Statsministeren besøkjer Kristiansand

Stad:

Statsministeren besøkjer Kristiansand.

Kl. 09.05: Statsministeren besøkjer bedrifter og aktørar som er knytt til havvindsatsinga i Agder, mellom andre Origo Solutions, Nekkar AS og Fremtidens Havvind. Tema er grøn industriutvikling og klyngesatsinga for havvind i Agder. Adresse: Andøya industriområde.

Kl. 11.15: Statsministeren held ei gjesteforelesing om den sikkerheitspolitiske situasjonen etter åtaket på Ukraina. Adresse: Universitetet i Agder, Campus Kristiansand. Gjesteforelesinga kan følgjast på nettsida til Universitetet i Agder.

Kl. 12.25: Statsministeren besøkjer eit ressurssenter for ukrainske flyktningar i Kristiansand kommune. Adresse: Kristian IVs gate 26.

Kl. 13.30: Statsministeren får ei orientering om prosjektet «Nye mønstre – trygg oppvekst»  på Rådhuset i Kristiansand.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.