§§ 5, 13, 15, 20, 23 og 24: Unntaksreglar i offentleglova som omfattar dokument som gjeld formuesforvaltning

Saksnr: 201001453 EO KRY/OKL
Dato: 20.05.2010

Unntaksreglar i offentleglova som omfattar dokument som gjeld formuesforvaltning


Innleiing
Lovavdelinga i Justisdepartementet viser til tidlegare kontakt med Finansdepartementet om offentleglova, der det er reist spørsmål om kva for unntaksreglar i offentleglova som kan omfatte dokument som gjeld formuesforvaltning. Det har i denne samanhengen vore vist til enkelte situasjonar der Finansdepartementet har behov for å kunne utveksle informasjon med andre organ eller eksterne aktørar utan at informasjonen blir offentleg kjent. Liknande spørsmål oppstår òg der andre organ, som Noregs Bank, utvekslar informasjon med andre aktørar.

Det vil i det følgjande bli gjort greie for dei unntaks- og avgrensingsreglane i offentleglova og offentleg¬forskrifta som i praksis vil vere dei mest aktuelle i dei situasjonane Finansdeparte¬mentet har nemnt. Framstillinga må ikkje oppfattast som ein uttøm¬mande gjennomgang av alle unntaks¬reglar som kan vere aktuelle for dokument om formuesforvaltning eller forretningsdrift.

Avgrensinga frå verkeområdet til offentleglova
I offentlegforskrifta § 1 tredje ledd er det fastsett at offentleglova ikkje gjeld for bestemte typar dokument ”hos [utpeika] sjølvstendige rettssubjekt”. Etter bokstav b er ”dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål” omfatta av denne avgrensinga. Denne føresegna omfattar rettssubjekt som har som si oppgåve eller som ei sentral oppgåve å plassere formues¬middel på kapitalmarknaden. Noregs Bank og Folketrygdfondet er dei mest typiske eksempla på slike rettssubjekt. Dokument som slike organ har, og som gjeld formuesforvaltning, er såleis ikkje omfatta av offentleglova.

Denne avgrensinga gjeld likevel berre”hos” det aktuelle organet. Dersom dokumenta blir sende over til andre organ, vil dei der bli omfatta av offentleglova og innsynsretten på vanleg måte.

Utsett innsyn
I visse samanhengar kan det vere aktuelt med utsett innsyn, slik at det fyrst blir inn-synsrett i dokument på eit seinare tidspunkt enn det som elles følgjer av hovud¬reglane i offentleglova § 4 andre ledd. Dette er regulert i offentleglova § 5. Det mest aktuelle alternativet for utsett innsyn i saker som dei Finansdepartementet har nemnt, er § 5 tredje ledd. Denne føresegna seier at dersom vesentlege private eller offentlege omsyn tilseier det, kan inn¬syn i eit dokument utsetjast til det har kome fram til den det gjeld, eller hendinga der det skal offentleggjerast har funne stad. Typiske døme på situasjonar der sistnemnde alternativ kan vere oppfylt er der Noregs Bank tek avgjerder om styringsrenta, og der det blir teke endelege avgjerder om nye investeringar. Slike avgjerder skal offentleggjerast innan kort tid, og det kan då utsetjast innsyn i dei inntil offentleggjering har skjedd. Det opplagte behovet for utsett innsyn i slike tilfelle medfører at vilkåra etter alt å døme vil vere oppfylde.

Teieplikt
Informasjon som er omfatta av teieplikt, skal ikkje gjerast tilgjengeleg for uved-komande, og innsyn i slik informasjon er såleis utelukka. Dette kjem til uttrykk i offentleglova § 13 fyrste ledd, der det heiter at opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i med¬hald av lov ”er unnatekne frå innsyn”. Når det gjeld opplysningar om investeringar og andre forretningstilhøve, kan dette i mange tilfelle vere opplysningar som er omfatta av teieplikt etter forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2. Forvaltningslova gjeld i utgangs¬punktet ikkje for sjølvstendige rettssubjekt, men sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av offentleglova, har etter offentleglova § 13 andre ledd same unntakshøve etter reglane om teieplikt i forvaltningslova som det forvaltningsorgan har. Reglane om teieplikt er ikkje endra med offentleglova, og det er ikkje grunn til å gå nærare inn på innhaldet i forvaltningslova § 13 fyrste ledd nr. 2 her.

