaldekningsregelverket er at finansinstitusjonane skal ha ei støytpute i form av ansvarleg kapital for å stå imot den risiko for tap som dei tek på seg ved verksemda si. I tillegg til å tene som ein buffer og vern for innskytarar og andre kreditorar og eit vern for kundar generelt, er kapitaldekningsregelverket ein del av eit tryggleiksnett som er etablert for å sikre stabiliteten i det finansielle systemet. Regelverket byggjer på det internasjonale rammeverket gjennom den avtala standarden frå Basel-komitéen og dei korresponderande EU-direktiva. Standarden frå Basel-komitéen blir no revidert, og komitéen planlegg implementering av nytt rammeverk frå 2006. EU arbeider parallelt med arbeidet i Basel-komitéen. Målet med den nye standarden er mellom anna at kravet til den ansvarlege kapitalen skal vere meir sensitivt for den reelle risikoen i bankane.

Med kapitaldekning meiner ein ansvarleg kapital i prosent av dei ulike eignelutspostane, etter at ein har vege desse etter den risikoen dei blir rekna for å representere, jf. nærare reglar om dette i «forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak». For handelsporteføljen er det gitt eigne reglar, jf. «forskrift 22. juni 2000 nr. 632 om minstekrav til kapitaldekning for markedsrisiko m.v. for kredittinstitusjoner og verdipapirforetak» (CAD-forskrifta), og rammeverket er i hovudsak det same som for resten av porteføljen. Kravet til ansvarleg kapital kan verke avgrensande på plasseringa av aktiva med høg risikovekt, ettersom slike plasseringar krev meir ansvarleg kapital enn ein eignelutspost med låg risikovekt. Nærare reglar om ansvarleg kapital er gitt i «forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak». Av forskrifta § 2 går det fram at ansvarleg kapital består av kjernekapital, tilleggskapital og dessutan generelle reserveavsetningar. I forskrifta §§ 6 til 8 er det gitt reglar om avgrensingar og frådrag, og målet med føresegnene er å hindre at den same ansvarlege kapitalen blir rekna med i fleire institusjonar slik at problem i ein finansinstitusjon spreier seg til andre finansinstitusjonar. Kravet til kapitaldekning skal òg oppfyllast på konsolidert basis, jf. finansverksemdslova § 2a-9 og «forskrift 25. mars 1991 nr. 214 om bruk av kapitaldekningsregler på konsolidert basis». Finansverksemdslova § 1-3 andre ledd gir heimel for unntak frå føresegna.

Mellom anna i forsikringsverksemdslova, forretningsbanklova og sparebanklova er det teke inn føresegner om dispensasjon. Der går det fram at Kongen delegert til Finansdepartementet i særlege tilfelle og for ein tidsavgrensa periode kan samtykkje i at ein institusjon kan ha ei lågare kapitaldekning enn fastsett 1

.

Føresegna om unntak frå kapitaldekningskrav og offentleg administrasjon utgjer eit tryggingssystem for bankar med låg kapitaldekning. I «lov 6. desember 1996 nr. 75 om sikringsordninger for banker og offentlig administrasjon m.v. av finansinstitusjoner» (banksikringslova) § 4-5 går det fram at Kongen kan gjere vedtak om at ein institusjon kan setjast under offentleg administrasjon dersom han er ute av stand til å oppfylle kapitaldekningskrava, med mindre det blir gitt samtykke til at institusjonen mellombels har lågare kapitaldekning enn fastsett.

2.2.2 Enkelte andre føresegner

2.2.2.1 Krav til solvensmargin og solvensmarginkapital i forsikring

Medan kapitaldekningskravet tek utgangspunkt i aktivasida til kvar enkelt institusjon, tek kravet til solvensmarginkapital utgangspunkt i passivasida, dvs. pliktene, til kvart enkelt forsikringsselskap. I forsikringsverksemdslova § 7-3 femte ledd går det fram at eit forsikringsselskap til kvar tid skal ha ein kapital som er tilstrekkeleg til å dekkje solvensmarginen for den samla verksemda til selskapet. I same føresegn går det òg fram at det er heimel til dispensasjon frå dette kravet. I forskrifter er det fastsett nærare reglar for livsforsikringsselskap og skadeforsikringsselskap om berekningsmåten for solvensmarginen, den kapitalen som kan dekkje kravet, og andre forhold om gjennomføringa av solvensmarginkravet.

