St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

5 Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet

5.1 Regelverksutvikling

Nedanfor følgjer ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2001, og dessutan ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2001, men enkelte stader har ein ført framstillinga fram utover årsskiftet. Kredittmeldinga 2000 inneheld òg ei framstilling som på enkelte punkt omfattar endringar i 2001. Enkelte av desse sakene blir kort omtala på ny her. Ein viser elles til Kredittmeldinga 2000 kapittel 3.

5.1.1 Bank- og finansieringsverksemd

Finansdepartementet fremma 22. mars 2002 forslag til endring av «lov 10. juni 1988 nr. 40 om finansinstitusjoner og finansieringsvirksomhet». Lovforslaget inneber at sparebankar får høve til å omdanne seg til aksje- eller allmennaksjeselskap. Lovforslaget er nærare omtala i kapittel 4.2.1. Forslaget blei sanksjonert 21. juni 2002 og sett i kraft same dag.

5.1.2 Forsikringsverksemd og pensjonsordningar

Finansdepartementet fremma 27. april 2001 forslag til «lov om endringer i innskuddspensjonsloven, lov om foretakspensjon og enkelte andre lover (parallelle ordninger mv.)». Forslaget inneheldt mellom anna reglar knytte til utforminga av årlege innskot i ei innskotspensjonsordning, høve til å ha parallelle pensjonsordningar og høve til å lukke ytingsbasert føretakspensjon ved overgang til innskotspensjonsordning. Reglar om parallelle ordningar i forskrift av 22. desember 2000 nr. 1413 til «lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold», og om parallelle ordningar og lukking i forskrift av 1. desember 2000 nr. 1212 til «lov om foretakspensjon», blei med dette erstatta av lovreglar. Sjå omtale i Ot.prp. nr. 78 (2000-2001) «Om lov om endringer i innskuddspensjonsloven, lov om foretakspensjon og enkelte andre lover (parallelle ordninger mv.)» og Kredittmeldinga 2000. I Innst. O. nr. 110 (2000-2001) slutta fleirtalet i Finanskomiteen seg til dei foreslåtte lovendringane. Lovforslaget blei sanksjonert 15. juni 2001 og sett i kraft 1. juli 2001.

Ved lovendring 15. juni 2001 nr. 41 er det gjort endringar i «lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet» § 7-2. Endringa gir forsikringsselskap høve til å plassere fri eigenkapital utover 15 prosent-grensa i selskap som driv forsikringsframand verksemd. Vidare blei det i § 13-1 fastsett at lova kan gjerast heilt eller delvis gjeldande for Noregs Bank si pensjonskasse. Samstundes blei det i «lov 7. desember 1956 nr. 1 om Kredittilsynet» § 1 fastsett at Kredittilsynet skal ha tilsyn med Noregs Banks pensjonskasse. Endringslova blei sett i kraft 1. januar 2002.

Finansdepartementet fastsette 20. juli 2001 forskrift om endring av «forskrift av 23. april 1997 om forsikringsselskapers kapitalforvaltning». Endringa blei sett i kraft 1. oktober 2001. Forskrifta gjeld tilsvarande for pensjonskasser. For pensjonskasser er òg «forskrift av 20. juni 1997 nr. 1057 om klargjøring av kontrollansvar, dokumentasjon og bekreftelse av den interne kontroll» gjord gjeldande så langt ho passar.

«Lov av 14. desember 2001 nr. 95 om beskyttelse av supplerende pensjonsrettigheter for arbeidstakere og selvstendig næringsdrivende som flytter innenfor EØS-området» blei sett i kraft 1. mars 2002. Formålet med lova er å sikre at norsk lovgiving er i samsvar med EØS-reglane som svarer til Rådsdirektiv 98/49/EF av 29. juni 1998 om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet. Ein viser til omtale i Ot.prp. nr. 106 (2000-2001) «Om lov om beskyttelse av supplerende pensjonsrettigheter for arbeidstakere og selvstendig næringsdrivende som flytter innenfor EØS-området» fremma 15. juni 2001, jf. også Ot.prp. nr. 5 (2001-2002) fremma 5. oktober 2001.