Det finst elles ei rekkje reglar om teie¬plikt i lovverket, og det er i denne samanhengen grunn til å nemne særleg verdi¬papir¬handellova § 3-4 fyrste ledd, der det heiter at ”[d]en som har innsideinformasjon må ikke gi slike opplysninger til uvedkommende”. Definisjonen av innsideinformasjon i verdipapirhandellova § 3-2 er vid, og ei rekkje opplysningar som inngår i korres¬pon¬danse om formuesforvaltning mellom Finans-departementet og andre organ, mellom to andre organ, eller mellom eit organ og eksterne aktørar, vil vere omfatta av dette. Til dømes vil informasjon om planlagde investeringar og sal vere eigna til å påverke aksjekursar og såleis utgjere innside¬infor-masjon, som er omfatta av teieplikt. Tilsvarande vil gjelde for mange opplysningar om selskap det er aktuelt å investere i, eller som elles blir omtala i korrespondanse mellom departementet og andre aktørar.

Unntaket for opplysningar som er omfatta av teieplikt, vil i utgangspunktet ikkje gje rett til unntak for heile dokument, men slikt unntak kan gjerast dersom eit av alternativa i offentleglova § 12 er oppfylt. Som døme kan nemnast at dersom det er spørsmål om innsyn i ei omfattande utgreiing som omhandlar ei rekkje ulike selskap som det er aktuelt å investere i eller selje seg ut av, kan det vere grunnlag for å gjere unntak for heile utgreiinga i medhald av § 12 bokstav b. I tillegg til at det må dreie seg om eit stort dokument, må opplysningane som er omfatta av teieplikt, vere spreidde utover store delar av denne utgreiinga for at det skal kunne gjerast unntak for heile dokumentet etter § 12 bokstav b.

Dersom eit dokument nærast berre inneheld opplysningar som er omfatta av teieplikt, slik at det som eventuelt står att, og som ein kan gje innsyn i, ikkje har nokon informasjonsverdi, kan det vere aktuelt med unntak for heile dokumentet etter § 12 bokstav c. Sjå nærare om § 12 i Rettleiar til offentleglova s. 69-70.

Unntak for opplysningar om lovbrot
Etter offentleglova § 24 andre ledd kan det gjerast unntak for dokument om lovbrot. Kor lenge unntakshøvet varar vil variere etter kven det aktuelle dokumentet kjem frå. Dersom dokumentet kjem frå private, kan det etter § 24 fyrste punktum gjerast unntak på ubestemt tid, medan unntakshøvet er avgrensa til å gjelde inntil saka er endeleg avgjort dersom dokumentet kjem frå eit offentleg organ.

Unntaket gjeld for dokument om alle slags lovbrot, og det er til dømes ikkje krav om at det skal vere straffereaksjonar eller andre sanksjonar knytte til brotet. Vidare gjeld unntaket uavhengig av kven som eventuelt står bak lovbrotet. Lovbrot frå både private og offentlege organ, nordmenn og utlendingar er omfatta. Dette unntaket kan såleis nyttast til å gjere unntak for dokument som omhandlar lovbrot der eit offentleg organ står bak, eller lovbrot hjå selskap som Noregs Bank eller andre vurderer å investere i. Det aktuelle dokumentet må dreie seg om eit lovbrot, med andre ord må lovbrotet såleis vere eit hovudtema. At det er nemnt noko om lovbrot i eit dokument, er ikkje tilstrekkeleg for å gjere unntak. På den andre sida er ikkje unntaket avgrensa til å gjelde konstaterte lovbrot; også dokument som omhandlar mistanke om lovbrot, eller som inneheld vurderingar av om ei handling er å rekne som lovbrot, vil vere omfatta.

Føresegnene i offentleglova § 24 andre ledd gjev høve til å gjere unntak for heile dokument, og det er ikkje oppstilt skadevilkår for å kunne gjere unntak. Dette medfører at meirinnsyns¬regelen i offentleglova § 11 blir svært viktig i vurderinga av om det skal gjerast unntak etter § 24 andre ledd. Dreier saka seg om bagatellar, mindre saker langt attende i tid og liknande mindre alvorlege tilfelle, er det ofte ikkje behov for å gjere unntak. Dersom det er stor offentleg interesse knytt til saka, må behovet for unntak vurderast nøye.

