St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

9 Verksemda i Statens Bankinvesteringsfond i 2001

9.1 Det rettslege grunnlaget for Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond («Bankinvesteringsfondet») blei oppretta ved eiga lov av 29. november 1991 med ein grunnkapital på 4 500 millionar kroner. Statens Bankinvesteringsfond har som formål å stille ansvarleg kapital til rådvelde for norske bankar med utgangspunkt i forretningsmessige vurderingar.

Etter at Bankinvesteringsfondet på vegner av Banksikringsfondet selde sine 104 millionar aksjar i DnB våren 2001, eig ikkje Banksikringsfondet lenger aksjar. Det var derfor naturleg at avtalen om aksjeforvaltning mellom Banksikringsfondet og Bankinvesteringsfondet opphøyrde. Oppseiinga av forvaltningsavtalen blei endeleg godkjend av Finansdepartementet 18. oktober 2001. Finansdepartementet føreslo 21. desember 2001 å oppheve lov om Statens Banksikringsfond og å leggje ned Banksikringsfondet.

I statsråd 21.12.2001 blei det vedteke at Nærings- og handelsdepartementet skulle ta over eigaransvaret for Bankinvesteringsfondet frå Finansdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet overtok i samband med dette også forvaltaransvaret for «lov av 29. november 1991 nr 79 om Statens Bankinvesteringsfond». Overføringa skjedde frå 1. januar 2002. Vedtektene for Bankinvesteringsfondet blei endra i tråd med dette 12. mars 2002.

9.2 Styre og administrasjon i Statens Bankinvesteringsfond

Statens Bankinvesteringsfond er eit eige rettssubjekt. Fondet har eit eige styre og ein administrerande direktør. Før styret gjer vedtak om bruk av midlar eller avhending av aktiva, skal saka leggjast fram skriftleg for Nærings- og handelsdepartementet. Nærings- og handelsdepartementet kan i særlege tilfelle instruere styret i enkeltsaker. Styret skal ha løyve til å uttale seg før Nærings- og handelsdepartementet gjer slike vedtak. Samansetjinga av styret er vist i boks 9.1.

Boks 9.1 Styret i Statens Bankinvesteringsfond 2001

Advokat Erik Keiserud, styreleiar

Professor Hermod Skånland, nestleiar

Siviløkonom Anita Roarsen, styremedlem

Ordførar Elisabeth Nilsen, styremedlem

Advokat Endre Skjørestad, styremedlem

Administrasjonen har i 2001 vore samansett av tre personar. Siviløkonom Jan W. Hopland er administrerande direktør for fondet. I tillegg bruker fondet faste eksterne rådgivarar og særskilde eksterne rådgivarar (både utanlandske og norske) for nærare definerte utgreiings- og rådgivingsoppgåver og ved eventuelle transaksjonar.

Årsmeldinga for arbeidet i Statens Bankinvesteringsfond i 2001 blei lagd fram av styret 7. mars 2001.

9.3 Rekneskap og balanse i 2001

Rekneskapen for 2001 viser eit årsresultat på 1 155,8 millionar kroner, mot 9 187,4 millionar kroner i 2000. Forskjellen mellom dei to årsresultata kjem hovudsakleg av gevinsten ved salet av 191 millionar aksjar i Kreditkassen til Merita-Nordbanken i desember 2000.

I samsvar med forvaltningsavtalen mellom Bankinvesteringsfondet og Banksikringsfondet datert 12. januar 1995 har Bankinvesteringsfondet inntektsført 0,3 millionar kroner i forretningsførarhonorar i 2001. Endeleg avrekning mellom fonda fann stad i oktober 2001 i samband med avviklinga av forvaltaroppdraget. Forvaltaroppdraget blei avvikla etter at Bankinvesteringsfondet selde heile porteføljen av aksjar som Banksikringsfondet hadde i DnB, våren 2001.

Sum renter av bankinnskot og kontolån er auka samanlikna med i 2000 som følgje av høgare gjennomsnittsbehaldning av likvide midlar.

Bankinvesteringsfondet har inntektsført totalt 828,4 millionar kroner i utbytte frå DnB Holding ASA, svarande til kr 2,25 per aksje.

Bankinvesteringsfondet har ikkje gitt tilsegn om deltaking i ny ansvarleg kapital i 2001. Bankinvesteringsfondet har heller ikkje avhenda eigne aksjar i 2001.

