§ 25 - Spørsmål om innsyn i vedtak om tilsetjing

Saksnr: 11/7817 EO OKL/mk
Dato: 02.07.2013

 

Offentleglova § 25 – spørsmål om innsyn i vedtak om tilsetjing


Vi viser til brev 3. november 2011, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei vurdering av om det er høve etter offentleglova til å utsetje innsyn i eit tilsetjingsorgan sitt vedtak om å tilby ei stilling fram til tilbodet er akseptert.

Utgangspunktet for denne vurderinga er offentleglova § 25 fyrste ledd. Det heiter der at det kan gjerast unntak for dokument i sak om tilsetjing eller forfremjing i offentleg teneste, altså i organ som er omfatta av offentleglova. I utgangspunktet fell berre søkjarlister utanfor unntaket, jf. § 25 andre ledd, og ein kunne difor tenkje seg at eit vedtak om tilsetjing var omfatta av unntaket i fyrste ledd.

I Innst. O. nr. 41 (2005-2006) uttalar derimot fleirtalet i Justiskomiteen på Stortinget at unntaket i § 25 fyrste ledd ikkje bør omfatte den endelege arbeidsavtalen eller eit vedtak om tilsetjing, sjå her punkt 2.9 i innstillinga, på side 14. Fleirtalet fann ikkje behov for å endre ordlyden i føresegna, sidan det vil følgje av ei tolking at slike dokument ikkje bør reknast som dokument i ei sak om tilsetjing. Dette har vi seinare lagt til grunn som gjeldande rett, jf. Rettleiar til offentleglova side 149 og vårt brev til FAD 4. februar 2009 (JDLOV-2008-2669), der det òg blir gjeve uttrykk for at vedtak om tilsetjing truleg heller ikkje var omfatta av det tilsvarande unntaket etter den tidlegare offentlegheitslova.

Det er ikkje presisert nærare i Innst. O. nr. 41 (2005-2006) kva som er å rekne som vedtak om tilsetjing, og som difor vil falle utanfor unntaket i offentleglova § 25 fyrste ledd. Vi legg til grunn at dette normalt berre vil omfatte endelege avgjerder om tilsetjing, og såleis berre vere aktuelt for det dokumentet som inneheld avgjerda om at ein bestemd person skal tilsetjast. Vidare presiserer vi at etter vår vurdering omfattar avgrensinga frå unntaket berre sjølve avgjerda. Dersom det aktuelle dokumentet òg inneheld ei grunngjeving for vedtaket, ei omtale av innstillinga eller liknande, vil det kunne gjerast unntak for desse delane av dokumentet på vanleg måte etter § 25 fyrste ledd. Dokument som berre orienterer nokon om at dei ikkje har fått ei stilling, må òg vere omfatta av unntaket i § 25 fyrste ledd.

Dokumenta det er tale om her vil dessutan kunne vere å rekne som utarbeidde for organet si eiga interne saksførebuing, og såleis vere omfatta av unntaket for organinterne dokument i offentleglova § 14 fyrste ledd. Det følgjer då av § 14 andre ledd bokstav a at dokument eller del av dokument som inneheld den endelege avgjerda til organet i ei sak ikkje er omfatta av unntaket i fyrste ledd. Dersom det er tale om elles organinterne dokument som inneheld den endelege avgjerda i form av ei påteikning eller liknande, er det berre sjølve avgjerda det ikkje kan gjerast unntak for etter § 14 fyrste ledd, jf. Rettleiar til offentleglova punkt 7.2.6, på side 97.

Offentleglova § 5 inneheld føresegner om tilfella der innsyn i dokument kan utsetjast, samanlikna med dei vanlege reglane i § 4 om når innsynsretten tek til å gjelde. Etter § 5 tredje ledd kan innsyn i eit dokument utsetjast til det har kome fram til den det gjeld eller hendinga der opplysningar i dokumentet skal offentleggjerast har funne stad, dersom vesentlege private eller offentlege interesser tilseier det, jf. Rettleiar til offentleglova punkt 4.4.2.5.4.

Etter vår vurdering vil vedtak om tilsetjing i utgangspunktet vere omfatta av denne føresegna. Ein person som får tilbod om ei stilling, bør kunne gjere seg kjent med tilbodet før det blir offentleg kjent at han har fått det. I mange tilfelle vil det òg vere viktig for organet at den aktuelle personen blir kjent med tilbodet før dette blir offentleg.

Etter føresegna i § 5 tredje ledd kan innsyn berre utsetjast inntil den som får tilbodet har motteke det, og hatt høve til å gjere seg kjent med det. Dersom det går nokre dagar frå han blir kjent med tilbodet til han tek stilling til det, kan i utgangspunktet innsyn ikkje utsetjast i denne perioden.

Dersom stillinga er av ein slik kategori at det skal kunngjerast ved eit offentleg arrangement kven som blir tilsett, til dømes ved ein pressekonferanse, ser vi elles ikkje bort frå at innsyn kan utsetjast inntil dette arrangementet finn stad. Dei vanlege vilkåra etter offentleglova § 5 tredje ledd må vere til stades.