St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

8 Rettslege rammer og instrument for selskapsstyring

8.1 Erfaringar med eigarstyring av Telenor AS i perioden 1994-98

Etter omdanninga av Televerket til statsaksjeselskap 1.11.1994 har eigarstyringa vore basert på bruk av følgjande hovudinstrument:

  • Generalforsamlingar

  • Selskapet sine årlege planar for verksemda (§ 10-planar)

  • Stortingsmeldingar om selskapet si verksemd (basert på § 10-plan)

  • Eksterne verdivurderingar

I tillegg har det blitt halde kvartalsmøte mellom Telenor og Samferdselsdepartementet på administrativt nivå. Kvartalsmøta har fungert som fora for rein informasjonsutveksling og har såleis ikkje vore ein del av det regulære styringsopplegget. I tilknytning til møta har det likevel framkomme mykje nyttig informasjon som har gitt eit betre grunnlag for eigarstyringa.

Utover Telenor sine planar for verksemda (§ 10-planane for 1995, -96, -97 og -98) har det berre blitt lagt fram ei sak for generalforsamlinga etter § 10 i selskapet sine vedtekter. Saka gjaldt endring i vedtektene til Telenor AS som følgje av utskiljing og samling av den nettrelaterte verksemda i eit eiga dotterselskap. Det blei lagt til grunn at eigaren sitt høve til å styre den operative nettverksemda kunne bli teke vare på gjennom presiserande reglar i selskapsvedtektene til nettselskapet, og i vedtektene til Telenor AS blei det teke inn ein regel om at styret, eller eit utval av styremedlemene, skulle representere aksjane til morselskapet i nettselskapet.

Det har ikkje skjedd at eigar har gripe inn i enkeltsaker ved generalforsamlingsvedtak. Det finst likevel ei rekkje eksempel på at kundar, tilsette og kommunar har bede departementet om å gripe inn overfor selskapet i konkrete saker. Det har likevel vore ein klår tendens til at talet på denne typen saker gradvis har blitt redusert i tida etter selskapsdanninga.

Regjeringa meiner at statsaksjeselskapet har vore ei føremålstenleg organisasjons- og eigarform for Telenor AS. Sjølv om det er vanskeleg å vurdere verknadene av organisasjons- og eigarforma isolert sett, er det liten tvil om at overgangen til aksjeselskapsforma har vore gunstig for forretningsutviklinga, og har dessutan vore nødvendig for at selskapet skulle vere best mogeleg førebudd til å møte konkurranse innan alle delar av verksemda frå 1.1.98. Samanlikna med verdiutviklinga i andre teleselskap kan det likevel sjå ut som om sjølve det statlege eigarskapet ikkje å ha hatt særleg verknad for forretningsutviklinga i perioden 1994-1998, jf. kap. 7.3.

8.2 Selskapsrettslege konsekvensar ved ei delprivatisering

Aksjelova inneheld på visse område særreglar for statsaksjeselskap som har vore med på å oppfylle departementet sitt styringsbehov:

  • Styret blir valt av generalforsamlinga, sjølv om selskapet har bedriftsforsamling. Aksjelova sine reglar om dei tilsette sin rett til å velje medlemer og observatørar til styret gjeld likevel og for statsaksjeselskap. Aksjelova sin allmenne regel er at styremedlemer blir valde av bedriftsforsamlinga, eit organ som alle selskap med over 200 tilsette skal ha med mindre noko anna er særskilt avtalt mellom selskapet og dei tilsette. I vedtektene til statsaksjeselskapet kan ein likevel vedta at val av styremedlemer likevel skal gjennomførast av bedriftsforsamlinga.

  • Kongen kan, dersom vesentlege samfunnsmessige omsyn tilseier det, overprøve avgjerda til bedriftsforsamlinga i saker som gjeld:

    • Investeringar av stort omfang sett i høve til selskapet sine ressursar.

    • Rasjonalisering eller omleggjing av drifta som vil medføre større endring eller omdisponering av arbeidstyrken.