Finansdepartementet fremma i statsråd 21. desember 2001 Ot.prp. nr. 33 (2001-2002) «Om lov om endringer i lov om foretakspensjon, innskuddspensjonsloven og enkelte andre lover (kombinerte pensjonsordninger mv.)». Som ei oppfølging av merknader frå Stortinget, jf. Innst. O. nr. 110 (2000-2001) inneheldt proposisjonen mellom anna forslag til lovreglar som opnar for kombinerte pensjonsordningar. Sjå også omtale i Kredittmeldinga 2000. Ot.prp. nr. 33 (2001-2002) har mellom anna også ein omtale av korleis livsforsikringsselskapa kan forvalte innskotspensjon utan avkastningsgaranti i oppsparingsperioden. «Lov om endringer i lov om foretakspensjon, innskuddspensjonsloven og enkelte andre lover (kombinerte pensjonsordninger mv.)» blei sanksjonert 7. juni 2002. Lovreglane som opnar for kombinerte pensjonsordningar, er per 1. oktober 2002 ikkje sette i kraft.

Finansdepartementet fastsette 28. september 2001 endringar i «forskrift 29. november 1990 nr. 941 om sikkerhetsfond i forsikring». Endringa gjeld nedre grense for storleiken på tryggingsfond i livsforsikringsselskap. Den nedre grensa blei redusert frå 100 til 20 prosent av det gjeldande utrekningsgrunnlaget. 80 prosent av tryggingsfondet kunne såleis førast som ei eingongsinntekt i selskapa.

Finansdepartementet fastsette 28. september 2001 endringar i «forskrift 1. juni 1990 nr. 435 om beregning av ansvarlig kapital for finansinstitusjoner, oppgjørssentraler og verdipapirforetak». Endringa gjeld tilgang til å rekne med tilleggsavsetnader ved utrekning av ansvarleg kapital, og opnar for at ein kan rekne med eit beløp inntil rentegarantien for heile året. Det var tidlegare, etter endring i forskrift 14. mai 2001, berre tilgang til å rekne med ein proratarisk del av rentegarantien.

5.1.3 Verdipapirhandel

Finansdepartementet fremma 1. juni 2001 forslag til «lov om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond», jf. Ot. prp. nr. 98 (2000-2001). Forslaget tek sikte på å modernisere og oppdatere det rettslege rammeverket for verdipapirfond. Mellom anna blir det lagt vekt på at det bør vere like rammevilkår på område som kan samanliknast, både i høve til dei som tilbyr konkurrerande internasjonale verdipapirfondprodukt, og i høve til relaterte nasjonale marknader. Investeringsområdet for verdipapirfond blir til ein viss grad utvida, og det blir opna for særskilde fondsprodukt. I forlenginga av dette gjeld auka krav til informasjon til investorane. Endringslova (lov 15. juni 2001 nr. 48) blei sanksjonert 15. juni 2001, og delar av lova blei sett i kraft 1. august 2001.

I samband med endringane i «lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond» fastsette Finansdepartementet «forskrift 31. juli 2001 nr. 863 om delvis ikrafttredelse av og overgangsbestemmelser til lov av 15. juni 2001 nr. 48 om endringer i lov 12. juni 1981 nr. 52 om verdipapirfond m.v.». Det blei same dag gjort ei rekkje mindre tekniske endringar i forskrifter som er gitt med heimel i verdipapirfondlova, jf. endringar i forskrifter 17. august 1993 nr. 808, 28. juli 1994 nr. 750, 30. juni 1994 nr. 622 og 19. desember 1996 nr. 1319. Finansdepartementet fastsette i forskrift 26. september 2001 nr. 1106 reglar om «midlertidig markedsføring av utenlandsk verdipapirfond», dvs. såkalla non UCITS-fond. Ved forskrift 25. februar 2002 nr. 199 om endring i forskrift 31. juli 2001 nr. 863 blei visse av overgangsfråsegnene utvida til 1. august 2002.

Finansdepartementet fastsette 26. september 2001 «forskrift om midlertidig markedsføring av utenlandsk verdipapirfond som ikke omfattes av EØS-regler som svarer til rådsdirektiv 85/611/EØF».

Finansdepartementet fastsette 24. januar 2002 endringar i «forskrift 14. oktober 1996 nr. 983 om sikkerhetsstillelse for verdipapirforetak». Endringane blei gitt for å gjennomføre enkelte EØS-skyldnader etter direktiv 97/9/EF om investorkompensasjonsordningar (ICS-direktivet).