2.2.2.2 Marknadsrisiko

Både for sparebankar og forretningsbankar gjeld det at den bokførte verdien av bankbehaldninga av aksjar og partar ikkje må gå over 4 prosent av forvaltningskapitalen til banken etter siste års rekneskap. Uavhengig av dette skal den bokførte verdien av ein banks faste eigedommar og av aksjar og partar i selskap som har til formål å eige eller utnytte fast eigedom, ikkje gå over 4 prosent av bankens forvaltningskapital etter siste års rekneskap. Til saman kan banken altså ikkje ha aksjar eller partar som går over 8 prosent av forvaltningskapitalen. Desse avgrensingane går fram av sparebanklova § 24 og forretningsbanklova § 24.

I forsikringsverksemdslova § 7-4 heiter det at eit forsikringsselskap skal sørgje for ei forsvarleg kapitalforvaltning. Nærare reglar er gitt i forskrifta som høyrer til, «forskrift 23. april 1997 nr. 377 om forsikringsselskapers kapitalforvaltning». I denne forskrifta § 7 er det gitt generelle plasseringsgrenser, og det går fram at aksjar og andre eigardelar ikkje kan utgjere meir enn 35 prosent av dei forsikringsmessige avsetningane til eit forsikringsselskap, jf. nærare omtale i St.meld. nr. 2 (1997-1998) Revidert nasjonalbudsjett kapittel 6.3.

2.2.2.3 Banksikringslova og garantiordningar i forsikring

Det eksisterer sikringsfond for høvesvis sparebankar og forretningsbankar. Sikringsfonda skal sikre midlane til innskytarane. Fonda kan også yte støtte til medlemmer for å føre vidare verksemda, eller eventuelt for å få overført verksemda til ein annan institusjon. På denne måten kan fonda medverke til å hindre at det oppstår situasjonar der tilliten til banken er så redusert at det oppstår panikk blant innskytarane. Det var slik panikk som oppstod i USA i 1929. Det er ei utbreidd oppfatning at slike ordningar er sentrale for finansiell stabilitet, og ikkje minst for stabiliteten i bankane.

Dei norske sikringsfonda blir regulerte gjennom banksikringslova. Ei eventuell underdekning av innbetalt kapital skal dekkjast opp med garantiar frå medlemsinstitusjonane. Forretningsbankenes sikringsfond hadde ved utgangen av første halvår 2002 ein eigenkapital i overkant av 3 milliardar kroner. Eigenkapitalen tilsvara ca. 39 prosent av kravet til ansvarleg kapital. Eigenkapitalen i Sparebankenes sikringsfond utgjorde ved utgangen av første halvår 2002 i underkant av 6 milliardar kroner. Dette tilsvara ca. 87 prosent av kravet til ansvarleg kapital.

Det finst i dag garantiordningar for skade- og kredittforsikring, men ikkje for livsforsikring. Hovudformålet med garantiordningane er å hindre eller redusere tap for den sikra etter forsikringskontraktane, dersom økonomien hos ein eller fleire av medlemmene sviktar.

2.2.2.4 Store engasjement

I «forskrift 23. april 1997 nr. 376 om tilsyn og kontroll med kredittinstitusjoners og verdipapirforetaks store engasjementer» er det gitt reglar om den høgaste grensa for institusjonane når det gjeld samla engasjement. I forskrifta § 5 første ledd går det fram at ein institusjon ikkje kan ha høgare samla engasjement med ein enkelt kunde enn det som til kvar tid er forsvarleg, og samla engasjement kan ikkje gå over eit beløp tilsvarande 25 prosent av den ansvarlege kapitalen institusjonen har. Engasjementa blir risikovekta etter reglar i forskrifta.

2.2.2.5 Tapsforskrifta

Nærare reglar for vurdering av mellom anna tap på utlån og garantiar er gitt i «forskrift 14. desember 1991 nr. 4236 for forretningsbanker, sparebanker, finansieringsforetak og Den norske Industribank AS om vurdering av tap på utlån, garantier m.v.» (tapsforskrifta). I forskrifta § 3 går det fram at det skal gjennomførast ei bedriftsøkonomisk vurdering av engasjementa i samsvar med gjeldande reglar og god rekneskapsskikk, og gjerast nødvendige avsetningar til å dekkje tap på utlåns- og garantiporteføljen, jf. årsrekneskapsforskrifta § 8-1. Tapsforskrifta er for tida på høyring, og høyringsfrist er 3. oktober 2002.

