St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

9 Administrative og økonomiske konsekvensar

Ei delprivatisering av Telenor vil medføre endringar i prosedyren for val av medlemer til selskapsstyre og bedriftsforsamling, jf. kap 8.

Det vedtektsfesta kravet om at selskapet skal leggje fram ein årleg plan for verksemda (§ 10-plan) for generalforsamlinga blei oppheva i samband med førebuingane til sammenslåing av Telenor og Telia. Ei utgreiing av utviklinga i selskapet kan ein i framtida ta inn i dei generelle stortingsmeldingane som blir lagt fram om bedrifter der staten har eigarinteresser og evt. meir kortfatta i den årlege statsbudsjettproposisjonen.

Ein reduksjon av det statlege eigarskapet i Telenor medfører ikkje i seg sjølv behov for å endre staten sitt syn og si haldning i spørsmål knytt til kapitalavkastning og utbytte, men staten vil ikkje lenger åleine kunne ta avgjerd om utbyttepolitikken eller avkastningskravet. Som nemnt vil ikkje generalforsamlinga ha høve til å fastsetje eit høgare utbytte enn det styret foreslår eller godtek.

Det viktigaste i samband med ei delprivatisering og børsnotering av selskapet sett frå eit statsfinansielt synspunkt vil vere staten si haldning til risiko. Staten har til no fått svært høg og konkurransedyktig avkastning på sine kapitalplasseringar i Telenor, men staten si risikoeksponering ved å ha store eigarposisjonar i enkeltselskap er relativt høg. Ut frå ei risiko-/porteføljevurdering vil difor staten vere tent med å redusere sin eigarposisjon i Telenor.

Det blir vist til at statsaksjeselskapsforma for Telenor AS ikkje lenger er lovfesta, jf. lov 24. september 1999 nr.75. Eit forslag om å delprivatisere Telenor krev såleis inga lovendring.

Spørsmålet om organiseringa av eigar- og regulatørfunksjonane i telesektoren har blitt vurdert i fleire framlegg for Stortinget, sist i St.prp.nr. 58 (1998-99) Om sammenslåing av Telenor AS og Telia AB. Det blei der varsla at ein ville komme tilbake til spørsmålet om departementstilknytning for eigarskapet når børsintroduksjon og nedsal til eigarmessig paritet var gjennomført. Hovudgrunnen til dette var at det blei sett på som lite føremålstenleg å skifte departementstilknytning midt i prosessen med børsintroduksjonen.

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har etter dette i ei grunngitt fråsegn konkludert med at Noreg ikkje har oppfylt sine pliktar etter to EØS-direktiv som gjeld krav om skilje mellom regulatør- og eigarfunksjonar, og viser til at Samferdselsdepartementet både er tillagt ansvaret for staten sitt eigarskap til Telenor AS og ansvaret for regulatørfunksjonar på teleområdet. Bakgrunnen for saka er ein klage frå 1996 frå ein tenestetilbydar. Avgjerda frå ESA kom etter at Samferdselsdepartementet to gongar hadde gitt uttrykk for sitt syn til ESA, sist som svar på ESA sitt «Letter of formal notice». Etter at grunngitt fråsegn er gitt og vedkommande stat er gitt høve til å komme med sine merknader, kan ESA bringe saka inn for EFTA-domstolen. I samsvar med gjeldande retningsliner er saka handsama i EØS-rettsleg utval.

Rettstolkinga til ESA reiser spørsmål av stor prinsipiell karakter for organiseringa av den sentrale statsforvaltninga. Handsaminga av saka kan skape presedens og dermed få praktiske verknader utover teleområdet. Regjeringa har likevel komme til at det er forsvarleg å vurdere spørsmålet om eigar- og regulatørfunksjonane i telesektoren som separat sak fordi spørsmålet er reist i ei konkret sak om den norske staten sine pliktar etter direktiv i EØS-avtalen. M.a. for å medvirke til at marknaden har tillit til at eigar- og regulatørfunksjonane i telesektoren er organisert på ein føremålstenleg måte, legg Regjeringa opp til at forvaltninga av det statlege eigarskapet til Telenor blir overført til Nærings- og handelsdepartementet så snart som mogeleg etter gjennomføringa av børsintroduksjonen.

I tilknytning til børsintroduksjonen og kapitalutvidinga i Telenor må selskapet bli omdanna frå eit aksjeselskap til eit allmennaksjeselskap. Dette følgjer av reglane i børs- og aksjelovgjevinga. Slik omdanning blir vedteke av generalforsamlinga. I seg sjølv vil ikkje ei omdanning til allmennaksjeselskap ha noko å seie for staten sitt eigarskap og styringa av selskapet.