  • Det departementet selskapet høyrer til, styret eller to medlemer av bedriftsforsamlinga kan krevje at det blir halde ekstraordinær generalforsamling. Den allmenne regel er at ekstraordinær generalforsamling kan bli kalla inn av styret, revisor eller aksjeeigarar som representerer minst ein tidel av aksjekapitalen.

  • Generalforsamlinga er ikkje bunden av styret eller bedriftsforsamlinga sitt forslag om utdeling av utbytte.

Aksjelova har og særreglar for statsaksjeselskap når det gjeld innkalling og deltaking på generalforsamlinga, og om Riksrevisjonen sin kontroll med forvaltninga av staten sine eigarinteresser.

Ei delprivatisering av Telenor AS vil medføre at særreglane i aksjelovgjevinga om statsaksjeselskapet ikkje lenger vil gjelde for selskapet. Minst like viktig er det at ei delprivatisering av selskapet inneber at andre aksjonærar får rettar etter dei generelle reglane i aksjelovgjevinga.

Utgangspunktet til aksjelova er at ein aksjonær eller ei aksjonærgruppering som representerer meir enn 50 pst. av stemmene på generalforsamlinga har herredømme over generalforsamlinga sine vedtak. I praksis vil aldri alle aksjonærar møte på generalforsamlinga i eit børsnotert selskap. Dette vil ofte føre til at allereie den som eig 40 pst. eller meir av aksjane i selskapet har herredømme over vedtaka til generalforsamlinga. Grensa for å ha herredømme over eit børsnotert selskap kan og liggje under denne terskelen. Det som er sagt ovanfor blir likevel modifisert av fleire reglar i aksjelova som på ulike måtar tek omsyn til den enkelte aksjeeigar si interesse eller interessa til minoritetsgrupperingar. Den sentrale regelen er aksjelova sin misbruksregel som forbyr generalforsamlinga sitt fleirtal å ta avgjerder som kan gi visse aksjeeigarar eller andre ein fordel som inneber at andre aksjeeigarar eller selskapet blir påført ei urimeleg kostnad. Misbruksregelen supplerast av ei rekkje enkeltståande reglar i aksjelova. Aksjelova inneheld fleire reglar som gir enkeltaksjonærar rettar i selskapet. Desse reglane gir m.a. den enkelte aksjeeigar rett til å møte på generalforsamlinga, rett til å få satt ei sak på agendaen, rett til å krevje opplysningar frå leiinga og rett til å reise søksmål mot generalforsamlinga sine vedtak. Den enkelte aksjonær kan og krevje å bli innløyst dersom ein aksjeeigar disponerer ni tidelar eller meir av aksjekapitalen og har ein tilsvarande del av stemmene. Andre reglar i aksjelova gir rettar til aksjonærgrupperingar som eig ein viss del av aksjekapitalen. Aksjonærar som eig ein tidel eller meir av aksjekapitalen kan t.d. krevje ekstraordinær generalforsamling, krevje gransking, krevje at det blir reist skadebotsak mot selskapsleiinga, krevje oppnemnt tilleggsrevisor og be skifteretten om å fastsetje eit høgare utbytte enn det generalforsamlinga har vedteke. Aksjelova inneheld vidare reglar som krev kvalifisert fleirtal for å gjere visse vedtak. Slike reglar gir minoriteten høve til å hindre fleirtalsaksjonæren å gjennomføre visse endringar i selskapet. Vedtak om vedtektsendring og andre endringar av selskapsforholdet, som t.d. utviding eller nedsetjing av aksjekapitalen, fusjon og fisjon og oppløysning av selskapet krev tilslutning frå minst to tredelar av så vel dei gitte stemmene som av den representerte kapitalen. Dette inneber at ei minoritetsgruppering som eig meir enn ein tredjedel av aksjekapitalen kan stanse slike vedtak.

Og reglar utanfor aksjelovgjevinga vil endre staten si stilling etter ei delprivatisering og børsnotering av Telenor. Børs- og verdipapirhandellovgjevinga inneheld m.a. reglar om ikkje-diskriminering av aksjonærane, teieplikt om kurssensitiv informasjon m.m. som det er viktig å forholde seg rettmessig til. Verdipapir- og børslovgjevinga blir forvalta av Kredittilsynet og Oslo Børs.