2.3 Marknadsrisiko og utviklinga i aksje- og rentemarknader den siste tida

Marknadsrisiko er i hovudsak risiko for tap på posisjonar i og utanfor balansen som følgje av endringar i verdien på obligasjonar, valuta og eigenkapitaldelar. Liv- og skadeforsikringsselskapa kan vere eksponerte for monaleg marknadsrisiko ved at til dels store delar av forvaltningskapitalen blir investerte i norske og utanlandske aksjar og obligasjonar, samtidig som forsikringskrava deira er garanterte. Også bankane garanterer for innskota frå kundane. Bankane har ein mindre del av forvaltningskapitalen investert i aksjar og obligasjonar, og er dermed i avgrensa grad eksponert for marknadsrisiko.

Eigen- og framandkapitalbevis blir gjerne noterte hos nasjonale eller regionale børsar. Men investorane er i liten grad fastlåste til desse børsane, og kan, dersom marknadsforholda skulle tilseie det, raskt flytte kapital frå ein børs til ein annan. Forsikringsselskap nyttar i stor grad denne kapitalmobiliteten til å diversifisere aksjeporteføljane sine. Ved utgangen av juli 2002 utgjorde utanlandske aksjar 61 prosent av omløpsaksjane i livselskapa. Kapitalmobiliteten inneber òg at prisinga av eigen- og framandkapital på dei ulike børsane gjensidig påverkar kvarandre. Dei amerikanske børsane, som òg er dei største, synest i denne samanhengen å utøve størst innverknad. Den gjensidige påverknaden mellom marknadene kan òg forklare at aksjekursane på børsar med stor geografisk avstand svingar med stor grad av samvariasjon.

I år 2001 var det stor nedgang i aksjekursane første kvartal, følgd av oppgang frå april. Aksjemarknadene utvikla seg negativt utover sommaren, og den negative utviklinga blei forsterka av terrorhandlingane mot USA 11. september 2001. Marknadene tok seg noko opp igjen mot slutten av 2001. I løpet av 2001 fall verdsindeksen målt ved Morgan Stanley World Index (local currency) 15,2 prosent, og Oslo Børs hovudindeks fall 14,6 prosent. Frå 1. januar 2002 til 31. juli 2002 har hovudindeksen på Oslo Børs falle 18,3 prosent, og verdsindeksen fall 20,2 prosent. Dei fleste aksjemarknader viste ei positiv utvikling i løpet av første kvartal 2002, medan utviklinga var negativ i andre kvartal 2002, og i løpet av sommaren var det kraftige fall i mange av aksjemarknadene. Det er truleg fleire forhold som har ført til fallet i aksjemarknadene. Ein mogleg faktor kan vere usikkerheit knytt til rekneskapstal etter dei såkalla rekneskapsskandalane i USA. Dette er nærare omtala i kapittel 3.

Den amerikanske sentralbanken senka styringsrenta si i 2001 med 4,75 prosentpoeng, frå 6,5 prosent ved inngangen av 2001 til 1,75 prosent ved utgangen av året. Per 31. juli 2002 er styringsrenta framleis 1,75 prosent. Rentenedgangen i Europa var meir moderat enn i USA i 2001. Den europeiske sentralbanken senka si styringsrente med til saman 1,5 prosentpoeng i 2001 til 3,25 prosent ved utgangen av 2001. Per 31. juli 2002 er renta framleis 3,25 prosent. Noregs Bank reduserte si styringsrente med 0,5 prosentpoeng til 6,5 pst 13. desember 2001. Dette var den einaste endringa i 2001. Den 4. juli 2002 auka Noregs Bank styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 7,0 prosent, og per 31. juli 2002 er styringsrenta 7,0 prosent.

2.4 Oppgjersrisiko

Oppgjersrisiko omfattar all risiko for tap og likviditetsproblem i samband med avreknings- eller oppgjersfunksjonane og omfattar mellom anna kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko.

Kredittrisiko er risiko for tap på utlån som følgje av debitors manglande evne eller vilje til å møte pliktene sine. Kredittrisiko ved lån til hushaldningar og føretak blir beskrive nærare i avsnitt 2.4.1 nedanfor. Ved at bankane transformerer kortsiktige innskot eller andre innlån til langsiktige utlån utset også bankane seg for likviditetsrisiko. Likviditetsrisiko er risikoen for at ein finansinstitusjon ikkje klarer å oppfylle pliktene sine når dei forfell, utan at det oppstår vesentlege ekstraomkostningar i form av for eksempel prisfall på aktiva som må realiserast, og slik risiko blir omtala i avsnitt 2.4.2. Det at bankane kan låne i Noregs Bank, reduserer likviditetsrisikoen til bankane i vesentleg grad. Operasjonell risiko er risikoen for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar, menneske, system eller på grunn av eksterne hendingar. Operasjonell risiko blir ikkje omtala spesielt. Risiko i betalingssystema blir drøfta kort i avsnitt 2.4.3. Risikoen som oppstår i betalingssystema, er igjen samansett av fleire ulike former for risiko.

