St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

6 Tilhøvet til norsk rett

Etter lov om Bouvet-øya, Peter I"s. øy og Dronning Maud Land m.m. av 17. februar 1930 nr. 3 (heretter kalla bilandslova) gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgjeving om rettsstellet for bilanda. I kva utstrekning andre lover skal gjelde vert fastsett av Kongen. For bilanda i Antarktis er det framleis relativt få lover og forskrifter som skal nyttast. Bilandslova § 7 fastset likevel at «Kongen kan gi nærmere regler til utfylling og gjennomføring av denne lov og til gjennomføring av mellomfolkelig overenskomst og anbefalinger og bestemmelser som Norge har sluttet seg til. Slike regler kan gjøres gjeldende også for andre deler av Antarktis».

Ansvarsvedlegget krev ein ny lovhjemmel for å kunne pålegge ei plikt for operatøren til å setje i verk mottiltak i ein krisesituasjon, eit objektivt ansvar ved brot på denne skyldnaden og krav om obligatorisk forsikring for anna enn redningsutgifter. For det tilfellet at naudsynte mottiltak ikkje vert gjorde ved ei miljøfarleg ulukke, inneheld vedlegget ein regel om at operatøren skal betale skadebot til eit fond, som skal administrerast av sekretariatet for Antarktistraktaten. Ansvarsvedlegget inneber mellom anna at private rettssubjekt vert pålagde plikter av eit større økonomisk omfang. Ein meiner difor at det er føremålstenleg å endre bilandslova § 7 ved at det vert lagt til ei føresegn som klart heimlar høve til å påleggje slike plikter. Justisdepartementet fremmer i Ot.prp. nr. 62 (2007-2008) framlegg til slik lovendring.

Ein tek òg sikte på å setje i verk regelverket i form av eit nytt kapittel om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet i forskrift om miljøvern i Antarktis av 5. mai 1995. Miljøforskrifta gjeld for alle norske borgarar, norske juridiske personar, norske skip og luftfarty, utlendingar busette i Noreg og alle ekspedisjonar organiserte i Noreg eller som går frå Noreg til Antarktis, og for all verksemd i dei norske kravshavarområda. Forskrifta har krav om meldeplikt og vurdering av miljøkonsekvensar av planlagd aktivitet, vern av flora og fauna m.m.

Regjeringa tek sikte på ei snarleg gjennomføring av vedlegget ved å ta dei aktuelle føresegnene inn i forskrift om vern av miljøet i Antarktis av 5. mai 1995, som er heimla i bilandslova. Endringane i miljøforskrifta vil verte sende ut på ei brei offentleg høyring før det vert gjort vedtak ved kongeleg resolusjon.