Unntaket i § 24 andre ledd gjeld uavhengig av om opplysningar om lovbrotet er omfatta av teieplikt. Opplysningar om lovbrot som er gjorde av offentlege organ eller av juri-diske personar som selskap, stiftingar osv., vil normalt ikkje vere omfatta av teieplikta etter forvalt¬nings¬lova § 13 fyrste ledd nr. 2. Sjå meir om teieplikt i samband med lovbrot i Rettleiar til offentleglova s. 81-82. Derimot kan ein nok tenkje seg at opplys¬ningar om lovbrot gjorde i og av selskap kan vere eigna til å påverke aksjekursar og tillit i mark-naden, og dermed fell innanfor definisjonen av innsideinformasjon i verdipapir¬handel-lova § 3-2. Opplysningane vil då vere omfatta av teieplikt etter § 3-4 i same lov. Slike opplysningar vil det sjølvsagt ikkje vere aktuelt å gje meirinnsyn i.  

Unntakshøvet etter offentleglova § 15 fyrste ledd fyrste punktum
Etter offentleglova § 15 kan det gjerast unntak for enkelte dokument eller delar av dokument som blir innhenta av eit organ til bruk i deira interne saksførebuing. Etter fyrste ledd fyrste punktum i paragrafen kan det gjerast unntak for dokument som eit organ har innhenta frå eit underordna organ til bruk i den interne saksførebuinga, dersom dette er naudsynt for å sikre forsvarlege interne avgjerdsprosessar. Dersom Finansdepartementet innhentar dokument frå eit underordna organ, kan det såleis vurderast å gjere unntak etter denne føresegna.

Det har vorte stilt særskilt spørsmål om Noregs Bank og Folketrygdfondet kan vere å rekne som ”underordna organ” for Finansdepartementet i offentleglova sin forstand. Lovavdelinga har følgjande merknader til spørsmålet:

Dei momenta som typisk vil vere avgjerande for om eit organ er overordna eit anna, er om det fyrstnemnde har omgjerings- og instruksjonsrett overfor det andre organet, og om det fyrste organet kan påleggje det arbeidsoppgåver innanfor det aktuelle saksom-rådet, jf. Ot.prp. nr. 102 (2004–2005) på side 133. Men desse punkta treng ikkje alltid vere til stades for at organ skal reknast som overordna og underordna etter offentleg-lova. Organ vil heller ikkje automatisk vere å rekne som overordna og underordna overfor kvarandre i alle tilfelle der desse vilkåra er oppfylde.

I enkelte situasjonar medfører ikkje omgjerings- og instruksjons¬rett eller rett til å påleggje arbeidsoppgåver at organa er å rekne som overordna/underordna. I Ot.prp. nr. 102 (2004-2005) s. 133 er det nemnt nokre døme på organ som ikkje skal reknast som underordna organ i noko tilfelle. Dette gjeld i alle tilfelle for sjølvs¬tendige rettssubjekt. Det er òg nemnt at lovbestemt plikt til å gje frå¬segn¬er ikkje skal føre til at eit organ er å rekne som underordna.

Noregs Bank og Folketrygdfondet er begge organiserte som sjølvstendige rettssubjekt, og dei fell såleis utanfor det vanlege forvaltningshierarkiet. Så lenge ein har å gjere med sjølvstendige rettssubjekt, kan ein aldri tale om underordna organ i vanleg forvalt¬nings-rettsleg forstand. Dette er ein konsekvens av valet av organisasjonsforma sjølvstendig retts¬subjekt, med dei føremonene det elles kan ha. Organisa¬sjonsforma er med andre ord avgjerande. Konklusjonen er såleis at Noregs Bank og Folketrygdfondet ikkje kan reknast som underordna organ etter offentleglova, og unntaket i offentleglova § 15 fyrste ledd fyrste punktum kan difor ikkje brukast for dokument frå desse organa.

Heller ikkje Etikkrådet kan reknast som underordna Finansdepartementet. Vurderinga etter offentleglova § 15 fyrste ledd fyrste punktum blir såleis den same for dokument frå dette organet.

Unntakshøvet etter offentleglova § 15 andre ledd
Det kan derimot vere aktuelt med unntak etter § 15 andre ledd for dokument frå alle dei ovanfor nemnde organa. Etter denne føresegna kan det gjerast unntak for delar av dokument som inneheld råd og vurderingar om korleis eit organ bør stille seg i ei sak, og som organet har innhenta til bruk for den interne saksførebuinga si, når unntak er påkravd av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i saka. Dette unntaket gjeld såleis for alle organ som er omfatta av offentleglova, både forvaltningsorgan og sjølv¬stendige rettssubjekt, og det kan gjerast unntak uavhengig av kven dokumenta er innhenta frå. Dersom avsendaren er omfatta av offentleglova, gjeld unntakshøvet tilsvarande for denne som for mottakaren.

