§ 32 - Spørsmål om rett klageinstans for klager over fylkemennene sine avgjerder etter offentleglova

Saksnr. 12/1051 EO OKL/bj
Dato: 10.06.2013

 

Spørsmål om rett klageinstans for klager over fylkesmennene sine avgjerder etter offentleglova

 

Vi viser til brev 7. februar og 28. august 2012, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei vurdering frå Lovavdelinga om kven som er rett klageinstans for klager over fylkesmennene sine avslag på innsynskrav etter offentleglova.

Etter offentleglova § 32 fyrste ledd fyrste punktum kan avgjerder etter lova påklagast til det forvaltningsorganet som er nærast overordna det organet som har gjort avgjerda. Fylkesmennene er underordna det aktuelle fagdepartementet innanfor dei ulike fagområda dei handterer, medan dei administrativt sett er underordna FAD, jf. Rettleiar til offentleglova punkt 7.3.2.2, på side 99. Føresegna i offentleglova § 32 fyrste ledd fyrste punktum inneber at klager over avgjerder frå fylkesmennene eller eit direktorat går til det aktuelle fagdepartementet, jf. rettleiaren side 173.

FAD har vist til offentlegforskrifta § 11 fyrste ledd, som seier at når eit uavhengig forvaltningsorgan avslår eit krav om innsyn, skal klageinstansen vere det organet som det uavhengige organet administrativt høyrer inn under. Dette relaterer seg ikkje til fylkesmennene, sidan desse er del av den vanlege forvaltningsstrukturen.

Etter vår vurdering må løysinga i spørsmålet om rett klageinstans difor vere at dersom innsynsspørsmålet hjå fylkesmannen er relatert til eit saksfelt som eit fagdepartement har eit særleg ansvar for, som til dømes skule, helse, miljøvern eller fiskeri, må det aktuelle fagdepartementet vere klageinstans dersom det blir klaga over fylkesmannen si avgjerd. Dersom innsynsspørsmålet derimot ikkje er relatert til eit slikt særleg saksfelt, vil FAD vere rett klageinstans.

I tråd med forvaltningslova § 33 fjerde ledd fyrste punktum, jf. offentleglova § 32 tredje ledd andre punktum, bør dokumenta i klagesaka sendast direkte frå fylkesmannen til den aktuelle klageinstansen. Det er ingen grunn til at klagene generelt skal sendast gjennom FAD. Dersom det derimot er tvil om kva for departement klagesaka høyrer under, til dømes av di innsynskravet er knytt til fleire saksfelt, kan det vere gode grunnar til å sende saka til FAD fyrst. FAD er administrativt overordna fylkesmennene, og det ligg såleis dette departementet nærast å ta stilling til kven som i tvilstilfelle er rett klageinstans. Dette kan typisk skje i samarbeid med dei departementa som er aktuelle klageinstansar.