Finansdepartementet fremma 8. mars 2002 forslag til «lov om registrering av finansielle instrumenter» (verdipapirregisterlova), jf. Ot.prp. nr. 39 (2001-2002). Lovforslaget byggjer på NOU 2000: 10. Formålet med verdipapirregisterlova er å leggje til rette for sikker, ordna og effektiv registrering av finansielle instrument og rett til slike. Lovforslaget er utforma med omsyn til at den norske infrastrukturen i verdipapirmarknaden skal vere fornuftig organisert for å møte den teknologiske utviklinga og auka integrasjon av dei internasjonale kapitalmarknadene. Forslaget inneber at eineretten Verdipapirsentralen (VPS) har hatt, blir erstatta med ei konsesjonsordning. Det blei foreslått at verdipapirregister som hovudregel skal vere organiserte som allmennaksjeselskap. Verdipapirsentralen er i dag organisert som ein sjølveigande stiftelse. Lovforslaget vil medføre at Verdipapirsentralen må omdannast. Det er foreslått at omdanning skjer ved at eignelutene og forpliktingane Verdipapirsentralen har, blir overførte til eit nystifta allmennaksjeselskap. Aksjane blir lagde ut for ope sal. Den delen av vederlaget som oppstår ved salet som svarar til bokført eigenkapital i Verdipapirsentralen, skal overførast til eit finansmarknadsfond. Resten av vederlaget skal overførast til staten. Det blei òg foreslått endringar i andre lover. Mellom anna blei det foreslått å endre verdipapirhandellova slik at den nedre grensa for «flaggeplikt» ved kjøp av aksjar i eit børsnotert selskap blir senka til 5 prosent. Endringa vil medverke til å auke transparensen i marknaden og leggje til rette for at allmugen får informasjon om mellom anna oppkjøp. Fleirtalet i finanskomiteen slutta seg i hovudsak til forslaget, jf. Innst.O. nr. 47 (2001-2002). «Lov om registrering av finansielle instrumenter» blei sanksjonert 5. juli 2002. Lova tek til å gjelde frå den tid departementet bestemmer.

5.1.4 Rekneskap og revisjon

Finansdepartementet fastsette 21. juni 2001 endring av § 2 i «forskrift av 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer».

Finansdepartementet opphevde 8. august 2001 § 1-1 andre ledd i «forskrift av 25. juni 1999 nr. 712 om revisjon og revisorer».

Finansdepartementet fremma 21. desember 2001 forslag om endring i «lov 17. juli 1998 nr. 56 om årsregnskap m.v.», jf. Ot.prp. nr. 33 (2001-2002) kap. 7. Departementet foreslo ei ny føresegn som gir Kongen heimel til å fastsetje nærare føresegn i forskrift for å medverke til kontroll med at føresegna i EØS-avtalen art. 59 blir etterlevd. Med heimel i ei slik lovføresegn kan ein fastsetje ei forskrift som sikrar full gjennomføring av EØS-reglar som svarar til kommisjonsdirektiv 2000/52/EF (endringsdirektiv til det såkalla «Innsynsdirektivet»). Lovforslaget blei sanksjonert 7. juni 2002. Lova blei sett i kraft straks.

Finansdepartementet fastsette 15. januar 2002 «forskrift om endring av forskrift 16. desember 1998 nr. 1241 for årsregnskap m.m. for forsikringsselskaper». Endringa gjeld oppretting av klare feil og manglar i oppstillingsplanen for resultatrekneskapen for livsforsikring i «Årsregnskapsforskriften» for forsikringsselskap.

5.1.5 Anna

Ved kongeleg resolusjon av 5. oktober 2001 blei i alt 16 forskrifter etter penge- og kredittlova og to forskrifter etter sentralbanklova oppheva fordi dei ikkje lenger var aktuelle.

Ved lov 7. juni 2002 nr. 17 blei det vedteke endringar i «lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.v.» (kredittilsynslova). Endringane galdt § 9 i lova om utlikning av utgiftene til Kredittilsynet, og inneber mellom anna at utgiftene til Kredittilsynet for eitt år skal utliknast også på dei institusjonane som kjem under tilsyn i løpet av dette året.

