Justisministeren tok imot cruiseutvalets rapport

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Cruiseutvalets rapport blei i dag overlevert til justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Cruiseutvalet, leia av Kjerstin Askholt, overleverte sin rapport til justis- og beredskapsminister Enger Mehl i Hustadvika i dag.
Cruiseutvalet, leia av Kjerstin Askholt, overleverte sin rapport til justis- og beredskapsminister Enger Mehl i Hustadvika i dag.

Utvalet fekk i 2020 i oppdrag å vurdere utfordringar med sikkerheit og beredskap knytt til cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensa havområde. Utvalet skulle sjå framover og gje myndigheitene meir kunnskap om korleis ein skal forholde seg til aukande cruisetrafikk.

Bakgrunnen var blant anna hendinga med cruiseskipet Viking Sky, som fekk motorstans utanfor Hustadvika 23. mars 2019. Hendinga var nær ved å få katastrofale følgjer. Over 500 passasjerar blei evakuert frå skipet med helikopter. 

Etterpå var det mange som meinte det var behov for ei utgreiing. Også på Stortinget var det bred enighet om at det burde settes ned eit utvalg. 

– Eg er oppteken av at vi skal ha ein solid beredskap både til sjøs og på land. Denne utgreiinga gjer oss eit solid kunnskapsgrunnlag for å utvikle beredskapen vidare, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Det var utvalets leiar Kjerstin Askholt som overleverte NOU’en til justisministeren på Hustadvika Gjestegård.

NOU 2022: 1 Cruisetrafikk i norske farvann og tilgrensende havområder — Sjøsikkerhet, beredskap og redning – utfordringer og anbefalinger