§§ 2 og 23 - Spørsmål om unntak etter offentleglova for forskingsrapportar

Brevdato: 21.04.2010

Spørsmål om unntak etter offentleglova for forskingsrapportar


Lovavdelinga i Justisdepartementet viser til brev frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) 7. april 2010, der det blir bede om ei skriftleg uttale frå Lovavdelinga om det kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova § 23 for forskingsrapportar i tilfelle der organ som driv med forskingsverksemd, konkurrerar om forskingsoppdrag med private.

Etter offentleglova § 23 fyrste ledd kan det gjerast unntak frå innsyn når dette er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomiforvaltninga til organet. Denne unntaksføresegna vernar om dei privatøkonomiske interessene til organet i forhandlingssituasjonar. Derimot gjev føresegna normalt ikkje høve til å nekte innsyn over lang tid, typisk etter at dei aktuelle forhandlingane er avslutta, sjå Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) s. 146-147 og Rettleiar til offentleglova s. 139. Det kan vere høve til å gjere unntak for visse opplysningar òg etter dette, men dette vil typisk berre vere aktuelt for forhandlingsstrategiar og andre generelle opplysningar med tanke på seinare forhandlingar. 

Det unntaksbehovet LMD gjer greie for, gjeld varige unntak frå innsyn for forskingsrapportar. Ut frå det som er sagt ovanfor, og som følgjer av førearbeida, gir ikkje offentleglova § 23 fyrste ledd høve til slikt unntak. Ei ordning der forskingsrapportane skal vere å rekne som den private opp­dragsgjevar sin ”private eigedom” let seg ikkje sameine med vilkåra i paragrafen.

Det kan vere aktuelt å gjere unntak for forskingsrapportar etter nokon av dei innhalds­baserte unntaka i offentleglova. Dette vil avhenge av det nærare innhaldet i den aktuelle rapporten. Til dømes kan det ikkje gjevast innsyn i opplysningar som er omfatta av teieplikt, jf. offentleglova § 13 jf. forvaltningsloven § 13. Noko generelt unntaksgrunnlag for forskingsrapportar finst derimot ikkje i offentleglova.        

Etter det LMD opplyser, er dei nemnde forskingsinstitusjonane ikkje sjølvstendige rettssubjekt. Det er då heller ikkje heimel i offentleglova § 2 andre ledd for å fastsetje i offentlegforskrifta at offentleglova ikkje skal gjelde for denne typen forskingsverksemd, sml. offentlegforskrifta § 1 tredje ledd innleiinga og bokstav d. Det er heller ikkje heimel i offentleglova for å innføre noko generelt unntak i offentlegforskrifta for dokument som gjeld forskingsverksemd.

Sjølvstendige rettssubjekt som oppfyller vilkåra i offentleglova § 2 fyrste ledd andre punktum, fell utanfor offentleglova. Dersom det er ynskjeleg at verksemd skal haldast utanfor offentleglova sine reglar, må ein nytte denne organisasjonsforma. Når verksemda skjer i regi av det offentlege, og ho såleis blir drivi med offentlege midlar, gjer dei grunnleggjande omsyna bak innsynsretten seg fullt ut gjeldande.    

Det eksisterte tidlegare eit unntak frå innsyn for dokument som gjaldt ”det offentliges forskningsvirksomhet” (punkt V nr. 1 i forskrift til den tidlegare offentlegheitslova). Då den nye lova vart utforma, valde ein ikkje å vidareføre dette unntaket, men i staden halde seg til hovud­regelen om innsyn og dei generelle, innhaldsbaserte unntaka ein finn i lova.