St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . om endring avprotokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. . . . av . . . 1.

  2. Rådsavgjerd 2001/903/EF av 3. desember 2001 om Det europeiske året for funksjonshemma 2003 2 skal takast inn i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 5 nr. 8 i avtala skal nytt strekpunkt lyde:

«-32 001 D 0903: Rådsavgjerd 2001/903/EF av 3. desember 2001 om Det europeiske året for funksjonshemma 2003 (TEF L 335 av 19.13.2001, s. 15).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde [ . . .], på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2002.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Utferda i Brussel, . . .

For EØS-komiteen

Formann

[ . . .]

Sekretærar for EØS-komiteen

[ . . .]

Fotnotar

1.

TEF L ...

2.

TEF L 335 av 19.12.2001, s. 15.

3.

[Forfatningsrettslege krav oppgjevne./Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne.]