Andre driftskostnader inkludert løn er reduserte samanlikna med 2000. Det kjem hovudsakleg av eit noko lågare aktivitetsnivå i 2001 enn i 2000, då fondet gjennomførte eit større sal av eigne aksjar.

Marknadsverdien av Bankinvesteringsfondet sine aksjar i DnB utgjorde 14 799,9 millionar kroner per 31. desember 2001, noko som svarar til ein meirverdi på om lag 7 733,0 millionar kroner samanlikna med bokført verdi på same tidspunkt.

Årsoverskotet på 1 155 822 157 kroner er heilt og fullt sett av som utbytte til staten.

Resultatet for Banksikringsfondet sin portefølje utgjer 3 305,8 millionar kroner, mot 183 millionar kroner i 2000. Heile aksjeporteføljen til Banksikringsfondet, som består av 104 millionar aksjar i DnB Holding ASA, blei seld i 2001.

Verdipapirporteføljen som Bankinvesteringsfondet totalt forvalta, hadde i 2001 eit samla nettoresultat på 4 461,6 millionar kroner etter frådrag av kostnader, mot 9 370,4 millionar kroner året før.

9.4 Verdiutvikling for aksjeporteføljen som Statens Bankinvesteringsfond forvalta i 2001

Målt etter Oslo Børs' finansindeks fall norske finansaksjar med 12 prosent i 2001. Den negative kursutviklinga kan mellom anna tilskrivast ei svakare økonomisk utvikling og det generelle børsfallet.

Bankinvesteringsfondet har no berre eigardelar i DnB. Samla marknadsverdi av Bankinvesteringsfondet sine aksjar i DnB per 31. desember 2001 var 14 799,9 millionar kroner.

DnB-aksjen slutta i 2001 på kurs 40,20 kroner. Medrekna utbetalt utbytte på kr 2,25 gav DnB såleis ei avkastning for året på minus 10,8 prosent. Tilsvarande tal for året før var 49,7 prosent. Det blei i 2001 omsett aksjar i DnB på Oslo Børs til ein verdi av 22,1 milliardar kroner (kjelde: Oslo Børs), medrekna plasseringa av Banksikringfondet sine 104 millionar aksjar i mars på 4,3 milliardar kroner.

Ved inngangen til 2001 forvalta Bankinvesteringsfondet på vegner av Statens Banksikringsfond 104 000 000 aksjar i DnB. Våren 2001 selde Bankinvesteringsfondet dei 104 000 000 aksjane i DnB som det forvalta for Banksikringsfondet. Eigardelen som Bankinvesteringsfondet forvaltar eller eig i DnB, blei såleis redusert frå 60,6 prosent ved inngangen av året til 47,3 prosent av aksjane i DnB ved utgangen av året 2001, jf. tabell 9.1

Tabell 9.1 Eigardel og marknadsverdi i DnB ved utgangen av 2000 og 2001

31.12.0131.12.00
(Beløp i mill. kroner)EigardelMarknadsverdiEigardelMarknadsverdi
DnB47,3 %14 799,960,6 %22 474,7

9.5 Sal av aksjar i DnB

Stortinget vedtok i 1997 at den statlege aksjeeiga i DnB og Kreditkassen skulle reduserast til ein tredel. Det blei sagt at aksjesala burde gjennomførast i 1998, med mindre særlege forretningsmessige tilhøve eller marknadstilhøva skulle tilseie seinare sal.

Mandatet til Bankinvesteringsfondet om å redusere den statlege eiga i DnB ned mot ein tredel blei stadfesta av Stortinget og regjeringa både i samband med fusjonen mellom DnB og Postbanken og i samband med vurderingane som blei gjorde i tilknyting til salet av aksjar i Kreditkassen til MeritaNordbanken.

Etter at Bankinvesteringsfondet avtala sal av sine aksjar i Kreditkassen til MeritaNordbanken i oktober 2000, starta ein derfor arbeidet med å etablere eit nytt syndikat for sal av DnB-aksjar. Bankinvesteringsfondet heldt i desember 2000 møte med ei rekkje norske og internasjonale meklarhus som grunnlag for å etablere syndikatet.

Den 18. januar 2001 offentleggjorde Bankinvesteringsfondet at ein hadde utpeika Merrill Lynch International til å leie det globale syndikatet for nedsal av aksjar i DnB, medan DnB Markets var valt til å leie det offentlege salet til publikum i Noreg. Med i det institusjonelle syndikatet var, i tillegg til Merrill Lynch, ABN Amro Alfred Berg, Carnegie, DnB Markets, ABG Securities og Fondsfinans, medan Christiania Markets, Karl Johan Fonds og Terra Fonds utfylte DnB Markets i den offentlege transjen.

