St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Sidan den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik finansiert over to år, må Stortinget gje samtykke til deltaking i avgjerda til EØS-komiteen, jf § 26 andre leddet i Grunnlova. Island og Liechtenstein har ikkje tilsvarande trong for slike interne prosedyrar i denne saka.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EFTA/EØS-statane å ta del i programmet så tidlig som råd, gjer Regjeringa framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda er teken i EØS-komiteen, som eit samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Då vil det ikkje vere naudsynt for Noreg å ta noko atterhald om konstitusjonelle prosedyrar ved vedtakinga. Det er ikkje venta at utkastet til avgjerd i EØS-komiteen vil verte endra. Dersom den endelege avgjerda skil seg vesentleg frå det utkastet som vert lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.