Mattilsynet

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Instruksar, tildelingsbrev og årsrapportar

Instruksar, tildelingsbrev og årsrapportar for underliggjande verksemder er tilgjengeleg på denne sida.

Nettside: http://www.mattilsynet.no/