Førebuingane til transaksjonen starta straks etter at tilretteleggjarane var utpeika, mellom anna i form av «due diligence», utarbeiding av prospekt, presentasjonar for syndikatet, utarbeiding av analysar og utforming av marknadsføringskampanje. Før sjølve teikningsperioden heldt representantar for institusjonssyndikatet ei lang rekkje møte med investorar i Noreg, Europa og Nord-Amerika.

Den 12. mars 2001 kunngjorde Bankinvesteringsfondet at ein skulle selje inntil 104 millionar aksjar i DnB, tilsvarande 13 prosent av uteståande aksjar i banken, på vegner av Statens Banksikringsfond. Teikningsperioden var 19.-30. mars, og teikninga stansa samtidig i alle geografiske regionar. På desse to vekene gjennomførte to arbeidsgrupper, med representantar for bankleiinga, Bankinvesteringsfondet og syndikatet, møte med til saman 130 institusjonelle investorar i Noreg, Europa og USA. I tillegg heldt medlemmene av den offentlege transjen presentasjonsmøte ei rekkje stader i Noreg.

Aksjesalet blei gjennomført i ein relativt vanskeleg aksjemarknad. Dei fleste større børsane utvikla seg negativt i første kvartal 2001, mellom anna som følgje av uvisse konjunkturar, svake selskapsresultat og nedjusterte resultatforventningar, spesielt i teknologisektoren. Etterspurnaden etter DnB-aksjar i spreiingssalet til Bankinvesteringsfondet blei likevel solid. Transaksjonen blei teikna 2,5 gong, og etterspurnaden frå langsiktige investorar var god. Interessa var størst blant investorar i Storbritannia og USA, som kvar for seg teikna 40 prosent og 34 prosent av etterspurnaden, medan norske investorar teikna 16 prosent. Det offentlege aksjesalet til publikum bar preg av uvissa i kapitalmarknadene. Her etterspurde snautt 7000 interessentar 14 millionar aksjar.

Salskursen i transaksjonen blei sett til 41,50 kroner, som var ti øre høgare enn siste omsetningskurs siste teikningsdag 30. mars. Salsverdien blei dermed 4,3 milliardar kroner, som var det nest største spreiingssalet av aksjar i Noreg nokon gong, etter delprivatiseringa av Telenor ASA i 2000.

I tråd med retningslinjer som gjekk fram av prospektet og praksis i tidlegare transaksjonar Bankinvesteringsfondet hadde gjennomført, blei private investorar tilgodesedde ved tildelinga av aksjar. Såleis fekk alle teiknarar i den offentlege transjen full tildeling for bestillingar inntil 10 000 aksjar. I alt blei 9 prosent av salet tildelte den offentlege transjen, medan institusjonelle investorar fekk tildelt 91 prosent av dei 104 millionar aksjane som blei selde. Fordelinga blant private investorar, norske institusjonar og utanlandske institusjonar er vist i tabell 9.2.

Tabell 9.2 Tildeling av DnB-aksjar fordelt på private investorar og norske og utanlandske institusjonar

EtterspurnadTildeltProsentdel
Private investorar1499 %
Norske institusjonar391110 %
Utanlandske institusjonar2058481 %
Totalt258104100 %

Fordelt på land fekk investorar i Storbritannia og USA tildelt høvesvis 41 prosent og 31 prosent av aksjane, i tråd med den høge etterspurnaden frå desse landa. Samansetjinga av investorar fordelt på land er vist i tabell 9.3.

Tabell 9.3 DnB-aksjar fordelte på nasjonaliteten til utanlandsinvestorane

Tildeling per landProsentdel
Storbritannia41 %
USA31 %
Italia19 %
Sveits5 %
Andre4 %
Sum100 %

I første månaden etter salet viste DnB-aksjen (justert for vedteke utbytte) ei stabil utvikling, med høg dagleg omsetning i aksjen. Både den gode etterspurnaden i samband med salet, prissetjinga i overkant av siste omsetningskurs i teikningsperioden og reaksjonane i etterhand av transaksjonen tilseier at transaksjonen blei godt motteken, og at gjennomføringa av salet kan kallast vellukka. Etter nedsalet har Banksikringsfondet ikkje lenger aksjar i DnB.