2.4.1 Kredittrisiko

2.4.1.1 Kredittrisiko ved lån til hushaldningane

Hushaldningane er mellom anna avhengige av utviklinga i disponible inntekter, rentebelastning og gjeldsbelastning for å kunne betale gjeld. Disponibel inntekt blir i stor grad påverka av arbeidsinntekta, som for dei fleste hushaldningar er den viktigaste inntektskjelda. Arbeidsinntekta er påverka av fleire forhold, og særleg er utviklinga i arbeidsløysa interessant. Sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser ingen vesentlege endringar i sysselsetjing og arbeidsløyse frå 1. til 2. kvartal 2002. Samanlikna med 2. kvartal 2001 har sysselsetjinga likevel auka med 14 000 og arbeidsløysa har auka med 10 000 personar. Justert for sesongvariasjonar utgjorde dei arbeidslause 3,8 prosent av arbeidsstyrken, mot 3,4 prosent eitt år tidlegare.

Inntektsveksten har frå 1999 og fram til i dag vore lågare enn gjeldsveksten i hushaldningane samla sett. Gjeldsveksten frå utgangen av 2000 til utgangen av 2001 var 10,6 prosent, medan veksten i privat disponibel inntekt var 4,1 prosent frå 2000 til 2001. Hushaldningane samla sett har framleis høg gjeldsvekst. Hushaldningane si bruttogjeld frå innenlandske kjelder hadde i juni 2002 auka med 11,1 prosent frå året før. Gjeldsbelastninga seier noko om nivået på gjeld i forhold til disponibel inntekt. Gjeldsbelastninga 2

for hushaldningane (gjeld i prosent av disponibel inntekt) var i mars 2002 136,3 prosent. Til samanlikning var gjeldsbelastninga i desember 2001 135,3 prosent. Rentebelastninga gir indikasjonar på om hushaldningane har evne til å betale gjelda med utgangspunkt i disponibel inntekt. Rentebelastninga 3

for hushaldningane var i mars 2002 7,07 prosent, medan tilsvarande tal for desember 2001 var 7,10 prosent. Det har dermed vore ein svak nedgang i rentebelastning i denne perioden, sjølv om gjeldsbelastninga aukar. Rentebelastninga utgjer ein forholdsvis liten del av disponibel inntekt for hushaldningane samla sett, og ser dermed ikkje ut til å utgjere nokon fare for hushaldningane si evne til å betale gjeld med det første.

Gjeldsutviklinga har likevel vore svært ulik i hushaldningsgrupper med ulikt inntektsgrunnlag, jf. SSBs inntekts- og formuesundersøking. Undersøkinga viser at gjeldsbelastninga i perioden frå 1999 til utgangen av 2001 har gått ned for hushaldningar i gruppa som omfattar dei ti prosentane med den høgaste hushaldningsinntekta, medan ho har vore aukande eller konstant for hushaldningane i dei lågare inntektsgruppene. Det er dermed ein langt større del av hushaldningane som har ei høg gjeldbelastning no enn det var på 1980-talet, trass i at nivået på den samla gjeldsbelastninga no er lågare. Dette kan bety at kredittrisikoen for delar av bankutlåna til hushaldningane er høgare enn det ein går ut frå på bakgrunn av gjennomsnittstal for heile hushaldningssektoren.

Ein stor del av bankutlåna til hushaldningane er gitt med pant i bustad. Utviklinga i bustadprisane har såleis innverknad på kredittrisikoen ved lån til hushaldningane. Det kjøparen skyt inn av eigne midlar når han kjøper bustad, aukar differansen mellom verdien av bustaden og storleiken på lånet. For bankens del er slike eigenkapitalinnskot med på å redusere risikoen ved lånet. «Boliglånsundersøkelsen 2002» 4

viser at det har vore ein auke i den delen av lån som er gitt med belåningsgrad over 100 prosent av bustadverdien. For ein større del av desse låna enn tidlegare blir det stilt tilleggssikkerheit utover bustaden. Tal frå Norsk Eiendomsmeglerforbund (NEF) viser at bustadprisane er om lag 9 prosent høgare i første halvår 2002 enn i første halvår 2001. Det kan sjå ut som prisane har flata ut etter andre halvår 2002, og dersom bustadprisane held seg sesongjustert uendra ut året, vil bustadprisveksten, basert på tala frå NEF, utgjere 7 prosent frå 2001 til 2002.

