St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

2 Allment om vedlegget

Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991 inneber at bevaring av miljøet, villmarkskarakteren og estetiske verdiar og verdien av Antarktis som eit område som kan nyttast til vitskapleg forsking skal vere grunnleggjande omsyn i planlegging og gjennomføring av all verksemd i området. Miljøprotokollen er gjennomførd i norsk rett med forskrift om vern av miljøet i Antarktis av 5. mai 1995.

Vedlegget vil verte nytta i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet i Antarktistraktatområdet. Det er her tale om eit operatøransvar, dvs. at kvar part skal påleggje operatørane sine å gjere rimelege førebyggjande tiltak og utarbeide kriseplanar. Vedlegget pålegg operatørar i Antarktis eit ansvar for setjing i verk mottiltak ved akutte miljøskadar. Ureinaren skal setje i verk mottiltak sjølv eller betale skadebot til andre som eventuelt ryddar opp i staden for ureinaren. Dersom slike tiltak ikkje vert sette i verk, skal ureinaren betale skadebot til eit eige miljøfond for Antarktis. Vedlegget skal nyttast på alle turistfarty som kjem inn i Antarktisområdet. Dei mest aktuelle døma på verksemd som fell utanfor verkeområdet for ansvarsvedlegget, er fiskeriverksemd og skip i transitt.

Vedlegget stiller òg krav om at operatørar i Antarktis skal utarbeide kriseplanar og førebyggjande tiltak for å minske risikoen for krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet.

Ansvarsvedlegget er ei kompromissløysing som regulerer berre einskilde sider av spørsmålet om skadebot. Fiskeriverksemd er til dømes ikkje omfatta av regelverket. Ei fullstendig regulering ville i tillegg òg ha regulert ansvaret for å attskape miljøtilstanden etter valda skade og ansvaret for skadar på miljøet uavhengig av om desse oppstår i krisesituasjonar, noko som no ikkje følgjer av vedlegget.