St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Kredittilsynet i 2001

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettar seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda.

Etter § 1 i kredittilsynslova har Kredittilsynet tilsyn med finansinstitusjonar, under dette forretnings- og sparebankar, liv- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjonsfond, finansieringsføretak, forsikringsmeklarar, børsar og autoriserte marknadsplassar. Etter kredittilsynslova § 1 nr. 13, jf. verdipapirhandellova § 12-1, har Kredittilsynet ansvar for å føre tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og tilsyn med at reglane i verdipapirhandellova blir følgde. Det same gjeld kontrollen med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 2-7, kontrollen med inkassoverksemd etter «lov om inkassoverksemd» § 24, kontrollen med forvaltning av verdipapirfond etter «lov om verdipapirfond» § 8 - 2, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 15, tilsynet med revisorar og revisjonsselskap etter kredittilsynslova § 1 nr. 9, tilsynet med sjøtrygdelag, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 11 og tilsynet med føretak som driv låneformidling, jf. kredittilsynslova § 1 nr. 7. Kredittilsynet fører tilsyn med rekneskapsførarar etter rekneskapslova § 13. Kredittilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kreditt- og andre finansinstitusjonar frå andre statar, i dei høve slikt tilsyn ikkje blir ført av myndigheitene i heimlandet. Det blir dessutan ført tilsyn med filialar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Kredittilsynet skal etter lova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på ein formålstenleg og trygg måte i samsvar med lov og føresegner og med det formålet og dei vedtektene som ligg til grunn for kvar einskild institusjon. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Kredittilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjere dei undersøkingar om deira stilling og verksemd som Kredittilsynet finn naudsynt, jf. kredittilsynslova § 3.

Kredittilsynet blir leidd av eit styre på fem medlemmer, som er oppnemnde av Kongen for ein periode på fire år, jf. kredittilsynslova § 2 andre ledd. Perioden for det styret som sat i 2001, starta 30. januar 1998. Representantar for dei tilsette blir valde for ein periode på to år.

Styret i Kredittilsynet har i 2001 vore samansett som vist i boks 7.1.

Boks 7.1 Styret i Kredittilsynet i 2001

Professor dr.juris Erling Selvig, leiar

Professor Asbjørn Rødseth, nestleiar

Advokat Eli Aas, styremedlem

Divisjonsdirektør Kolbjørn Almlid, styremedlem

Advokat Hilde Myrberg, styremedlem

Direktør Lisbet Hjort, første varamedlem

Ekspedisjonssjef Morten Berg 1), andre varamedlem fram til 6. april 2001

Representantar for dei tilsette:

Spesialrådgivar Kjersti T. Trøbråten

Rådgivar Ellen Jakobsen

1) Morten Berg gjekk ut av styret frå og med november 2000 av di han gjekk over til ny stilling i Nærings- og handelsdepartementet. Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg blei 25. juli 2001 oppnemnd som ny andre varamedlem.

Noregs Bank har ein observatør i styret. Det har vore fagdirektør Henning Strand. Fagdirektør Trond Eklund var avløysar fram til 1. februar 2001. Frå same dato blei Thorvald Grung Moe ny avløysar.

Eit nytt styre blei oppnemnt for perioden frå 1. mars 2002. Styret var samansett som vist i boks 7.2.

Boks 7.2 Nytt styre i Kredittilsynet frå 1. mars 2002

Sjølvstendig næringsdrivande Finn Hvistendahl, leiar

Advokat Endre Skjørestad, nestleiar

Advokat Eli Aas, styremedlem

Professor Erling Steigum, styremedlem

Lagdommar Nina Mår Tapper, styremedlem

Tingrettsdommar Marianne Berg, første varamedlem

Avdelingsdirektør Lasse Ekeberg, andre varamedlem

Representantar for dei tilsette (frå 15. februar 2001)

Spesialrådgivar Kjersti T. Trøbråten 1)

Rådgivar Ellen Jakobsen

1) Spesialrådgivar Kjersti T. Trøbråten slutta 18. august 2002. Spesialrådgivar Johan Arnt Mettevold tek over som representant for dei tilsette.

Fagdirektør Henning Strand og avløysar Thorvald Grung Moe heldt fram som observatørar i styret.

Om administrasjon og personale heiter det i årsmeldinga (s 12):

«Ved utgangen av 2001 var det 165 fast tilsatte i Kredittilsynet, mot 157 ved utgangen av 2000. Av de fast tilsatte var 49 prosent kvinner.

Kredittilsynet har generelt sett tilfredsstillende tilgang på gode søkere, spesielt nyutdannede fra universiteter og høgskoler. Tilsynet legger i tillegg stor vekt på å knytte til seg medarbeidere med god kompetanse og bred erfaring fra bransjene, og hadde i 2001 god tilgang også på slike fagfolk. Ved utgangen av 2001 hadde Kredittilsynet 35 medarbeidere med god erfaring fra bransjene. Tilgangen på aktuarer og revisorer er noe mindre tilfredsstillende. Andelen tilsatte med høyere utdanning var 80 prosent.»

Dei samla utgiftene til Kredittilsynet var på 111,4 millionar kroner, ein auke på 5,6 prosent frå 2000. Utgiftene blir dekte ved innkrevjing frå dei tilsynspliktige.

Ein viser til Kredittilsynet si årsmelding for nærare omtale av administrative tilhøve o.a. i Kredittilsynet. Årsmeldinga inneheld òg Kredittilsynet sitt syn på tilhøva i finansmarknaden og verksemder under tilsyn. Årsmeldinga frå Kredittilsynet følgjer som utrykt vedlegg til meldinga.

Til forsida