St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Programmet har eit samla budsjettoverslag på 12 millionar euro, fordelt på 4 millionar euro i førebuingsåret 2002 og 8 millionar euro i gjennomføringsåret 2003. Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere at Noreg pliktar seg til å støtte programmet økonomisk i 2002 og 2003.

Utgifter til norsk kontingent vil utgjere i alt om lag 2 millionar kroner, fordelt på 640 000 kroner i 2002 og om lag 1,3 millionar kroner i 2003. Desse utgiftene vil verte dekte over budsjettet til Sosialdepartementet, kap. 0675 post 70.

Deltakinga gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

Deltaking vil ikkje ha større administrative konsekvensar.