St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

4 Forhandlingane om vedlegget

Arbeidet med eit regelverk for ansvar for miljø­skade vart starta i 1992 som eit ledd i utfyllinga av miljøprotokollen for Antarktis. Bakgrunnen for drøftingane er artikkel 16 i miljøprotokollen til Antarktistraktaten, der partane bind seg til å «utrede regler og prosedyrer vedrørende ansvar for skader som måtte oppstå på grunn av virksomhet i Antarktisområdet og som omfattes av denne protokoll.» Desse «reglene og prosedyrene skal utformes som ett eller flere vedlegg til miljøprotokollen.»

Som kravshavarland i Antarktis har Noreg ei særleg interesse av, og eit spesielt ansvar for, korleis miljøet i Antarktis best kan vernast. I dette arbeidet har ein frå norsk side lagt vekt på å sikre eit bindande og omfattande miljøvern i Antarktis, og at norsk aktivitet skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Den norske posisjonen gjennom forhandlingane har vore at det skal arbeidast for eit strengt og effektivt regime grunna på prinsippa «ureinaren skal betale» og «føre var» og allmenne prinsipp om skadebot for ureining i norsk lovgjeving. Noreg gjekk likevel med på å forhandle om ei kompromissløysing under føresetnad av at dette vedlegget berre var eit første steg i retning av eit meir omfattande skadebotregime som skal forhandlast fram på eit seinare tidspunkt. Det var difor eit krav frå norsk side at det i vedlegget skulle liggje ein skyldnad til vidare forhandlingar.

Det vart på eit nokså tidleg tidspunkt i forhandlingane klart at det ikkje var mogeleg å få forhandla seg fram til det ansvarsregelverket som Noreg meiner at partane er bundne til etter miljøprotokollen artikkel 16. Forhandlingane førde meir i retning av å regulere eit ansvar dersom det ikkje vert sett i verk krisetiltak i samsvar med miljøprotokollen artikkel 15. Som eit kompromiss vart det semje om ei steg-for-steg-tilnærming med plikt til vidare forhandlingar. På ATCM XXVIII i Stockholm i 2005 kom partane til semje om eit avgrensa regelverk om ansvar for iverksetjing av tiltak mot akutte miljøskadar gjennom eit vedlegg om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet. I samband med vedtakinga av ansvarsvedlegget vart det difor gjort eit vedtak: Decision 1 (2005). I vedtaket heiter det at det skal gjerast ei årleg evaluering av statane sitt arbeid med å godkjenne vedlegget, og at partane skal setje ei tidsramme for å byrje forhandlingar som dekkjer den breiare skyldnaden etter miljøprotokollen artikkel 16. Dette skal gjerast seinast fem år etter vedtakinga av vedlegget om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet.