St.prp. nr. 64 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av vedlegg VI av 14. juni 2005 om ansvar i krisesituasjonar der det er akutt fare for skade på miljøet, til Protokoll til Antarktistraktaten om miljøvern av 4. oktober 1991

Til innhaldsliste

8 Vurdering

Antarktis er det reinaste og mest urørte større området på jorda. Det bortimot intakte naturmiljøet representerer store globale verdiar fordi ein tilsvarande grad av upåverka natur ikkje finst andre stader. Antarktis er difor godt eigna til overvaking av tilhøve som endringar i klima, ozonlaget og miljøgifter i næringskjeda. Området fungerer i stadig høgare grad som eit urørt referanseområde for overvaking av, og forsking omkring, globale miljøproblem. Det er sannsynleg at denne verdien av området vil auke. Urørt natur må dessutan reknast for å ha ein eigenverdi.

Den norske aktiviteten i Antarktis har dei seinare åra auka monaleg. Noreg er den nest største turistoperatøren, og ca. 20 % av alle personar som stig i land i Antarktis, gjer det frå skip med norske operatørar. Den norske fiskeriaktiviteten har i dei seinare åra vore aukande. Norsk forskingsverksemd er i ferd med å byggje seg opp, og i tillegg vert det no etablert ei monaleg satellittbasert jordobservasjonsverksemd.

Det har fram til no vore få hendingar som har fått følgjer for miljøet i Antarktis, men i sørsommarsesongen 2006/2007 har det vore fleire ulukker, mellom anna grunnstøytte snøggruteskipet «MS. Nordkapp» ved Deception Island 30. januar 2007. Det er viktig at den auka norske verksemda i Antarktis går føre seg innanfor miljøforsvarlege rammer. Grunnstøytinga med snøggruteskipet «MS Nordkapp» viser kor viktig det er at det vert stilt strenge krav til skip og vernebuingsutstyr.

Reglane om skadebot for ikkje-økonomisk skade som skal inngå i eit miljøfond for Antarktis, er unike i internasjonal samanheng. Noreg har innført tilsvarande reglar på Svalbard gjennom lov om miljøvern på Svalbard (Svalbardmiljøloven).