Statsministeren til Bodø

Stad: Bodø

Statsminister Jonas Gahr Støre er på reise i Bodø.

Kl. 10.30: Statsministeren besøkjer Widerøe. Under overskrifta «Grøn luftfart» vil Widerøe skildre korleis dei omstiller seg for å nå målet om å bli eit av dei første flyselskapa i verda som blir tilnærma utslippsfrie. Stad: Hovudinngangen, Langstranda 6.

Merk: Presse må akkreditera seg seinast onsdag 12. oktober kl. 13.00 til e-post kommunikasjonsavdeling@wideroe.no.

Kl. 11.45: Statsministeren besøkjer Karrieresenteret i Bodø, der han får ei orientering om Prosjekt fullført, og har samtale med unge under 30 år som deltek i prosjektet om vidaregåande opplæring. Stad: Jernbaneveien 69.

Kl. 13.30: Statsministeren held ei gjesteforelesing om den sikkerheitspolitiske situasjonen, og deltek i ein panelsamtale på Nord universitet i Bodø. Stad: Universitetsalléen 11.

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer Bodø Idrettsråd i Nordlandshallen. Tema for besøket er idrettsrådets tilbod om aktivitetsguide, og Støre får møte ein familie som har hatt nytte av tilbodet. Stad: Plassmyrveien.

Kl. 18.45: Statsministeren er til stades på fotballkampen mellom Bodø/Glimt og Arsenal på Aspmyra stadion.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.