St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

7 Eigarstyring

7.1 Profesjonalisering

Ein føresetnad for å kunne drive profesjonell eigarstyring er at måla for eigarskapet er klåre og konsistente, og at eigaran(e) har kapasitet og kompetanse til effektiv oppfølging av verksemda.

Fleire eigarar vil i seg sjølv kunne medvirke til ei meir profesjonell eigarstyring gjennom utnytting av komplementære kompetanseressursar. Staten som eigar disponerer til dømes relativt små industrielle kompetanseressursar. Eit delt statleg og privat eigarskap vil dessutan føre til grundigare vurderingar av selskapet sine forretningsstrategiar og økonomiske resultat.

Ved børsnotering vil kursutviklinga bli eit viktig signal og leggje større press på selskapet til å ta avgjerder som tener verdiskapinga. Sentralt i ein slik prosess vil vere den fokus selskapet vil få frå profesjonelle investorar, finansanalytikarar, bankar og fondsmeklarar. Børsnotering vil og gjere staten si eiga vurdering av verdiutviklinga enklare og meir realistisk enn det ein oppnår gjennom den typen eksterne verdivurderingar som staten fekk utført av Telenor i 1997 og 1998.

Det vil vidare vere ein fordel å få inn andre investorar som kan vurdere den totale risiko i Telenor sine engasjement, særleg når det gjeld dei internasjonale engasjementa som utgjer ein stadig ekspanderande del av verksemda. Det kan bli argumentert med at denne risikoen allereie blir vurdert av andre, fordi Telenor som regel går inn i utenlandsprosjekt saman med andre selskap («joint ventures»). Det er likevel ingen andre investorar som i dag vurderer risikoen i Telenorkonsernet samla sett. Ei delprivatisering vil endre dette.

Det er og slik at ei delprivatisering av selskapet vil leggje til rette for større stabilitet i utbyttepolitikken og dermed leggje til rette for eit meir profesjonelt eigarskap, jf. aksjelova sin generelle regel om at generalforsamlinga ikkje kan vedta høgare utbytte enn det styret foreslår eller godtek.

Det blir elles vist til kap. 8 for ein gjennomgang av rettslege rammer og instrument for selskapsstyring.

7.2 Rolle- og ansvarsforhold

Staten regulerer og fører no tilsyn med ein norsk telemarknad i full konkurranse. Samtidig er staten eineeigar av det leiande selskapet i sektoren i Noreg. Dei to oppgåvene blir i hovudsak tekne vare på av same departement. Dette reiser spørsmål rundt rolle- og ansvarsforhold.

For det første er det viktig at staten for eigen del nøye vurderer korleis funksjonane blir utført og kombinert, m.a. at ein ser til at avgjerdsprosedyrar og organisasjonsløysingar er utforma slik at ein unngår samanblanding av roller og uklåre ansvarsforhold.

For det andre er det viktig at omgjevnaden har tillit til at staten har vilje og evne til å opptre uavhengig i ulike roller.

Sjølv meiner departementet at det konsekvent held eigar- og regulatørsaker frå kvarandre. Selskapsretten vil dessutan i ein situasjon med fleire eigarar kunne skape større tillit til at reglane blir respekterte. Aksjelovgjevinga gir m.a. alle aksjonærar rettar som medfører strenge krav til avgjerdsprosedyrane til selskapsorgana.

Ei delprivatisering vil medvirke til ein betre balanse mellom statsråden sitt formelle ansvar og den reelle påverknad som han eller ho kan utøve.

Sjølv om desse argumenta i og for seg ikkje tilseier ei omorganisering av oppgåvene, har Regjeringa etter ei samla vurdering komme til at det no vil vere mest ryddig at ansvaret for forvaltninga av staten sine eigarinteresser i Telenor blir lagt til eit anna departement enn det som har ansvar for reguleringa, jf. kap. 9. Praktiske grunnar tilseier at dette likevel ikkje skjer før børsnoteringa.

