§ 2 - Inkasso mot mindreårige

Brevdato: 04.07.2008

Inkasso mot mindreårige

Vi viser til Kredittilsynets brev 28. mai 2008 med spørsmål om mindreårige kan ha plikt til å dekkje kostnadene ved utanrettsleg inkasso.

Spørsmålet er drøfta i våre tolkingsfråsegner 5. mai 2006 (sak 2006/01456) og 15. november 2007 (sak 2007/05538)som følgjer med dette brevet. På bakgrunn av brevet frå Kredittilsynet har vi følgjande merknader:

Det er ingenting i vegen for at ei verje tek på seg å dekkje dei økonomiske skyldnadene til ein mindreårig. Dersom verja ikkje betalar i tide, kan kravet drivast inn gjennom utanrettsleg inkasso, og kreditor kan krevje at verja dekkjer naudsynte inndrivingskostnader etter inkassolova § 17. Om ei verje i det einskilde tilfellet har tatt på seg å dekkje dei økonomiske skyldnadene til ein mindreårig, må vurderast konkret.

I tilfelle der berre den mindreårige heftar for eit pengekrav, kan kreditor etter vårt syn ikkje krevje dekning av kostnadene ved utanrettsleg inndriving, jf. tolkingsfråsegnene som det er vist til ovanfor. Dette gjeld uavhengig av rettsgrunnlaget for det kravet som blir drive inn. Utgangspunktet i verjemålslova er at mindreårige ikkje kan stifte gjeld, og at eit eventuelt gjeldsansvar krev særskilt grunnlag, jf. særleg verjemålslova § 2. Som Lindorff peiker på i sitt brev 1. oktober 2007 til Kredittilsynet, kan den mindreårige i enkelte tilfelle bli ansvarleg for eit pengekrav, også utover dei tilfella som er nemnde i verjemålslova § 37. Vi kan derimot ikkje sjå at det er tilstrekkeleg rettskjeldemessig grunnlag for å påleggje den mindreårige å svare for inkassokostnader etter inkassolova § 17. Føresegna i inkassolova kan ikkje tolkast isolert, men må samanhaldast med dei allmenne reglane i verjemålslova. I lys av utgangspunktet i verjemålslova § 2 og dei føresegnene i lova som kan gi grunnlag for gjeldsansvar i særskilte tilfelle, må det etter vårt syn gå klart fram av lovgivinga dersom mindreårige skal ha plikt til å dekkje utanrettslege inndrivingskostnader. Med bakgrunn i dette meiner vi at inkassolova § 17, med si generelle utforming, ikkje gir ein adekvat heimel i denne samanhengen.