Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet har størstedelen av verksemda si i Bergen, er rådgjevar for Nærings- og fiskeridepartementet og har sentrale oppgåver i å undersøkje og overvake fiskebestandar og sjøpattedyr, hav- og kystmiljø og arbeide med havbruk og havbeite.

Noko av grunnlaget for rådgjevinga kjem frå forsking som gjeld det marine økosystemet og innverknaden frå klimaendringar og menneskeleg påverknad. Instituttet har nær kontakt med havforskarar i andre land. Mykje av det internasjonale samarbeidet føregår gjennom Det internasjonale råd for havforsking (ICES). Havforskingsinstituttet blir i hovudsak finansiert direkte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet.

Nettside: http://www.imr.no/