Ein syner til Dok. 8:52 (2001-2002) frå stortingsrepresentant Siv Jensen om å gje Noregs Bank fullt sjølvstende, samt Innst. S. nr. 117 (2001-2002) frå finanskomiteen si handsaming av forslaget. I dokument 8-forslaget heiter det mellom anna:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet slik at loven gir banken et mål om prisstabilitet, banken får full frihet i bruk av pengepolitiske virkemidler, referansen til «de økonomisk-politiske retningslinjer fastlagt av statsmyndighetene» tas bort, banken pålegges en årlig eller halvårlig rapporteringsplikt til Stortinget, Regjeringen fratas retten til å treffe vedtak om bankens virksomhet, referanser til kronens internasjonale verdi, kursordning og kursleie tas bort og foreleggelsesplikten tas bort. Det tas inn i loven at medlemmer av hovedstyret må ha bred og god innsikt i samfunnsøkonomiske spørsmål og være uavhengige i forhold til partipolitiske og næringsøkonomiske særinteresser.»

I Innst. S. nr. 117 (2001-2002) går det fram at fleirtalet i komiteen, alle bortsett frå medlemmene frå Frp, ikkje samtykkjer i dei endringsforslaga som er framsette i Dok. 8:52 (2001-2002). Fleirtalet i komiteen, alle bortsett frå medlemmene frå Frp, SV og Kystpartiet, syner i innstillinga til at finansministeren «vil vurdere enkeltheter i det aktuelle regelverket nærmere, og at han tar sikte på å komme tilbake til Stortinget med en slik vurdering i løpet av 2002», jf. brev av 25. februar frå finansministeren til finanskomiteen som følgjer som vedlegg til innstillinga. Det same fleirtalet uttaler vidare at det konstaterer at det i Innst. S. nr. 229 (2000-2001) om retningsliner for den økonomiske politikken ikkje var fleirtal for å be Regjeringa ta initiativ til å gå gjennom loven om Noregs Bank, mellom anna for å vurdere om det er naudsynt med endring i sentralbanken si stilling.

Av Innst. S. nr. 117 (2001-2002) følgjer det at departementet her mellom anna vil vurdere nærare enkelte sider ved regelverket om Noregs Banks stilling, oppnemningspraksis av bankens hovudstyre, samt gi ei meir generell utgreiing av relevant regelverk og praksis i andre land det er naturleg å samanlikne seg med. Departementet ser det som ein fordel at forslag og vurderingar blir oversendt Stortinget samla i ein lovproposisjon om endringar i sentralbanklova m.v. Eit slikt samla lovforslag må sendast på høyring før endeleg handsaming i departementet. Lovproposisjonen vil difor ikkje kunne fremjast før årsskiftet. Departementet tar sikte på å leggje fram ei samla drøfting av forslag som blir tatt opp i Dok. 8:52 (2001-2002) og Innst. S. nr. 117 (2001-2002) til våren, slik at Stortinget kan handsame saka i vårsesjonen.

5.2 Oversikt over viktige forvaltningssaker

Det finske bank/forsikringskonsernet Sampo, ved morselskapet Sampo OYJ, søkte 11. juli 2001 om løyve til å kjøpe meir enn 50 prosent av aksjane i Storebrand ASA. Sampo OYJ såg ikkje ut til å få aksept frå aksjonærane som representerte 90 prosent av aksjekapitalen, og kunne derfor ikkje nytte føresegnene i aksjelova for å tvangsinnløyse dei resterande aksjonærane, og såleis kjøpe 100 prosent av aksjane i Storebrand. Av di søkjar ikkje hadde sannsynleggjort at Sampo i nær framtid kunne overta meir enn 90 prosent av aksjane, fann ikkje Kredittilsynet å kunne tilrå at det blei gitt mellombels dispensasjon til å eige mindre enn 90 prosent av aksjane i Storebrand ASA. Tilrådinga blei send til Finansdepartementet 24. august 2001. Sampo trekte seinare søknaden før han var ferdigbehandla av departementet.

I brev 16. juli 2002 gav Finansdepartementet løyve til omstrukturering av finanskonsernet Gjensidige NOR, mellom anna omdanning av Gjensidige NOR Spareforsikring og Gjensidige NOR sparebank til allmennaksjeselskap, jf. nærare omtale i kapittel 4.2.2.

Ved kongeleg resolusjon 18. mai 2001 blei det gjort vedtak om å gi Bankia Bank ASA løyve til å drive bankverksemd, jf. forretningsbanklova.

