St.prp. nr. 47 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003

Til innhaldsliste

6 Vurdering

Noreg har tidlegare teke del i EU-samarbeidet for funksjonshemma gjennom HELIOS-programmet, og har sidan teke del med observatørstatus i Kommisjonen si rådgjevande embetsmannsgruppe for politikk for funksjonshemma (Disability Advisory Group). Den rådgjevande embetsmannsgruppa vil i 2002 og 2003 i hovudsak konsentrere seg om programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003. Norsk deltaking i dette programmet vil vere viktig for at Noreg framleis kan ta del i samarbeidet i EU og EFTA/EØS på dette feltet.

Målsetjinga for EU-programmet for Det europeiske året for funksjonshemma 2003 er i hovudsak samanfallande med norske mål på området. Målsetjinga er òg i hovudsak samanfallande med norsk informasjonsverksemd på området. I budsjettproposisjonen sin for 2002 har Sosial- og helsedepartementet som eitt satsingsområde «..omfattende informasjonsvirksomhet om funksjonshemmedes stilling i samfunnet.» (kap. 0675 post 21). Denne informasjonsinnsatsen skjer i samarbeid med fleire departement som det kjem ved, og er tenkt vidareførd i 2003. Deltaking i Det europeiske året for funksjonshemma 2003 vil kunne verte eit viktig ledd, og kunne gje drahjelp i den nasjonale informasjonsinnsatsen vår.