Unntaket er avgrensa til å gjelde dei ”delar av eit dokument” som inneheld råd og vurderingar om korleis organet bør stille seg i ei sak. Dette inneber at føresegna i utgangspunktet ikkje opnar for å gjere unntak for heile dokument, men på den andre sida er unntakshøvet ikkje avgrensa til enkeltopplysningar. Ein kan gjere unntak for dei delane, noko som i skriftlege dokument typisk vil utgjere avsnitt, der det er innteke råd og vurderingar. Vidare må råda og vurderingane omhandle korleis mottakarorganet skal stille seg i ei konkret sak, og det må vere påkravd med unntak av omsyn til det offentlege sine interesser i den same konkrete saka.

Det kan berre gjerast unntak etter denne føresegna der dette er  ”påkravd”. Det må liggje føre ein reell fare for at innsyn kan føre til skade av eit visst omfang på det offentlege sine interesser i saka. På den andre sida kan det leggjast vekt på omsynet til ”det offentlege sine interesser” generelt, og unntakshøvet er såleis ikkje avgrensa til å gjelde behovet avsendar- og mottakarorganet må ha. Det kan òg leggjast vekt på behovet til andre offentlege organ som er involverte eller omtala i saka. Unntaksbehovet vil typisk endre seg med tida. Etter ei tid vil ofte faren for skade-verknader vere mindre eller borte. 

Dokumentet må òg vere innhenta til bruk for den interne saksførebuinga til mottakar-organet, noko som inneber at initiativet til å sende dokumentet må kome frå mottakar-organet, og at føremålet med innhentinga er å bruke det i den interne sakshand-saminga.    

Såkalla ”tentative synspunkt” vil etter alt å døme vere å rekne som slike ”råd og vurderingar” det kan gjerast unntak for etter § 15 andre ledd. Det same er tilfellet for førebelse utkast og synspunkt som blir utveksla mellom organa før det blir teke noka avgjerd. Føremålet med slike utkast og synspunkt er gjerne å kome med råd om kva slags avgjerd som bør takast i ei sak, og dette er omfatta av § 15 andre ledd. Føresetnaden for unntak her er sjølvsagt at dei aktuelle dokumenta er innhenta av mottakarorganet, og at det er påkravd med unntak.

Unntaket er elles ikkje avgrensa til å gjelde råd og vurderingar som gjeld bindande eller endelege avgjerder eller korleis eit organ skal stille seg endeleg i ei sak. Også meir førebelse råd og vurderingar av om ein skal gå vidare med ei sak, om det skal gjerast nærare under¬søkingar, korleis ei sak skal handterast vidare, kva slags førebels stand-punkt organet skal ta og liknande vil vere omfatta av unntaket. Vi går ut frå at dette ofte vil vere aktuelt i saker om forret¬nings¬verksemd og investeringar og annan formues-forvalt¬ning.     

I utgangspunktet vil unntaket i offentleglova § 15 andre ledd ikkje omfatte reine fakta-skildringar, generelle utgreiingar av rettsspørsmål, bakgrunnsinformasjon og anna materiale som ikkje er å rekne som ”råd og vurderingar” om korleis organet skal stille seg i ei bestemt sak. I ein del tilfelle vil unntaket likevel kunne omfatte slik faktisk informasjon. Dersom slike generelle utgreiingar er fletta saman med konkrete vurde-ringar som gjeld den bestemte saka, vil det vere høve til å gjere unntak òg for dei generelle delane, sidan unntaket gjeld ”delar av dokument”, jf. ovanfor. Eit typisk døme på dette er rettslege vurderingar av enkeltspørsmål, der generelle og konkrete vurde-ringar ofte vil vere fletta tett saman i same avsnitt.

”Råd og vurderingar” kan òg knyte seg meir direkte til faktum i saka. Dersom det er tvil om kva faktum ein skal leggje til grunn, til dømes om tilhøva i eit selskap, kan faktaskildringa utgjere ein integrert del av dei endelege råda og vurderingane om korleis mottakar¬organet skal stille seg i saka. Faktaskildringa kan då vere omfatta av unntakshøvet i § 15 andre ledd.
 
