St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

7 Administrative og økonomiske følgjer

Ansvarsvedlegget kan få administrative og økonomiske følgjer for den norske verksemda som vert driven i Antarktis, som i hovudsak vil vere turistnæringa og skipsfartsnæringa, forskingsverksemd og satellittverksemd. Fiskeriverksemd er i utgangspunktet ikkje omfatta av ansvarsvedlegget, og regelverket vil difor ikkje ha følgjer for norsk fiskeriverksemd. Nærare krav om førebyggjande tiltak og kriseplanar som skal påleggjast norske operatørar, vil verte utforma av Norsk Polarinstitutt i samråd med Miljøverndepartementet og andre departement som saka gjeld.

For operatøren vil vedlegget innebere eit skjerpa ansvarsgrunnlag i visse tilfelle ved at ansvaret vert gjort objektivt, og auka kostnader for somme gjennom kravet til obligatorisk forsikring. Operatøren har likevel eit visst vern gjennom reglane om ansvarsavgrensing. Dei som gjennomfører mottiltak på vegner av ein operatør, vil få auka skadebotrettsleg vern gjennom reglane om objektivt ansvarsgrunnlag og forsikringsplikt.

Det er Norsk Polarinstitutt som i dag godkjenner norsk aktivitet i Antarktis. Ein reknar med at arbeidet i samband med slike meldingar ikkje vil auke slik at det medfører nemneverdige budsjettmessige følgjer med dagens norske aktivitetsnivå i Antarktis.