8.3 Styresamansetjing/styrerepresentasjon

Som nemnt vil ei delprivatisering av Telenor medføre at styremedlemer, med unntak av representasjonen frå dei tilsette, blir valde av bedriftsforsamlinga, medan medlemer av bedriftsforsamlinga i sin tur blir valde av generalforsamlinga. I dag er det, med unntak av representasjonen frå dei tilsette, generalforsamlinga som veljer medlemene til begge desse selskapsorgana direkte.

I ein situasjon med delt eigarskap blir valet av personar til desse verva endå viktigare enn i dag der forholdet til selskapet er tettare, og der staten i kraft av sin posisjon som eineaksjonær sjølv lettare kan ta vare på staten sine eigarinteresser, inkludert dei samfunnsmessige omsyn. I eit børsnotert selskap skal alle aksjonærane motta kursrelevant informasjon samtidig. Dette inneber at aksjonærane ikkje kan komme effektivt i inngrep med ein god del saker, fordi dei ikkje vil kjenne til realiteten i dei på eit tidleg nok tidspunkt. Styring må såleis først og fremst skje gjennom val av kompetente styremedlemer.

I selskap der staten er majoritetsaksjonær er det vanleg praksis at styremedlemene blir foreslått av ein eigen valkomite. Valkomiteen blir leia av ein representant frå eigardepartementet og har elles representantar frå det sittande styret, bedriftsforsamlinga og dei private aksjonærane. Forslaget frå valkomiteen blir sendt over til bedriftsforsamlinga som så veljer styret. Dette er ein praksis som det og vil vere føremålstenleg å følgje i tilfelle med Telenor.

8.4 Oppsummering

Ei delprivatisering av Telenor vil medføre at særreglane i aksjelovgjevinga for statsaksjeselskap ikkje lenger vil gjelde. Særleg er det grunn til å merke seg at styret i vanlege aksjeselskap blir valt av bedriftsforsamlinga, og at generalforsamlinga ikkje kan vedta eit høgare utbytte enn styret foreslår eller godtek. Innafor ramma av styret sitt forslag har dessutan bedriftsforsamlinga rett til å fastsetje den høgaste sum som kan bli utdelt som utbytte.

Når det gjeld aksjonærrettar basert på ulike eigardelar, er differensieringa særleg viktig for eigarstyringa ved overgangar mellom eigardelar på 2/3, 1/2 og 1/3.

Kjem eigardelen under to tredjedelar kan ikkje lenger eigar suverent endre selskapet sine vedtekter. Men dette inneber på si side at eigar kan hindre vedtektsendringar så lenge eigardelen blir halden over ein tredjedel. Ved ein eigardel på over ein halvdel har eigar rett til å avgjere dei aller fleste viktige selskapssaker, med unntak av endringar i selskapet sine vedtekter.

Sjølv om staten etter ei delprivatisering opprettheld ein aksjemajoritet i selskapet, vil dei rettslege rammevilkåra for eigarstyringa bli noko endra slik at det blir større distanse mellom staten og selskapet. Dette vil influere måten det statlege eigarskapet blir utøvd på, jf. m.a. verdipapirlovgjevinga og børsreglane.

Ein må vidare ta omsyn til at konkurranseevna og verdien av selskapskapitalen vil bli redusert i den grad staten utformar og praktiserer eigarskapet på ein måte som skiljer seg frå det som er vanleg i andre aksjeselskap.

Det blir elles vist til St.meld. nr. 18 (1998-99) Bedrifter hvor staten v/Nærings- og handelsdepartementet har eierinteresser, St.prp. nr. 33 (1993-94) Kapitalutvidelse i Norsk Hydro a.s og St.prp. nr 81 (1998-99) Kapitalutvidelse i Norsk Hydro ASA som ledd i et tilbud om å overta Saga Petroleum ASA.

Til forsida