Utvikling i forhold som har innverknad mellom anna på kredittrisikoen i samband med lån til hushaldningane, blei òg omtala i St.meld. nr. 1 (2002-2003) Nasjonalbudsjettet 2003.

2.4.1.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak

Også for føretaka er utvikling i inntekt, rentebelastning og gjeldsbelastning av interesse for å prøve å få eit heilskapleg bilde av kredittrisikoen ved lån til føretaka.

Føretaka si evne til å betale gjeld er avhengig av inntektsutviklinga, men inntektene til føretaka varierer i større grad enn for hushaldningane. Måltal som tek utgangspunkt i inntekta til føretaka på eit gitt tidspunkt, kan derfor variere mykje. Opptak av gjeld blir i mange tilfelle nytta til investeringar, slik at ein kan seie at det er investeringsveksten som driv gjeldsveksten i føretakssektoren. Som følgje av låg investeringsvekst dei siste åra har gjeldsveksten i føretakssektoren samla sett gått ned. Netto kjøp av ikkje-finansiell kapital for ikkje-finansielle føretak blei redusert med 43 prosent frå 2000 til 2001, og tolvmånadersveksten i bruttogjelda frå innenlandske kjelder blei redusert frå 14,9 prosent i desember 2000 til 7,3 prosent i desember 2001. I juni 2002 auka bruttogjelda frå innenlandske kjelder for ikkje-finansielle føretak 8,9 prosent, altså noko meir enn i desember 2001. Det er store skilnader i vekstratane i gjeldsopptaket mellom ulike næringar. Gjeldsveksten har i dei siste åra minka i konkurranseutsett sektor, medan han har halde seg oppe i skjerma sektor. Økonomien i Noreg blir påverka av svakare utsikter til vekst internasjonalt mellom anna gjennom lågare etterspurnad etter eksportvarer, fallande aksjekursar, og auka uvisse om utviklinga framover. Styrka kronekurs har medverka til ei svak utvikling i eksporten av tradisjonelle varer første halvår i år, og produksjonen til og med august innan dei tradisjonelt utekonkurrerande industrinæringane har falle med over 2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Trass i at gjeldsveksten gjekk ned, auka gjeldsbelastninga 5

i fastlandsføretaka i 2001 som følgje av redusert inntening. Disponibel inntekt i dei ikkje-finansielle føretaka blei redusert med 52 prosent frå 2000 til 2001. Gjeldsbelastninga for føretakssektoren var i desember 2001 632 prosent, ein auke på 10,1 prosent frå utgangen av 2000. Med den høge gjeldsbelastninga er fastlandsføretaka avhengige av god inntening i tida framover for å kunne betale gjelda si. Ved utgangen av 2001 låg rentebelastninga 6

på 40 prosent, medan tilsvarande tal ved utgangen av 2000 var på 38,9 prosent. Rentebelastninga var dermed aukande gjennom 2001, på same måte som gjeldsbelastninga.

Norske ikkje-finansielle føretak har tradisjonelt sett ein høg del eigenkapitalfinansiering. Eigenkapitaldelen i føretaka har falle svakt, men eigenkapitalsituasjonen i føretaka er framleis god. Ein høg eigenkapitaldel reduserer isolert sett kredittrisikoen i samband med lån til føretaka, fordi det er eigarkapitalen som først går tapt ved ein konkurs. Forhold som er viktige for føretaka, blei òg omtala nærare i St.meld. nr. 1 (2002-2003) Nasjonalbudsjettet 2003.

2.4.2 Likviditetsrisiko

Ved ei vurdering av likviditetsrisiko er det formålstenleg å sjå nærare på dei finansieringsformene bankane nyttar seg av. Bankane finansierer i hovudsak utlåna sine ved hjelp av kundeinnskot, innlån, obligasjonar og pengemarknadsfinansiering. I tillegg til desse finansieringskjeldene er eigenkapital både i form av emisjonar og i form av tilbakehalde overskot ei kjelde til finansiering av utlån.

