Kunnskapsbedrift med hjarte for kysten

(Dette er resten av saka Kunnskapsbedrift med hjarte for kysten frå Regionalnytt nr 5/2014)

Forankring

Dei to gründerane kjende kvarandre frå studiedagar i Bergen. Seinare vart det tilfeldig at dei tok doktorgraden i Tromsø om lag samtidig, Kjersti i akvakultur, Kriss i marin systemøkologi.

– Avgjersla om å etablere SALT tok vi om bord på den gamle hurtigruta «Lofoten» ein mørk og råkald førjulskveld. Inne vart det berre lysare og lysare, medan den eine ideen tok den andre. Vi var heilt på line: Vi ville bu i Svolvær. Og vi ville drive med formidling. SALT skal medverke til utvikling på kysten, der ressursane finst og verdiskapinga faktisk skjer, seier ho.

Midt i smørauget

Store tema, som petroleum, vindparkar, verdsarv, tidvasskraft og kanskje dei rikaste fiskeområda i verda pregar Lofoten.

– Og midt oppi dette sit SALT, med høg kompetanse på marine økosystem, kystnæringar og entreprenørskap – spissa mot nordlege problemstillingar. Det er fagleg veldig spennande! understrekar Busch.

Alle i staben har utdanning på mastergrads- og doktorgradsnivå. Eit par gonger i månaden får SALT e-post (eller digital flaskepost, som dei kallar det) frå høgt kvalifiserte personar som ønskjer å arbeide hos dei.

Japan neste?

SALT tek mål av seg til å vekse.

– Fem til sju medarbeidarar, slik vi er i dag, er ein kritisk masse. Dersom vi blir fleire, vil det gje oss større kraft. Vi har ein ambisjon om å få internasjonale oppdrag, seier Kjersti Busch.
For oss var det ei storhending då SALT møtte ein japansk forskar, saman med norske tungvektarar, som Statoil og SINTEF.

– Den japanske forskaren bøygde seg fram over bordet og peika på SALT med denne kommentaren: «We need companies like you in Japan.» Slikt er stas, seier Busch.

God kunde

Kundane fordeler seg jamt mellom offentlege og private. Noko av det SALT har aller mest lyst til å gjere, er òg det som er vanskelegast å få finansiert.

– Vi vil så gjerne formidle til ungdom i Nord-Noreg. Vi vil vise kystungdom dei utdanningsmoglegheitene som finst, og korleis det kan matchast med arbeidsmoglegheiter heime.

Dei minner òg kommunane på at noko av det viktigaste kommunane kan hjelpe lokale gründerar med, er å vere gode kundar.

– Det betyr mykje meir enn milde gåver. Kommunane kan anerkjenne lokal kunnskap og sørgje for at fleire oppdrag går til lokale leverandørar. Det kan dei gjere heilt utan å bryte reglar. På den måten medverkar dei til å sikre lokale arbeidsplassar, og gjere lokale selskap endå meir kompetente til neste oppdrag. Dette må då vere til fordel for kommunane, seier Kjersti Eline Tønnesen Busch. 

[Tilbake til Regionalnytt nr 5/2014]