Utanlandsdelen på Oslo Børs gjekk ned i 2001, frå 43,1 prosent per 1. januar til 28,0 prosent ved utgangen av året (kjelde: Oslo Børs). Som vist i tabell 9.4 har utlandet ein prosentdel av dei «frie» aksjane i DnB (dvs. aksjar som ikkje er forvalta av Bankinvesteringsfondet) som er om lag dobbelt så høg som gjennomsnittet for børsen.

Tabell 9.4 DnB-aksjar fordelte på SFB/SBIF, norske og utanlandske institusjonar

31.12.0131.12.00
SBF/SBIF47,3 %60,6 %
Noreg elles22,4 %14,2 %
Utlandet30,3 %25,2 %
Sum100,0 %100,0 %
Utlandet sin del av «fri flyt»57,5 %63,8 %

Bankinvesteringsfondet sat 31. desember 2001 med 47,3 prosent av aksjane i DnB. Stortingsvedtaket om å redusere den statlege eiga i DnB ned mot ein tredel står fast.

Utviklinga i dei internasjonale aksjemarknadene gjennom året 2001, og spesielt etter hendingane i New York 11.09.01, gjorde det naturleg å vurdere utviklinga både marknadsmessig og strategisk før ein eventuelt gjennomfører eit ytterlegare nedsal. Styret uttala i årsmeldinga for 2001 at det truleg vil vere naturleg å vurdere eit nedsal i DnB i første halvår 2003. Styret tek si avgjerd på forretningsmessig grunnlag, og det vil mellom anna bli lagt vekt på marknadsmessige og strategiske forhold.

9.6 Strukturelle endringar i DnB

9.6.1 DnB overtek Unit Linked forsikringsselskap

ACTA Bank ASA blei etablert som ein rein internettbank, retta mot privatmarknaden, og fekk konsesjon til drift den 26. januar 2001. Morselskapet til ACTA Bank ASA blei børsnotert i juli, men opplevde ei svak kursutvikling på linje med finansaksjar generelt. I desember selde selskapet sitt unit linked forsikringsselskap til DnB, i tråd med ei refokusering på distribusjonssida av verksemda.

9.6.2 DnB overtek Skandia Asset Management

Den 7. januar 2002 gjorde Skandia og DnB avtale om overdraging av Skandia Asset Management til DnB for totalt 3,2 milliardar svenske kroner. Avtalen omfatta overtaking av forvaltning av totalt 239 milliardar kroner. Forvaltninga omfatta mellom anna forvaltninga til Skandia Liv på 166 milliardar kroner og forvaltninga til Skandia Fondene på 24 milliardar kroner. Inkludert i overtakinga var over 200 tilsette og Carlson Asset Management med totalt kr 49 milliardar under forvaltning.

Avtalen blei godkjend av representantskapet i DnB 15. januar 2002, og det er venta at endeleg gjennomføring av transaksjonen skal skje innan sommaren 2002. Dette gjer DnB til fjerde største forvaltar i Norden.

Bankinvesteringsfondet har gitt sin positive tilslutnad til prosjektet. Avtalen syntest strategisk, marknadsmessig og økonomisk svært interessant og i tråd med intensjonane til Stortinget og banken sjølv om å utvikle DnB som det leiande finanskonsernet i Noreg.

9.6.3 Fusjons- og oppkjøpstilbod på Storebrand

9.6.3.1 Oppkjøpstilbod frå Sampo i 2001

Den 20. mai 2001 sende styreformannen i DnB eit brev til styreformannen i Storebrand der det blei sett fram forslag om ei samanslåing av DnB og Storebrand. Den 21. mai 2001 offentleggjorde DnB sine fusjonsønske ved å føreslå fusjonsforhandlingar, og det var indikert at aksjonærane i Storebrand skulle få 1,5 aksje i DnB for kvar aksje i Storebrand.

Seinare same dagen sette det finske finanskonsernet Sampo fram eit oppkjøpstilbod på Storebrand med eit vederlag som tilsvara kr 75 per aksje, med oppgjer primært i kontantar og delvis i aksjar i Sampo.