Som ledd i arbeidet med å opne telesektoren for full konkurranse frå 1. januar 1998, blei Arbeids- og administrasjonsdepartmentet gjort til klageorgan i konkurransesaker i telesektoren. Når eigarskapet til Telenor blir overført til eit anna departement, fell grunngjevinga for denne særordninga bort. Ansvaret for desse sakene vil difor bli ført tilbake til Samferdselsdepartmentet frå same tidspunkt som endringa av departementstilknytning for eigarskapet blir gjennomført.

Nærmare om økonomiske konsekvensar

I 2000 er det løyvd 25 mill. kr på kap. 1300, post 01 Driftsutgifter til departementet sitt arbeid med sammenslåinga av Telenor og Telia, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2/Budsjett-innst. S. nr. 13 (1999-2000). Samferdselsdepartementet har lagt til grunn at denne løyvinga kan nyttast til å dekkje kostnader på departementet si hand som er knytta til avviklinga av sammenslåinga av Telenor og Telia, jf. St.prp. nr. 59 (1999-2000) Om avviklingen av sammenslåingen av Telenor AS og Telia AB.

Sal av staten sine aksjar i Telenor vil innebere ei omplassering av statleg formue frå aksjar over til andre finansobjekt. Salet vil bli ført på ein 90-post med ein tilsvarande reduksjon i talet på aksjar i staten si bokførte aksjebehaldning. På denne 90-posten vil heile verdien av finanstransaksjonen bli inntektsført ut frå oppnådd pris på aksjeporteføljen.

Samferdselsdepartementet legg opp til at kostnadene ved børsintroduksjonen blir løyvd på ein driftspost, ein 01-post, på eige utgiftskapittel.

Fleire forhold virkar inn både på kor store inntekter staten vil få ved aksjesalet og kostnadane ved salet. Det er ikkje avgjort kor stor reduksjonen i staten sin eigarandel skal vere, innanfor eit interval på 15-25 pst., eller kor stor del av salet som skal gjennomførast som ein emisjon. Vidare er verdien på aksjane i Telenor ved tidspunktet for sal svært usikker. Det er sett ei øvre grense for emisjonsbeløpet på 50 pst. av salsprovenyet, avgrensa til maksimalt 25 mrd. kroner. Dette er ikkje tilstrekkeleg informasjon til at Samferdselsdepartementet finn det riktig å foreslå ei konkret inntektsløyving på det noverande tidspunktet. Kostnadene ved børsnoteringa vil vere sterkt avhengig av salsprovenyet som blir oppnådd ved transaksjonen. Kostnadene vil auke med den prisen ein oppnår for aksjane.

Den største utgiftsposten er provisjon til tilretteleggarane. Det er avtalt ein samla provisjon til tilretteleggarane på 1,35 pst. med tillegg av ei stimulansebasert godtgjering på 0,15 pst., dvs. at samla provisjon kan utgjere 1,5 pst. av salsprovenyet. Desse provisjonssatsane er mellom dei lågare av det som er blitt avtalt for tilsvarande transaksjonar internasjonalt.

Det er for tidleg å rekne eksakt nivå på andre kostnader, men førebels blir det lagt til grunn felleskostnader på 250 mill. kr. Marknadføringskostnader, i hovudsak knytt til marknadsføring mot småspararar, er då rekna til 140 mill. kr. Omfanget av marknadsføringskampanjen vil vere kommersielt grunngitt.

Provisjonen til tilretteleggarane og dei andre kostnadene som er nemnt ovanfor, skal fordelast mellom staten og Telenor. Samferdselsdepartementet legg førebels til grunn at desse kostnadene blir fordelt forholdsmessig mellom staten og Telenor etter kor stor del av provenyet som blir tilført hv. staten og selskapet.

Departementet sine eigne utgifter, medrekna kostnader til juridiske og finansielle rådgjevarar, blir rekna til 60 mill. kr.

Regjeringa ser utgiftene i samanheng med inntektene ved aksjesalet, og vil ikkje foreslå at utgiftene blir dekte inn ved utgiftsreduksjonar på andre område i budsjettet. Utgiftsauken vil påverke aktiviteten økonomien. Fordi det er stor uvisse om salsprovenyet, og dermed og om kostnadene ved salet, blir det ikkje lagt fram forslag om løyvingar i denne omgang. Departementet fremjer difor eit forslag til vedtak som gir departementet fullmakt til utan løyving å utgiftsføre utgifter i samband med salet av aksjar i Telenor og å inntektsføre salsinntektene. Det vil bli gjort framlegg om løyvingar i eigen proposisjon når utgiftene og inntektene er nærmare avklåra eller seinast i samband med nysalderinga av budsjettet til hausten.

Til forsida