St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

2 Samandrag

Regjeringa foreslår at ei delprivatisering av Telenor skjer gjennom ein snarleg børsintroduksjon. Det blir lagt til grunn at børsintroduksjonen blir gjennomført seinast innan utgangen av 2001, men Regjeringa arbeider med sikte på å gjennomføre transaksjonen hausten 2000.

Regjeringa ser det som viktig å sikre eit nasjonalt forankra eigarskap til Telenor og foreslår at staten opprettheld 51 pst. eigardel i selskapet. Fordi det er få store norske private aksjonærar og småspararsegmentet av aksjemarknaden er lite utvikla i Noreg, er det naturleg at staten er ein langsiktig eigar i Telenor. For Regjeringa et det viktig å leggje til rette for vidare næringsutvikling med basis i Noreg. Internasjonaliseringa av verksemda styrkjer etter Regjeringa si oppfatning dette behovet.

Staten vil som aksjonær i Telenor framleis konsentrere seg om spørsmål knytt til kapitalstruktur, lønnsemd og utbyttepolitikk, med vekt på langsiktig lønnsam forretningsutvikling og verdiskaping for aksjonærane. Regjeringa legg vekt på at dei statlege eigaroppgåvene blir utført profesjonelt og i samsvar med vanleg forretningsmessig praksis. Kravet til kapitalavkastning bør liggje på samme nivå som for samanliknbare europeiske teleselskap. Kapitalstrukturen og utbyttepolitikken skal fremje verdiskapinga.

Ved børsintroduksjonen tek Regjeringa sikte på å redusere staten sin eigardel med 15-25 pst., gjennom ein kombinasjon av kapitalutviding (emisjon) og utsal av aksjar frå staten (spreiingsal). Det blir foreslått at regjeringa blir gitt fullmakt til å avgjere om aksjekapitalen i Telenor skal utvidast med inntil 50 pst. av verdien av alle aksjane som blir selde ved børsintroduksjonen, men innafor ei ramme på maksimalt 25 mrd. kr. Avgjerd om dette vil bli teke nærare tidspunktet for børsintroduksjonen. Det vil bli innhenta tilråding frå styret i Telenor i samband med dette. Utgangspunktet for vurderinga av kapitalstrukturen vil vere forretningsstrategien og forretningsplanane til selskapet. Regjeringa ber om fullmakt til å selje staten sine aksjar i Telenor AS gjennom ein kombinasjon av emisjon og spreiingssal slik at staten sin eigardel utgjer minst 51 pst.

Styret i Telenor AS ønskjer at det gjeldande soliditetsmålet på 42 pst. blir endra med sikte på straks å kunne setje i verk den vekststrategien selskapet legg opp til, jf. vedlegg 1. Dette fører til behov for auka ekstern opplåning, jf. St.prp. nr. 33 (1997-98) Om kapitalutviding i Telenor AS og Innst. S. nr. 124 (1997-98). Etter styret si vurdering vil nedgangen i den bokførte eigenkapitalprosenten til selskapet vere forsvarleg. Gitt at selskapet har gode investeringsalternativ, finn departementet at selskapet kan auke gjeldsgraden sin.

I samband med børsintroduksjonen vil det bli varsla at det etter kvart kan bli aktuelt med separat børsnotering av delar av konsernet. Det vil ikkje bli invitert inn strategiske partnarar på eigarsida i kjerneverksemda i tida før børsintroduksjonen.

Det vil bli etablert ei aksjeordning for dei tilsette i Telenor. Aksjeordninga skal utformast i samsvar dei grensene som følgjer av skattelova. Det skal ikkje nyttast opsjonar i samband med børsintroduksjonen. Det blir lagt opp til at dei tilsette får tilbod om ei garantert minstetildeling.

Det blir lagt opp til at Telenor-aksjen blir marknadsført aktivt i den norske marknaden. Småspararar vil bli gitt preferanse ved tildelinga av aksjar. Regjeringa legg ikkje opp til at det blir gitt prisrabattar eller liknande.

Departementet og Telenor har i samsvar med vanleg praksis i denne typen transaksjonar engasjert fondsmeklarforetak (Goldman Sachs og DnB Markets) som hovudtilretteleggarar for børsintroduksjonen. I dei endelege avtalene med foretaka som vil bli inngått, etter at Stortinget har handsama saka, blir det lagt opp til at det blir teke inn ei vedtekt om at selskapet og staten forpliktar seg til å halde tilretteleggarane skadeslaus for krav frå kjøparar av aksjane. Departementet ber om fullmakt frå Stortinget til dette, jf. kap. 6.6.

Det vil bli vurdert om det kan vere føremålstenleg å etablere eit nytt holdingsselskap som øvste selskapsrettslege styringsorgan for konsernet, jf. kap. 10.

For mellom anna å medvirke til at marknaden har tillit til at eigar- og regulatøroppgåvene i telesektoren er organisert på ein føremålstenleg måte, legg Regjeringa opp til at forvaltninga av det statlege eigarskapet til Telenor blir overført til Nærings- og handelsdepartementet så snart børsintroduksjonen er gjennomført.

Til forsida