Dersom situasjonen er slik at faktiske skildringar er omfatta av unntakshøvet, kan det tenkjast at det kan gjerast unntak for heile dokument etter § 15 andre ledd. For at dette skal vere aktuelt må likevel alle delar av dokumentet innehalde råd om eller vurde-ringar av korleis mottakarorganet skal stille seg i saka. I andre tilfelle kan det tenkjast at det kan gjerast unntak for heile dokumentet i medhald av offentleg¬lova § 12. I slike dokument som det er tale om her, kan situasjonen vere at det skal gjerast unntak etter § 15 andre ledd for dei råda og vurderingane som kjem frå mottakar¬organet, medan faktisk bakgrunnsinformasjon ikkje er omfatta av unntaket. Det kan etter om¬stenda då tenkjast at denne bakgrunnsinformasjonen åleine vil gje eit ”direkte mis¬visande bilete” av innhaldet i det fullstendige dokumentet. Dersom dette er tilfelle, kan det gjerast unntak for heile dokumentet etter § 12 bokstav a. Sjå nærare om § 12 bokstav a i Rettleiar til offentleglova s. 70. I andre tilfelle kan det vere aktuelt med unntak for heile dokumentet etter § 12 bokstav b eller c, sjå om dette ovanfor under avsnittet om teieplikt.

Meirinnsyn etter offentleglova § 11 skal vurderast òg ved unntak etter § 15 andre ledd, men dersom vilkåra i § 15 andre ledd er oppfylde, og det såleis er ”påkravd” med unntak, vil meirinnsyn vere lite aktuelt.

Unntak etter offentleglova § 15 tredje ledd
Ofte kan det vere behov for òg å gjere unntak for dokument som gjeld innhenting av slike dokument som er nemnde i offentleglova § 15 fyrste og andre ledd. Slike dokument kan ofte røpe noko av den same informasjonen som det er behov for å gjere unntak for i svardokumentet. Offentleglova § 15 tredje ledd seier difor at unntaka i paragrafen gjeld tilsvarande for dokument om innhenting av dokument som er nemnde i fyrste og andre ledd. Det sentrale med denne i dei tilfella Finansdepartementet har nemnt, er at det kan gjerast unntak for dei delane av eit slikt innhentingsdokument der det blir bede om slike råd og vurderingar som det kan gjerast unntak for etter andre ledd. Dei same vilkåra for unntak vil gjelde her som etter andre ledd. Dersom det skal gjerast unntak, må det såleis bli bede om råd om og vurderingar av korleis avsendar-organet skal stille seg i ei konkret sak, organet må ha meint å skulle bruke svaret i saksførebuinga si, og det må vere påkravd med unntak av omsyn til ei forsvarleg ivaretaking av det offentlege sine interesser i den konkrete saka. Unntakshøvet vil òg her gjelde både avsendar og mottakar.

Unntaksvurderinga blir såleis langt på veg den same som etter andre ledd. Dette omfattar òg moglegheita for unntak for heile dokument på grunnlag av § 12 eller av di førespurnaden om råd og vurderingar er fletta saman med faktaskildringar og annan tekst på ein slik måte at det kan gjerast unntak for alle delane av dokumentet. Dersom det er tvil om kva som er rett faktum, vil òg ei faktaskildring kunne utgjere ein del av sjølve førespurnaden om råd og vurderingar. 

Etter § 15 tredje ledd kan det vere høve til å gjere unntak for innkallingar til og referat frå møte mellom eit organ og nokon som gjev råd eller vurderingar som nemnde i andre ledd. Dette er typisk dokument som kjem i staden for slike dokument som er omfatta av andre ledd. Unntakshøvet og vilkåra for unntak vil gjelde tilsvarande for desse dokumenta som for dei som er omfatta av andre ledd. Det er såleis i utgangs-punktet berre dei delane av ei møteinnkalling eller eit møtereferat som inneheld slike råd eller vurderingar som er nemnde i andre ledd, eller dei delane der det blir bede om slike råd eller vurderingar, det kan gjerast unntak for. Høvet til å gjere unntak for heile møteinn¬kallinga eller møtereferatet gjeld tilsvarande som det er gjort greie for ovanfor.

Meirinnsynsvurderinga blir den same som ved unntak etter § 15 andre ledd.