Styret i DnB Holding ASA gjorde det klart at det ikkje ville akseptere oppkjøpstilbodet frå Sampo, og auka sin eigarposisjon i Storebrand til 9,92 prosent av aksjane. Tilbodet frå Sampo til Storebrand-aksjonærane varte i første omgang fram til 10. juli 2001, men blei sidan utvida først til 10. august og så til 28. september 2001 . Per 10. juli hadde om lag 15 000 av dei rundt 37 000 aksjonærane i Storebrand akseptert tilbodet. Då akseptfristen gjekk ut 10. august 2001, hadde aksjonærar som representerte 54,6 prosent, akseptert tilbodet. Ei rekkje aksjonærar som representerte 31,7 prosent av aksjane, ønskte ikkje å binde seg gjennom ein aksept utan vilkår, men gav ulike erklæringar om at dei med diverse atterhald kunne tenkje seg å selje sine aksjar til Sampo.

Den 23. august 2001 tilrådde Kredittilsynet at Sampo ikkje skulle få konsesjon, idet ein viste til at Sampo med dei akseptane som låg føre, ikkje kunne ventast å nå ein eigardel på over 90 prosent. Kredittilsynet vurderte ikkje i detalj andre sider ved konsesjonssøknaden, men gjorde det klart at det ønskte å behandle saka på ny dersom Sampo skulle oppnå aksept frå meir enn 90 prosent av aksjonærane i Storebrand ASA. Kredittilsynet ville i tilfelle mellom anna sjå nærare på soliditeten i det samanslegne konsernet.

Då bodfristen frå Sampo gjekk ut etter forlengingar, valde Sampo den 1. oktober 2001 å trekkje bodet tilbake med grunngiving i manglande aksept frå aksjonærane, negativ økonomisk utvikling i Storebrand etter at bodet blei framsett, og situasjonen i kapitalmarknadene generelt etter attentatet mot World Trade Center i New York 11. september.

I byrjinga av 2002 føretok så Sampo ein transaksjon der det fusjonerte skadeselskapet sitt inn i If. Konsekvensen av denne transaksjonen er at Storebrands eigardel i If blir redusert frå 44 prosent til 22,47 prosent. Sampo får ein eigardel i If på 38,05 prosent. Selskapet har hovudkontor i Stockholm. Alle nødvendige løyve i samband med den gjennomførte fusjonen mellom Sampos skadeselskap og If er gitt.

9.6.3.2 Forslag til avtale om fusjon mellom DnB og Storebrand i 2002

Etter ei tids kontakt mellom dei to selskapa blei det i pressemelding 29. mai 2002 kunngjort at styra i DnB og Storbrand hadde inngått ein avtale med forslag om å fusjonere dei to finanskonserna. Det nye konsernet ville blitt det største finanskonsernet i Noreg og eitt av de største i Norden dersom avtalen hadde blitt vedteken.

Avtalen føresette at DnB og Storebrand fusjonerte på grunnlag av eit bytteforhold svarande til 1,33 aksjar i DnB per aksje i Storebrand. 20 prosent av vederlaget skulle gjerast opp i kontantar. Storebrand-aksjonærane ville eige i underkant av 26 prosent av det nye selskapet, medan Bankinvesteringsfondet ville få ein eigardel på 35,5 prosent. Det nye selskapet ville hatt ca. 60 000 aksjonærar.

Eigarane av om lag halvparten av aksjane i Storebrand hadde gitt uttrykk for at dei støtta fusjonen på grunnlag av det offentleggjorde bytteforholdet. Bankinvesteringsfondet gav i utgangspunktet positiv støtte til forslaget om ein fusjon mellom dei to finanskonserna. Kravet var at det ikkje kom for dagen noko som endra dei økonomiske og juridiske føresetnadene som det avtala bytteforholdet var basert på.

Bytteforholdet føresette eit tilfredsstillande utfall av ein grundig, gjensidig gjennomgang av respektive porteføljar og verksemder («due diligence») som skulle gjennomførast. Under «due diligence»-prosessen kom det etter DnB si vurdering fram økonomiske og juridiske forhold av eit omfang som gjorde at DnB fann det nødvendig å gjere vesentlege endringar i det bytteforholdet som førebels var avtala. Den 27. juni 2002 sa DnB derfor frå om at føresetnaden for ein fusjon basert på det opphavlege bytteforholdet ikkje lenger var oppfylt. Trass i nye og intense forhandlingar på styreplan i dei påfølgjande dagane lukkast det ikkje partane å bli samde om eit nytt bytteforhold. Ein måtte derfor konstatere at grunnlaget for fusjon mellom DnB og Storebrand ikkje lenger var til stades.

Til forsida