St.prp. nr. 66 (1999-2000)

Om Telenor

Til innhaldsliste

4 Telenor sin forretningsstrategi

Telenor baserer sin forretningsstrategi, jf. kap. 3 og vedlegg 1 og 2, på vidare vekst og verdiskaping, noko som vil føre til at den internasjonale delen av verksemda får eit større omfang. Målet med vekststrategien er å skape størst mogelege verdiar for eigarane og å leggje til rette for at verksemda held fram som eit sjølvstendig selskap med basis i Noreg.

Telenor grunngir forretningsstrategien sin med følgjande hovudargument:

  • Tidlegare kapitalinnskott i Telenor har gitt god avkastning til staten. Selskapet har gjennom dette vist evne til å finne fram investeringsprosjekt med god lønnsemd.

  • Det er framleis gode utsikter for verdiskaping i tele- og IT-industrien, og Telenor har ein bra utgangsposisjon innanfor dei delar av industrien som har den høgaste veksten, m.a. mobil- og satellittkommunikasjon og internett.

  • Dei selskap som har ein klår vekstsstrategi og dokumentert vekstevne blir vesentleg høgare verdsette på kapitalmarknaden enn selskap med mindre vekstevne. Posisjonering av Telenor som vekstselskap vil difor venteleg auke verdien av eigenkapitalen.

  • Ein aksjeemisjon vil opne for at Telenor kan ta større investerings- og strukturgrep, noko som truleg vil bli reflektert i verdiutviklinga til selskapet og auke verdien av staten sine investeringar.

  • Telenor har utvikla industriell kompetanse både i Noreg og internasjonalt som kan danne grunnlag for vidare satsing på lønnsame investeringsprosjekt.

  • Det er viktig å trekkje til seg talent til eit norskbasert selskap som kan medvirke til at det norske kompetansemiljøet innanfor tele- og IT-bransjen kan utviklast vidare.

  • Auka vekst i utlandet vil gi stordriftsfordelar; m.a. ved at ein i større grad kan dele dekninga av produktutviklingskostnader m.m. Dette vil venteleg og gi lågare prisar på tenesteleveransar i den norske marknaden.

  • Det er for Telenor viktig med ein organisasjon av ein viss storleik for å vere ein attraktiv partnar i internasjonale prosjekt og samarbeidsrelasjonar. Dette har og mykje å seie for val av strategiske partnarar og for makt til å påvirke innhald og retning i slike partnarskap. Telenor har potensial til å kunne utvikle sterkare partnarrelasjonar innanfor sine strategiske hovudområde.

  • Liten eller ingen vekst for Telenor vil i realiteten innebere stagnasjon og marknadsmessig tilbakegang. Faren for kompetanseflukt vil auke, og selskapet vil risikere å komme i ein vond sirkel, med mindre forretningsmessig og finansiell handlefridom.

Den vekststrategien som Telenor legg opp for å møte utfordringane på ein offensiv måte bør etter styret sitt syn gjennomførast så snart som mogeleg, slik at særleg finansmarknaden får eit tidleg signal om Telenor si strategiske retning. Hovudgrunnen til dette er at det vil medvirke til å gjere selskapet meir truverdig og attraktivt i samband med den kommande børsintroduksjonen.

Styret i Telenor AS meiner at realiseringa av vekststrategien gjer det nødvendig at Telenor allereie no blir sikra større finansiell kapasitet og fleksibilitet enn det selskapet har innafor fastlagte mål for selskapssoliditet, jf. St.prp. nr. 33 (1997-98) Om kapitalutviding i Telenor AS og Innst. S. nr. 124 (1997-98). Styret ønskjer difor at soliditetsmålet på 42 pst. kan reduserast med sikte på straks å kunne iverksetje den vekststrategi selskapet legg opp til. Dette medfører auka ekstern opplåning. Etter styret si vurdering vil ein nedgang i den bokførte eigenkapitalprosenten til selskapet ikkje få negative konsekvensar for børsintroduksjonen. Tvert om ventar selskapet at dette vil resultere i høgare verdivurderingar fordi lånemidlane vil bli investerte slik at det gir selskapet ein sterkare marknadsposisjon og medvirkar til å gjere vekststrategien truverdig. Telenor vil prioritere strengt mellom dei konkrete investeringsprosjekta og vil sjå til at det blir utført risikoanalysar som sikrar at Telenor ikkje tek på seg for stor risiko sett i høve til eigenkapitalfundamentet og innteninga til selskapet. Det blir vidare lagt til grunn at konsernet si totale porteføljesamansetjing blir underkasta kontinuerleg vurdering, slik at selskapet er mest mogeleg robust mot økonomiske tilbakeslag i bransjen spesielt eller meir generelt i økonomien.

Med Telenor sitt strategiopplegg vil den bokførte eigenkapitalprosenten kunne komme ned mot om lag 25 pst. Gjelda vil likevel etter styret sitt syn vere moderat sett i høve til den sannsynlege marknadsverdien av eigenkapitalen. Opplegget medfører elles at opplåninga eit stykke på veg vil bli refinansiert til eigenkapital ved børsintroduksjonen. Telenor legg vekt på at selskapet framleis skal ha ei god «kredittrating» og vil tilpasse opplåningsnivået for å hindre uønskt nedgradering av kredittverdet til selskapet.

Sjølv om utvida ekstern opplåning vil gi Telenor større handlefridom for å iverksetje vekststrategien, kan det likevel oppstå investeringsalternativ før børsintroduksjonen som krev ytterlegare finansiell førebuing. Telenor viser her til behovet for finansiell slagkraft til å kunne medvirke i større strukturforretningar, der kapitalbehovet vil kunne gå utover dei rammer som Telenor ser det som forsvarleg å lånefinansiere. Styret i Telenor AS foreslår difor at staten opnar for å gjennomføre kapitalinnskott på kort varsel før børsintroduksjonen, dersom eit grunngitt forslag om ei stor lønnsam investering blir lagt fram. Denne typen investeringsalternativ kjem ofte brått på og har stutte tidsfristar for sakshandsaming og vedtak. Aktørar som ønskjer å ta del i slike store forretningar må difor på førehand hente inn samtykke frå sine eigarar. I Telenor sitt tilfelle inneber dette at regjeringa må få nødvendige fullmakter frå Stortinget. Dersom Regjeringa finn å kunne akseptere selskapet si oppmoding om statleg kapitalinnskott før børsintroduksjonen, foreslår styret at det blir sett av ei ramme på opptil 30 mrd. kr. Eit slikt kapitalinnskott kan til dømes skje gjennom eit ansvarleg og konvertibelt lån frå staten, slik at staten kan velje mellom å få lånet tilbakebetalt heilt eller delvis, eller å omdanne lånet heilt eller delvis til aksjekapital.

Departementet viser til vedlagte brev av 11.2 og 4.4. 2000 frå styret i Telenor AS og til informasjonsmemorandum om Telenor (utrykt vedlegg) som selskapet har laga saman med investeringsbankane Christiania Markets og HSBC Investment Bank plc.

Til forsida