Dei ulike formene for finansiering har ulik tidshorisont, og likviditetsrisikoen blir redusert med større grad av langsiktig finansiering. Kundeinnskot er den viktigaste finansieringskjelda for bankane, og kan normalt reknast som ei stabil finansieringskjelde, sjølv om innskota er likvide midlar for kvar enkelt kunde. Når innskota synest å vere ei relativt stabil finansieringskjelde, heng det saman med at det sjeldan er slik at innskytarane i flokk tek ut eller set inn pengar. Innskotsdekninga (kundeinnskot i prosent av brutto utlån) steig i perioden frå 3. kvartal 2001 til utgangen av første kvartal 2002. Obligasjonsmarknaden er ei anna forholdsvis stabil finansieringskjelde for bankane. Prosentdelen av obligasjonsfinansiering har vore aukande i bankane sidan utgangen av 1999 fram til mars i år. Pengemarknadsfinansiering er ei kortsiktig kjelde til finansiering, og kan dermed vere noko meir ustabil. Pengemarknadsfinansieringa blei noko redusert frå 3. kvartal 2001 til utgangen av første kvartal 2002. Likviditetssituasjonen i bankane er blitt forbetra i denne perioden som følgje av at kundeinnskot og obligasjonsfinansiering har auka som del av finansieringa til bankane.

Kor stor del den stabile finansieringa utgjer av dei illikvide eignelutene til bankane, som for eksempel utlån og anleggsmiddel, kan vere ein indikator på likviditetsrisikoen til bankane. Målt etter denne indikatoren er risikoen i dei største bankane lågare enn i dei små og mellomstore bankane. Dette kan kome av at små og mellomstore bankar i noko mindre grad finansierer seg i obligasjonsmarknaden.

Ein monaleg del av finansieringa til bankane, særleg dei større bankane, kjem frå utlandet. Norske bankar nyttar seg i relativt stor grad av den internasjonale interbankmarknaden for å skaffe finansiering. Den kortsiktige utanlandsgjelda auka svakt første kvartal 2002. Dette aukar likviditetsrisikoen for norske bankar. Utlendingars tillit til norsk økonomi og norske finansinstitusjonar er heilt avgjerande for om norske bankar får tilgang på nye lån frå utlandet. Ved redusert tillit kan det oppstå vanskar med å rullere låna når dei forfell, noko som i første rekkje påverkar den kortsiktige opplåninga.

2.4.3 Risiko i betalingssystema

Risikoen i betalingssystemet består av fleire ulike former for risiko, mellom anna kredittrisiko og likviditetsrisiko og operasjonell risiko. Risikoen som oppstår i betalingssystemet står i ei særstilling med tanke på at transaksjonane blir genererte av kundar og involverer institusjonar som ikkje blir kredittvurderte direkte av andre institusjonar. Kvar enkelt deltakar i betalingssystemet har derfor avgrensa sjanse til sjølv å vurdere og avgrense eiga eksponering i systemet.

Transaksjonane som inngår i det sanntidige bruttooppgjeret, utgjer det meste av omsetninga i Noregs Banks Oppgjerssystem (NBO). I februar 2002 blei det innført kreditering av kundar etter oppgjer både i bruttooppgjeret og i NICS-SWIFT-avrekninga. Omlegginga av meldingsrutinane som inneber at bankane ikkje får melding om betaling før ho er gjord opp i oppgjersbanken, er med på å redusere kredittrisikoen i tilknyting til innanlandsk betalingsformidling. Det norske oppgjerssystemet skal vere innretta i samsvar med internasjonale tilrådingar for organiseringa av slike system.

Betalingssystema og utviklinga på dette området siste år er nærare behandla i kapittel 6 om verksemda i Noregs Bank.

2.5 Sårbarheit i finansiell sektor

2.5.1 Bank

Eigenkapitalen i bankane er relativt høg etter fleire år med gode resultat. Dei norske bankane ser ut til å kunne tole større tap, også i historisk perspektiv, før dei kjem ned på det lovbestemte minstekravet til kjernekapital. Samla kapitaldekning i forretningsbankane var 11,5 prosent ved utgangen av første halvår 2002, medan tilsvarande tal for sparebankane var 13,0 prosent. Kjernekapitaldekninga i forretningsbankane og sparebankane ved utgangen av første halvår 2002 var høvesvis 8,9 og 10,5 prosent. Appresieringa av den norske krona har effekt på kapitaldekninga via berekningsgrunnlaget og netto ansvarleg kapital.

