St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

5 Nærare om dei einskilde føresegnene i vedlegget om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet

Artikkel 1 i ansvarsvedlegget regulerer kven som har ansvar for krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet i Antarktistraktatområdet. Verkeområdet for reglane omfattar berre verksemd som krev førehandsvarsling etter Antarktistraktaten artikkel VII (5). Ekspedisjonar til og i Antarktis, stasjonar i Antarktis og militært mannskap eller utstyr som skal fraktast inn i Antarktis, er verksemd som skal førehandsvarslast etter artikkel VII (5) og fell difor innanfor ansvarsområdet til vedlegget.

Artikkel 2 definerer sentrale omgrep i ansvarsvedlegget. Det er operatøren som er ansvarssubjektet etter ansvarsvedlegget. Det til skilnad frå reiaransvaret som er vanleg i sjørettsleg samanheng. Kven som skal reknast som operatør er definert i vedlegget artikkel 2 (c) som «enhver statlig eller ikke-statlig fysisk eller juridisk person som organiserer virksomhet som skal gjennomføres i Antarktistraktatområdet.» Det avgjerande for kven som vert ansvarleg etter vedlegget, er såleis kven som organiserer verksemda som vert gjennomførd i Antarktisområdet.

Artikkel 3 og 4 fastset at kvar traktatpart har plikt til å påleggje operatørane sine å gjere rimelege førebyggjande tiltak for å minske risikoen for miljøskadar og å utarbeide kriseplanar for å minske risikoen for miljøulukker.

Artikkel 5 seier at kvar traktatpart skal påleggje operatørane sine å gjere raske og effektive mottiltak i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, og der verksemda til operatøren er årsak til krisesituasjonen. Vidare regulerer føresegna kven som kan gjere mottiltak dersom operatøren lèt vere å gjere slike mottiltak, eller dersom det er uvisse om kva part operatøren er tilknytt. Føresegna fastset òg eit krav til samråd og samordning av tiltak med andre partar.

Artikkel 6 fastset at ein operatør som lèt vere å setje i verk mottiltak etter artikkel 5, er ansvarleg for å betale kostnadene for mottiltak som vert sett i verk av andre partar. Dersom ingen set i verk mottiltak, vil operatøren likevel verte ansvarleg for ein tilsvarande sum, som som hovudregel skal setjast inn på eit eige fond. Ansvaret etter denne føresegna er eit objektivt ansvar. Føresegna regulerer også situasjonar der fleire operatørar er ansvarlege for krisesituasjonen, og det vert slått fast at ikkje noko i vedlegget rører ved den folkerettslege suverene immuniteten til krigsskip, militære hjelpefarty eller andre skip eller luftfarty.

Artikkel 7 fastset at det berre er ein part som har gjort mottiltak for ein operatør, som kan reise sak mot ein ikkje-statleg operatør om ansvar etter artikkel 6. Saka har då som hovudregel verneting anten i staten der operatøren er stifta eller har hovudkontor, eller der operatøren har bustaden sin. Skadebotsøksmålet skal reisast innan tre år frå tidspunktet då mottiltaket vart sett i gang, eller frå tidspunktet då parten fekk eller burde fått kjennskap til identiteten til operatøren.

Ansvaret til ein part i eigenskap av statleg operatør skal avgjerast etter eigne føresegner i miljøprotokollen eller etter ein eigen framgangsmåte fastsett av partane.

Artikkel 8 fastset at ein operatør ikkje er ansvarleg etter artikkel 6 dersom krisesituasjonen er ei følgje av handlingar som er gjorde for å verne liv eller tryggleik til menneske, ei hending som det ikkje er rimeleg at ein kunne ha rekna med på førehand, ei terrorhandling eller ei krigshandling mot verksemda til operatøren.

Artikkel 9 inneheld føresegner om ansvarsavgrensing. Desse reglane er utforma med bakgrunn i endringsprotokoll av 1996 til konvensjon om avgrensing av ansvaret for sjørettslege krav (LLMC) av 1976 ved at avgrensingssummane er dei same. Ansvarsavgrensingane er i hovudsak fastsette ut frå storleiken på skipet. Vedlegget får som utgangspunkt ikkje verknad for ansvar eller atterhald som nokon har etter ein gjeldande internasjonal traktat om ansvarsavgrensing.

Artikkel 9 er utforma med tanke på at ein skal unngå konflikt mellom reglane i ansvarsvedlegget og reglane i sjørettslege konvensjonar om ansvar og ansvarsavgrensing som eventuelt skal nyttast, først og fremst LLMC 1996.

Ansvarsavgrensingane gjeld ikkje for situasjonar som er oppstått som følgje av forsettlege eller grovt aktlause handlingar.

Artikkel 10 fastset at ein part som hovudregel ikkje er ansvarleg dersom ein ikkje-statleg operatør lèt vere å gjere mottiltak.

Artikkel 11 seier at parten skal påleggje operatørar i Antarktis å ha eigna forsikringar eller annan finansiell tryggleik for å dekkje ansvaret i artikkel 6 nr. 1. Partane kan påleggje operatørar å teikne forsikring for anna ansvar som kan oppstå etter vedlegget.

Artikkel 12 fastset at det skal skipast eit fond, som sekretariatet for Antarktistraktaten skal vedlikehalde og administrere etter fastsette vedtekter. Føresegna gjev vidare retningsliner for korleis tilbakebetaling frå fondet til partar skal gå føre seg.

Artikkel 13 regulerer mekanismane for endringar i vedlegget.