7.3 Avkastningskrav og utbyttepolitikk

Staten har som eigar investert store pengesummar i Telenor, i form av historisk innskoten kapital og tilbakehaldne overskott. Denne kapitalen kunne staten alternativt brukt til andre formål. Kapitalen har difor ein kostnad som tilsvarer den alternative verdien til kapitalen.

Fundamentalt sett vil kravet til kapitalavkastning for staten som investor, på same måten som for private investorar, vere eit resultat av kva ein kan rekne med av avkastning på alternative kapitalplasseringar med tilsvarande risiko.

Samferdselsdepartementet la til grunn eit avkastningskrav på minimum 15 pst. før skatt for perioden 1996-97, jf. St.meld. nr. 21 (1995-96) Om Telenor AS. For perioden 1998 og inntil vidare har departementet lagt til grunn eit avkastningskrav på minimum 13 pst. før skatt, jf. St.meld. nr. 17 (1997-98) Om Telenor AS si verksemd. I oppfølgjinga av avkastningskravet har departementet fått utført eksterne verdivurderingar for å supplere resultatmålinga i finansrekneskapen. Telenor oppnådde ei rekneskapsmessig eigenkapitalavkastning (eigenkapitalrentabilitet = resultat før skatt/gjennomsnittleg eigenkapital) på respektivt 17,8 pst., 12,9 pst. og 15,3 pst. for åra 1996-98.

Staten har teke ut til saman 2 845 mill. kr. i utbytte frå Telenor sidan omdanninga til aksjeselskap 1.11.1994. Dette inkluderer ikkje utbytte for året 1999.

I juni 1997 blei verdien av eigenkapitalen i Telenor vurdert til å liggje mellom 24-30 mrd. kr av uavhengige fondsmeklarar. Ei tilsvarande verdivurdering i juni 1998 estimerte verdien til 45-50 mrd. kr. Departementet viser til at verdien av eigenkapitalen i Telenor i dag kan vere i storleiken 4-5 gongar så stor, men understrekar at det er stor uvisse knytt til slike verdivurderingar.

Telenor presenterte 25. februar 2000 førbels årsrekneskap for 1999 som viste eit rekordresultat for selskapet. Driftsinntektene i 1999 var 33.468 mill. kr. Dette er 15,8 pst. eller 4.558 mill. kr meir enn for året 1998. Driftsresultatet auka med 205 mill. kr til 4.002 mill. kr. Telenor fekk eit resultatet før skatt på 3.314 mill. kr.

Resultatframgangen kjem i all hovudsak av stor trafikkvekst og vinstar ved sal av aktiva. Talet på trafikkminutt i fastnettet auka med 20 pst. frå 1998 til 1999. Det er spesielt internett-trafikken som driv denne utviklinga.

Det er elles mange faktorar som ein må ta med i vurderinga av selskapsresultata. Resultatutviklinga bør m.a. sjåast i samanheng med resultata til samanliknbare selskap. Det er og viktig å kartleggje eksterne faktorar som påvirkar lønnsemda. I ei vurdering av innsatsen til leiing og styret i selskapet vil dette vere moment som ein vil leggje vesentleg vekt på.

Regjeringa legg vekt på at dei statlege eigaroppgåvene blir utførte profesjonelt og i samsvar med vanleg forretningsmessig praksis. Avkastningskravet bør liggje på samme nivå som for samanliknbare europeiske teleselskap. Kapitalstrukturen og utbyttepolitikken skal fremje verdiskapinga. Som nemnt tidlegare, vil det vere føremålstenleg å vurdere desse spørsmåla nærare i samband med førebuingane til børsintroduksjon av selskapet, jf. kap. 3. Det blir her og vist til gjennomgangen av avkastningskrav og utbyttepolitikk i St.prp. nr. 1 (1999-2000); Gul Bok, s. 52.

Til forsida