Finansdepartementet gav 6. juli 2001 løyve til avvikling av bankverksemda i Bergensbanken ASA. Finansdepartementet samtykte vidare til at monalege delar av verksemda i Bergensbanken ASA blei overførte til filialen av Svenska Handelsbanken AB (publ.) i Noreg. Det blei fastsett nærare vilkår for samtykket, medrekna vilkår om at filialen av Svenska Handelsbanken AB (publ.) i Noreg ikkje kunne nytte namnet «Bergensbanken» som sekundært kjenneteikn i marknadsføringa. Finansdepartementet gav også løyve til avvikling/tilbaketrekking av løyvet til Handelsbanken Norge Holding AS. I brev 27. juli klaga Svenska Handelsbanken på dette vilkåret, men trekte seinare klagen, jf. brev 1. november 2001.

Finansdepartementet gav 21. august 2001 Vivectra AS løyve til å drive finansieringsverksemd som består i å ta imot midlar frå andre for å plassere dei vidare i finansinstitusjonar i samband med teneste for småbetalingar. Med heimel i finansieringsverksemdslova § 1-3 andre ledd fekk Vivectra AS unntak frå fråsegna i lova, bortsett frå § 3-7 om tilbakekalling av løyvet og § 3-14 om teieplikt. Løyvet blei gitt for tre år på visse vilkår. Seinare har også E-Trade Technology i brev 11. oktober 2001, Contopronto AS i brev 8. november 2001, subClearing i brev 20. desember 2001 og NetCom GSM i brev 22. mars 2002 fått tilsvarande løyve med fritak. Finansdepartementet forlengde i brev 11. oktober 2001 fritaket på tre år som Telenor Mobil AS har hatt sidan 17. november 1998. Fritaket blei forlengt i to år til 17. november 2003, og utvida til å gjelde også andre varer og tenester enn brus, men då avgrensa til tilsvarande småkjøp.

Finansdepartementet gav 30. august 2001 Prosjekt Fondsforsikring løyve til å drive forsikringsverksemd i klasse III, jf. «forskrift 18. september 1995 nr. 797 om inndeling i forsikringsklasser som grunnlag for konsesjonstildeling» § 1. Det blei sett nærare vilkår for løyvet.

I brev 18. oktober 2001 avslo Finansdepartementet søknad om løyve frå Kredittforeininga Landkreditt om å opprette og eige forretningsbank gjennom det heilåtte dotterselskapet Centralkassen for Bøndernes Driftskreditt AS. Det blei mellom anna søkt om unntak frå hovudregelen i finansieringsverksemdslova § 2-2 første ledd om at ingen kan eige meir enn 10 prosent av aksjekapitalen i ein finansinstitusjon, jf. finansieringsverksemdslova § 2-2 andre ledd nr. 11. Departementet grunna avslaget med at det ikkje kunne sjåast som eit «særlig tilfelle» etter § 2-2 andre ledd nr. 11 i lova. Kredittforeininga Landkreditt påklaga vedtaket i brev 7. november 2001. I brev 7. desember 2001 omgjorde Finansdepartementet vedtaket og gav løyve til oppretting av Landkreditt Bank AS. Det blei gitt eit mellombels unntak frå finansieringsverksemdslova § 2-2 første ledd til og med 31. desember 2003. Finansdepartementet la mellom anna vekt på at reglane om eigarskap i norske finansinstitusjonar i nær framtid skal vurderast. I konsesjonsbrevet blei det sagt at Landkreditt måtte sende ny søknad innan 31. august 2003, basert på dei eigarreglar som gjeld på det tidspunktet. Samstundes blei ei rekkje andre nødvendige løyve/samtykke gitt.

Finansdepartementet gav 13. desember 2001 løyve til etablering av skadeforsikringsselskapet Landbruksforsikring AS.

Finansdepartementet gav 13. august 2001 samtykke til at InnovasjonsMarkedet ASA kan ha lågare kapitaldekning enn fastsett i «forskrift 22. oktober 1990 nr. 875 om minstekrav til kapitaldekning i finansinstitusjoner og verdipapirforetak» § 2. Det blei sett vilkår for samtykket.

Finansdepartementet omgjorde 7. desember 2001 det tidlegare vedtaket sitt, og gav Skiforeningen løyve til å nytte eit anna år enn kalenderåret som rekneskapsår, jf. rekneskapslova § 1-7.

