St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

3 Historisk bakgrunn

Ved avslutninga av andre verdskrigen hevda sju land suverenitetskrav i Antarktis (Storbritannia, Australia, Frankrike, New Zealand, Noreg, Chile og Argentina). Områda som Storbritannia, Chile og Argentina gjorde krav på, dekte delvis kvarandre. I tillegg hevda USA og Sovjetunionen at dei, utan å godkjenne krava og utan å sjølve fremje krav, hadde grunnlag for krav i Antarktis.

I 1957–1958 vart det gjennomført eit vellukka forskingssamarbeid i Antarktis under det internasjonale geofysikkåret (IGY). Dette samarbeidet førde til at den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR) vart oppretta i 1958 og i prinsippet til at Antarktistraktaten vart inngådd i 1959.

Antarktistraktaten vart utarbeidd av dei tolv landa som hadde delteke aktivt i antarktisforskinga i samband med IGY. Desse opphavlege signatarmaktene fekk status som samrådspartar etter traktaten og fekk dermed rett til å delta i fastsetjing av tiltak for å fremje føremåla med traktaten. Antarktistraktaten pålegg samrådspartane å møtast med jamne mellomrom for mellom anna å vurdere tiltak om vern og freding av levande ressursar i Antarktis (ATCM). Skiljet mellom samrådspartar og tilmeldingspartar er sett for å sikre at det er dei landa som har interesser i og faktisk kjennskap til Antarktis, som tek avgjerder som kan få vidtrekkande følgjer for framtida til kontinentet.

Traktaten sikrar Antarktis som eit område fritt for verksemd av militær art, kjernefysiske prøvar og lagring av kjernefysisk avfall. Det er fri inspeksjonsrett i området. Striden omkring suverenitetsspørsmåla er lagd til sides ved at artikkel IV slår fast at korkje traktaten sjølv eller tiltak gjorde så lenge traktaten gjeld, skal føregripe dei ulike partane sitt syn på suverenitetsproblemet. Partane er på denne måten samde om å vere usamde.

I 1990 vart det starta forhandlingar innanfor ramma av Antarktistraktaten med sikte på å utarbeide ein eigen protokoll om miljøspørsmål i Antarktis (miljøprotokollen). På ATCM dette året vart det utarbeidd eit utkast til ei forhandlingstekst om eit omfattande og bindande miljøregime, som vart lagd til grunn for dei vidare drøftingane på oppfølgingsmøtet i 1991. Partane lukkast på dette møtet å kome fram til ei omsamd tekst som knesette viktige prinsipp for vern av miljøet i Antarktis, og som forbaud alle former for mineralverksemd med unntak av verksemd med vitskapleg forsking som føremål.