Unntak av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser
Etter offentleglova § 20 fyrste ledd er det høve til å gjere unntak for opplysningar i visse tilfelle, når dette er påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser. Sjå nærare om unntakskravet etter § 20 fyrste ledd i Rettleiar til offentleglova s. 126 flg.

I samband med moglege investeringar i andre land kan det tenkjast at norske organ mottek opplysningar om bestemte selskap eller investeringstilhøva meir generelt frå ein annan stat eller ein organisasjon. Dersom slike opplysningar blir mottekne under føresetnad av dei ikkje skal offentleggjerast, kan det vere aktuelt å gjere unntak for dei etter § 20 fyrste ledd bokstav b. Eit eventuelt unntak etter § 20 fyrste ledd bokstav b vil berre omfatte opplysningar. Dersom det skal gjerast unntak for heile dokument, må dette skje på grunnlag av § 12. Denne vurderinga vil bli mykje den same her som i avsnittet ovanfor om teieplikt.

Det kan òg gjerast unntak etter offentleglova § 20 fyrste ledd i nokre andre situasjonar, men det er ikkje grunn til å gå nærare inn på desse her.

Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon
Etter offentleglova § 23 fyrste ledd kan det gjerast unntak for opplysningar når dette er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, løns- eller personal-forvaltninga til organet. Det aktuelle alternativet i saker som dei Finansdepartementet har teke opp, vil vere økonomiforvaltninga. Dette unntaket kan brukast for å verne om dei privatøkonomiske interessene til organet i forhandlingssituasjonar, noko som omfattar alle slags former for forhandlingar og avtaleinngåingar som gjeld økonomiske tilhøve.

Dersom det til dømes skal inngåast avtale om aksjekjøp eller gjerast andre liknande investeringar, kan såleis denne føresegna vere aktuell. Dette vil gjelde uavhengig av om det er Finans¬departementet eller eit anna organ som er part i forhandlingane. Det er i utgangspunktet eit vilkår for unntak at dei aktuelle opplysningane har eit konkurranseaspekt, slik at innsyn vil kunne skade forhandlingsposisjonen eller den strategiske stillinga til det offentlege i den aktuelle saka eller i framtidige saker. Ein kan ikkje gjere unntak etter § 23 fyrste ledd av omsyn til ein privat part.

Unntaket i § 23 fyrste ledd vil gjelde uavhengig av om dokumenta som opplysningane går fram av blir utveksla mellom eit organ og ein kontraktspart, Finansdepartementet og eit anna organ eller to andre organ.

Det må vere ”påkravd” med unntak etter § 23 fyrste ledd, noko som inneber at det må liggje føre ein relativt konkret fare for at innsyn vil kunne skade dei interessene føre-segna vernar om, og at skaden må vere av eit visst omfang. Det vil til dømes ofte ikkje vere tilstrekkeleg at innsyn kan forseinke ein forhandlingsprosess noko, så lenge forseinkinga ikkje set sjølve avtaleinngåinga eller andre sentrale interesser i fare.

Vanlegvis vil ikkje omsynet til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi¬forvalt¬ninga føre til behov for å gjere unntak for opplysningar over lang tid. Normalt vil det ikkje lenger vere påkravd med unntak etter at forhandlingar er avslutta eller eit aksje¬kjøp er gjennomført. I enkelte tilfelle kan det likevel vere påkravd å gjere unntak for opplys-ningar etter dette tidspunktet. Dette gjeld typisk der opplysningane gjeld forhand¬lings-strategiar eller andre generelle moment som òg vil kunne brukast i seinare forhand-lingar. Innsyn i slike opplysningar vil kunne skade forhandlingsposisjonen eller den strategiske stillinga til det offentlege i framtidige saker, jf. ovanfor, og det kan difor framleis gjerast unntak for dei etter § 23 fyrste ledd etter at dei aktuelle forhandlingane er avslutta.

Føresegna gjev ikkje rett til å gjere unntak for heile dokument. Dette må eventuelt skje på grunnlag av offentleglova § 12. Sjå avsnitta ovanfor om teieplikt og unntakshøvet etter § 15 andre ledd for omtale av alternativa i § 12.  

Meirinnsyn etter § 11 skal vurderast ved unntak etter § 20 fyrste ledd og § 23 fyrste ledd, men dersom vilkåra for unntak etter desse føresegnene fyrst er til stades, og det såleis er ”påkravd” med unntak, vil meirinnsyn ofte vere lite aktuelt.