Både forretningsbankane og sparebankane hadde ein nedgang i resultatet av ordinær drift etter skatt første halvår 2002 samanlikna med same periode året før. Årsaka til resultatnedgangen er hovudsakleg ein sterk reduksjon i kursgevinstar og andre driftsinntekter. Rentemarginane for bankane har blitt kraftig reduserte dei siste åra, og fall endå meir i første kvartal 2002. Ved utgangen av første kvartal 2002 var rentemarginen på 2,9 prosent for bankane samla, noko som er eit historisk lågt nivå. Låge rentemarginar kan indikere at konkurransen i utlånsmarknaden er sterk.

Tolvsmånadersveksten i brutto utlån til kundar for alle norske bankar var på 6,5 prosent ved utgangen av første halvår 2002. Utlånsveksten hadde gått ned både i sparebankane og i forretningsbankane ved utgangen av første halvår 2002 samanlikna med året før. Tolvmånaders utlånsvekst 7

var ved utgangen av første halvår 2002 5,9 prosent i forretningsbankane, medan tilsvarande tal var på 10,5 prosent i sparebankane i same periode. Misleghaldte lån hadde auka med 20,9 prosent ved utgangen av juni i forhold til året før, men misleghaldet låg framleis på eit moderat nivå i forhold til brutto utlån. Tapsavsetningane auka med 14,0 prosent i forretningsbankane frå utgangen av første halvår 2001 til utgangen av første halvår 2002, medan tilsvarande tal var 12,5 prosent for sparebankane. Det har vore sterkast vekst i dei spesifiserte tapsavsetningane, som auka med 21,4 prosent for alle bankane samla i denne perioden. Trass i vekst i tapsavsetningane siste år, ligg tapsavsetningane i banksektoren framleis på eit lågt nivå.

2.5.2 Forsikring

Forsikringsselskapa sine investeringar i aksjar og obligasjonar medfører at resultata blir påverka av utviklinga i aksjemarknadene og rentemarknadene.

Fallet i aksjemarknadene frå 2. halvår 2001 til utgangen av juli 2002 har ført til ei monaleg svekking av bufferkapitalen i livselskapa. Som følgje av reduksjonen i bufferkapitalen etter dei sterke falla i verdipapirmarknadene i september 2001 blei det sett i verk tiltak for å styrkje bufferkapitalen. Tiltaka bestod av forskriftsendringar som opna for inntektsføring av 80 prosent av midlane i sikkerheitsfondet (kravet til sikkerheitsfondet blei redusert frå 100 prosent til 20 prosent) og bruk av tilleggsavsetningar ved kvartalsrekneskap i kapitaldekningssamanheng. Kredittilsynet tillet dessutan at ei pålagd oppbygging av uførereserven med om lag 2,5 milliardar kunne oppfyllast over ein tidsperiode på tre år fram til utgangen av 2003, med ein tredel kvart år. Tiltaka hadde samla sett ein effekt på ca. 6 milliardar kroner.

Ved utgangen av første kvartal 2002 utgjorde den samla bufferkapitalen til livselskapa 18,0 milliardar kroner, som var om lag det same som ved årsskiftet. Fallet i aksjemarknadene i tida fram til utgangen av juli førte igjen til ei monaleg svekking av den samla bufferkapitalen til selskapa. Ved utgangen av juli var bufferkapitalen nede i 8,6 milliardar kroner, eller 2,1 prosent av forvaltningskapitalen. Kravet til oppbygging av uførereserven blei forskuva ytterlegare innanfor den fastsette perioden. Kredittilsynet sette som krav at halvparten av oppbygginga skulle vere fullført ved utgangen av 2002, medan reserven framleis skal vere fullfinansiert ved utgangen av 2003. Tiltaket hadde samla sett ein effekt på om lag 400 millionar kroner. Det sterke fallet i aksjemarknaden har også for skadeselskapa ført til at evna til å bere ytterlegare tap er redusert.

Låge finansinntekter som følgje av den svake utviklinga i verdipapirmarknadene i andre kvartal 2002 gav negative resultat både for skade- og livsforsikringsselskapa første halvår 2002. Livsforsikringsselskapa hadde samla sett eit negativt verdijustert resultat på 8,5 milliardar første halvår 2002. Det samla underskotet av ordinær verksemd for skadeforsikringsselskapa var på 1,7 milliardar i same periode. Resultata var ein god del svakare for begge grupper av forsikringsselskap enn året før.

