Statsbudsjettet 2023

Auka løyvingar til kommunane, men òg auka kostnadar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ein vekst i kommunane sine frie inntekter på 2,6 milliardar kroner for å dekke auka demografikostnadar. Veksten blir fordelt med 1,7 milliardar kroner på kommunane og 0,9 milliardar kroner på fylkeskommunane. Budsjettet vert lagt fram i ei tid med stor aktivitet i norsk økonomi og rekordlåg arbeidsløyse.

- Det er svært gledeleg at mange har kome i arbeid og at mange bedriftene går godt etter pandemien, men situasjonen i norsk økonomi skapar òg utfordringar. Prisane stig raskt og rentene aukar. Den økonomiske situasjonen påverkar både hushaldingar, næringsliv og det offentlege Noreg. Kommunesektoren er ikkje noko unntak, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Veksten i dei frie inntektene på 2,6 milliardar er større enn kva som vart signalisert i kommuneproposisjonen frå mai. Samstundes har dei berekna kostnadene til demografi auka frå 1,4 til 2,6 milliardar kroner.

Etter nokre år med høgare skatteinngang enn venta har mange kommunar bygd seg opp større disposisjonsfond. Ikkje minst vart 2021 vesentleg betre enn venta, gjennom uventa høg skatteinngang mot slutten av året. Dette gir mange kommunar ein solid buffer i møte med tøffare økonomiske tider.

− Vi prioriterer kommunane, men også kommunane vil merke at det er eit stramt budsjett. Kommunane er samla sett godt rusta til å handtere utfordringane og fortsette å gje innbyggjarane gode tenester. Samstundes er det stor variasjon mellom kommunane og for nokre kommunar vil det kunne verte meir krevjande enn for andre, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Fylkesvis oversikt

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no