Finansdepartementet gav 8. august 2001 Bluewater Insurance ASA løyve til å drive sjø- og transportforsikring. Det blei sett vilkår for løyva.

Finansdepartementet gav 15. august 2001 Carnegie Fondsforsikring ASA løyve til å drive livsforsikringsverksemd med investeringsval. Departementet gav samstundes Carnegie Asset Management Holding Norge AS konsesjon som morselskap i finanskonsern og løyve til å etablere dotterselskapet Carnegie Fondsforsikring ASA. Carnegie Asset Management Holding Norge AS fekk òg løyve til å eige Carnegie Fondsforvaltning AS og Carnegie Forvaltning ASA. Finansdepartementet godkjende organiseringa av konsernet. Det blei sett vilkår for løyva.

Finansdepartementet gav 5. mars 2002 International Maritime Exchange ASA (IMAREX) løyve til å drive autorisert marknadsplass, jf. børslova § 2-2 første ledd. Løyvet blei avgrensa til å gjelde verksemd som autorisert marknadsplass for varederivat med maritime fraktkontraktar som underliggjande. Det blei sett vilkår for løyva.

Finansdepartementet gav 22. mars 2002 DnB Holding ASA løyve til å tileigne seg alle aksjane i Skandia Financial Holdings Aktiebolag. DnB Holding ASA fekk samstundes løyve til å etablere eit heilått dotterselskap i Sverige. Det blei sett vilkår for løyva.

Finansdepartementet fatta 12. desember 2001 vedtak i fem klagesaker frå ulike kommunale revisjonar/distriktsrevisjonar (Borre Revisjonsdistrikt, Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og Romsdal, Nedre Telemark Kommunerevisjon, Tønsberg Revisjonsdistrikt og Østfold Kommunerevisjon) over Kredittilsynet sine avslag på søknader om godkjenning som revisor/revisjonsselskap etter «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer» (revisorlova). Vedtaka som Kredittilsynet hadde gjort, var grunngitt med at føretaka ikkje oppfyller krava i revisorlova § 3-5. Kredittilsynet la til grunn at det ikkje er heimel i revisorlova til å fråvike krava til organisering av revisjonsselskap. Finansdepartementet slutta seg til Kredittilsynet si vurdering og avslo klagane.

Finansdepartementet avslo 19. februar 2002 Arthur Andersen & Co sin klage over Kredittilsynet sitt vedtak om å påleggje Arthur Andersen & Co å trekkje seg som ansvarleg revisor i Sparebanken 1 SR-Bank. Departementet la til grunn at dei tenestene som Arthur Andersen & Co leverte til banken, var i strid med § 4-1 første ledd andre punktum og § 4-5 første og andre ledd i «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer».

Finansdepartementet gav 5. mars, med heimel i «lov 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m.» (børslova) § 2-2, Nord Pool ASA løyve til å drive børsverksemd for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande. Det blei sett vilkår for løyvet. Nord Pool ASA fekk vidare unntak frå eigaravgrensingsreglane i børslova § 4-1 slik at Statnett SF og Affärsverket Svenska Kraftnät kvar kan eige 50 prosent av aksjane i Nord Pool ASA. Unntaket blei avgrensa til ein periode på tre år frå løyvet blei gitt, og det blei sett som vilkår at det ikkje skjer vesentlege endringar i føresetnadene for unntaket.

Finansdepartementet gav 5. mars 2002, med heimel i «lov 19. juni 1997 nr. 79 om verdipapirhandel» § 6-1 første ledd, jf. § 1-7 første ledd, Nordic Electricity Clearing House ASA løyve til å drive oppgjersverksemd i samsvar med kapittel 6 i verdipapirhandellova. Løyvet var avgrensa til å gjelde oppgjersverksemd for varederivat med elektrisk kraft som underliggjande. Det blei sett vilkår for løyvet. Det blei vidare gitt unntak ifrå eigaravgrensingsreglane i § 6-1 sjuande ledd i verdipapirhandellova slik at Nord Pool ASA kan eige alle aksjane i Nordic Electricity Clearing House ASA. Dette unntaket blei avgrensa til ein periode på tre år frå løyvet blei gitt, og er avhengig av at det ikkje skjer vesentlege endringar i føresetnadene for unntaket. Mellom anna må ikkje den aktuelle eigarstrukturen endre seg.