Den negative utviklinga i aksjemarknadene (første halvår 2002) har ført til ein vesentleg reduksjon i aksjedelen i liv- og skadeforsikringsselskapa. Aksjedelen er redusert både som følgje av verdireduksjon og av nedsal. No er ein lågare del plassert i aksjar enn tidlegare, og det inneber at marknadsrisikoen er noko redusert. Behaldninga av omløpsaksjar som del av forvaltningskapitalen i livselskapa blei redusert frå 17,1 prosent av forvaltningskapitalen 31. mai 2002 til 12,0 prosent 31. juli 2002. Behaldninga av omløpsaksjar i skadeforsikringsselskapa var redusert til 7,7 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av første halvår 2002 frå 19 prosent eitt år tidlegare.

Drifta i skadeforsikringsselskapa målt ved «Combined Ratio», summen av erstatningar og forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning målt i prosent av premieinntekter for eiga rekning er blitt betra. Betringa kjem i hovudsak som følgje av auka premieinntekter. Det tekniske resultatet var 121 millionar kroner i første halvår 2001, mot 585 millionar kroner i første halvår 2002. Prisane har auka i reassuransemarknaden dei seinare åra. Ei slik utvikling kan svekkje resultata til norske skadeforsikringsselskap gjennom auka reassuransekostnader.

2.6 Avsluttande merknader

Livsforsikringsselskapa si evne til å ta ytterlegare tap er klart svekt etter ein sterk reduksjon av bufferkapitalen det siste året. I tråd med selskapa si evne til å tole nye tap har selskapa redusert marknadsrisikoen sin, hovudsakleg ved redusert eksponering i aksjemarknaden. I skadeforsikring er også eksponeringa mot aksjemarknadene redusert monaleg, og det tekniske resultatet har vist ei positiv utvikling.

Dei norske bankane ser ut til å kunne tole monalege tap, også i historisk perspektiv, før dei kjem ned på det lovbestemte minstekravet til kjernekapital. Kredittrisikoen i samband med lån til hushaldningane ser ut til å vere avgrensa som følgje av at rentebelastninga for hushaldningane samla sett utgjer ein relativt liten del av disponibel inntekt, og at ein stor del av låna er gitt med sikkerheit i bustad.

Den sterke gjeldsveksten til hushaldningssektoren kan derimot ikkje halde fram på lengre sikt. Fall i bustadprisane, auka arbeidsløyse, vesentleg renteauke eller ein kombinasjon av desse faktorane kan gi auka kredittrisiko i samband med lån til hushaldningssektoren. I føretakssektoren er innteninga noko redusert, medan eigenkapitaldelen til føretaka framleis er forholdsvis høg.

Fotnotar

1.

Finansdepartementet gav med utgangspunkt i dette heimelsgrunnlaget Sparebank 1 Fondsforsikring AS 30. juli 2002 mellombels dispensasjon frå minstekravet til ansvarleg kapital og kravet om minst 8 prosent kapitaldekning. Gjensidige NOR Spareforsikring AS fekk 1. august 2002 mellombels dispensasjon frå kravet om minst 8 prosent kapitaldekning, og fekk samtidig dispensasjon frå solvensmarginkrava. Sparebank 1 Gruppen AS fekk 18. september 2002 mellombels dispensasjon frå kravet om kapitaldekning på konsolidert basis. Sparebank 1 Livsforsikring AS fekk 18. september 2002 mellombels dispensasjon frå kapitaldekningskravet og kravet til solvensmargin.

2.

(Lånegjeld/Disponibel inntekt) * 100

3.

Rentebelastning = (Renteutgifter *(1- marginal skattesats))/(Disponibel inntekt + renteutgifter) * 100

4.

«Boliglånsundersøkelsen 2002», utført av Kredittilsynet, omfattar 33 bankar, som står for om lag 84 prosent av samla bankutlån med pant i bustad. Bankane har rapportert dei 100 første utbetalte låna etter 1. mars 2002. Ein tredel av dei innrapporterte lån galdt kjøp eller bygging av bustad, medan halvparten gjeld refinansiering.

5.

Gjeldsbelastning = Renteberande gjeld i ikkje-finansielle føretak i prosent av kontantoverskot ekskl. renteutgifter. Kontantoverskot = bruttoprodukt - lønnskostnader + formuesinntekter.

6.

Rentebelastning = renteutgifter i ikkje-finansielle føretak ekskl. olje og sjøfart i prosent av kontantoverskot.

7.

Vekst i brutto utlån til andre enn finansinstitusjonar.

Til forsida