St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

7 Konklusjon og tilråding

Det er eit mål at EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003 skal medverke til eit meir omfattande europeisk medvit og til utvikling av strategiar for å oppnå full likestilling og deltaking i samfunnet for funksjonshemma. Det er viktig at Noreg ikkje stiller seg utanfor dette samarbeidet.

Sosialdepartementet rår difor til at Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming av EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.