Finansdepartementet gav 30. august 2001 NSB Forsikring AS løyve til å drive skadeforsikringsverksemd og gjenforsikring innanfor all skadeforsikring med unntak frå klasse 14 kredittforsikring og klasse 15 kausjonsforsikring. Løyvet blei avgrensa til å gjelde teikning av forsikring og gjenforsikring for selskap der NSB BA direkte eller indirekte har ein eigardel på minst 50 prosent eller kontrollerer ein tilsvarande del av stemmene på generalforsamlinga eller har rett til å peike ut eit fleirtal av styremedlemmene. Vidare gav Finansdepartementet løyve til at NSB BA kan eige 100 prosent av aksjane i NSB Forsikring AS.

Finansdepartementet avslo i vedtak 28. august 2001 klage frå StepStone på Skattedirektoratet sitt vedtak om å nekte løyve til å føre årsrekneskapen på engelsk.

Finansdepartementet sitt ansvar for Statens Bankinvesteringsfond blei frå 1. januar 2002 overført til Nærings- og handelsdepartementet. Dette føresette mellom anna at den myndigheita Finansdepartementet var tillagt ved kgl. res. etter «lov 29. november 1991 nr. 78 om Statens Bankinvesteringsfond», blei overført til Nærings- og handelsdepartementet. Vedtektene til Statens Bankinvesteringsfond måtte endrast i samband med at forvaltaransvaret blei overført.

Finansdepartementet avslo 19. april 2002 søknad frå Møller BilFinans AS om utvida løyve slik at selskapet også kan finansiere produkt som ikkje blir selde av Møllerkonsernet.

Departementet slutta seg til tilrådinga frå Kredittilsynet og Skattedirektoratet i brev av høvesvis 20. desember 2001 og 14. januar 2002 om at unntak frå konsernrekneskapsplikta som nemnt i rekneskapslova § 3-7 fjerde ledd normalt bør givast dersom morselskapet utarbeider konsernrekneskap etter dei internasjonale rekneskapsstandardane (IAS) eller dei amerikanske rekneskapsstandardane (US GAAP) under føresetnad av at krava i rekneskapslova § 3-7 elles blir følgde. På denne bakgrunnen gav departementet den 26. februar 2002, med heimel i rekneskapslova § 3-7 fjerde ledd, Olsten Norway AS og dotterselskapa til Olsten unntak frå plikta til å utarbeide konsernrekneskap.

Gjensidige NOR Sparebank klaga på vedtak som Kredittilsynet hadde gjort i samband med refinansiering av evigvarande ansvarleg lån. Kredittilsynet har i brev 20. juni 2001 foreslått nye retningslinjer for førtidig innfriing av ansvarlege lån, og tilrår som følgje av dette at vedtaket Kredittilsynet gjorde 6. april 2001 om at Gjensidige NOR Sparebank ikkje kan gjennomføre den refinansieringa banken har søkt om, blir omgjort. Departementet gjorde ikkje vedtak i saka. Departementet hadde ikkje merknader til at Kredittilsynet heretter vurderer førtidig nedbetaling av ansvarlege lån, og vedtak av 6. april 2001, etter dei retningslinjene Kredittilsynet har gjort greie for i sitt brev 20. juni 2001.

Finansdepartementet gjorde 12. desember 2001 vedtak i sju saker som galdt klage over Kredittilsynet sitt vedtak om å tilbakekalle løyve som registrert og statsautorisert revisor, høvesvis tre løyve som statsautorisert revisor og fire løyve som registrert revisor, med heimel i revisorlova § 9-1 tredje ledd nr. 2. Samstundes blei ei godkjenning som revisjonsselskap tilbaketrekt. Klagar over slike saker blei tidlegare behandla av Revisorrådet som var oppnemnt i medhald av § 13 i den no oppheva «lov 14. mars 1964 nr. 2 om revisjon og revisorer». Ved «lov 15. januar 1999 nr. 2 om revisjon og revisorer» gjekk ein bort ifrå ordninga med revisorråd. Klage over vedtak i Kredittilsynet om tilbakekalling av løyve som registrert eller statsautorisert revisor blir etter dette behandla av departementet etter «lov av 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker» (forvaltningslova) § 28.

Til forsida