St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

2 Nærmare om Det europeiske året for funksjonshemma 2003

I inititativet frå Kommisjonen overfor Rådet om eit europeisk år for funksjonshemma 2003 vert det peikt på at lovgjeving i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg når det gjeld kamp mot diskriminering og når det gjeld å nå målet om full integrering. Det er avgjerande med langsiktig handling på grunnlag av brei oppslutning. Kvar einskild stat har her eit ansvar, men EU ønskjer å gje både impulsar og ei ramme som kan fremje medvitet om dei rettane funksjonshemma har som borgarar, og som kan føre til at barrierar vert fjerna, både sosialt og i dei fysiske omgjevnadene.

I følgje rådsavgjerda skal føremålet med Det europeiske året for funksjonshemma 2003 vere å:

  • Auke medvitet om dei rettane funksjonshemma har til vern mot diskriminering og til å ha same høve til å nytte seg av rettane sine.

  • Oppmuntre til refleksjon og drøfting om tiltak som er naudsynte for å fremje like høve for funksjonshemma i Europa.

  • Utveksle røynsler om gode tiltak og effektive strategiar.

  • Styrkje samarbeidet mellom interessepartnarar.

  • Betre kommunikasjonen om funksjonshemmingar og fremje eit positivt bilete av funksjonshemma.

  • Auke medvitet om at menneske med funksjonshemmingar er svært ulike, og om at det finst ulike typar funksjonshemmingar.

  • Auke medvitet om at funksjonshemma møter svært mange former for diskriminering.

  • Rette særleg merksemd mot barn og unge med funksjonshemmingar og den retten dei har til lik opplæring, for å oppmuntre til og styrkje ei full integrering av desse personane, og å fremje europeisk samarbeid mellom undervisningspersonell som har ansvar for barn og unge med funksjonshemmingar.

Rådsavgjerda omfattar følgjande tiltak innanfor ramma av Det europeiske året for funksjonshemma 2003:

EU vil gje inntil 50 % støtte til prosjekt, nasjonale konferansar, informasjonskampanjar i samarbeid med frivillige organisasjonar, i særleg grad organisasjonane til dei funksjonshemma, og med media. EU vil medverke med logo og informasjonsmateriell, invitere til europeiske konferansar og stimulere til rundspørjingar og studiar.

Kommisjonen har skipa eit rådgjevande utval der alle medlemsstatane er representerte. Her vil EFTA/EØS statane ta del med observatørstatus.

Programmet har som føresetnad at det vert skipa ein nasjonal komite for å sikre deltaking og koordinering på nasjonalt plan. Sosialdepartementet vil oppnemne denne komiteen i samråd med andre departement som det kjem ved.