§ 6 - Forbod mot forskjellshandsaming etter offentleglova

Saksnr. 12/2052 EO OKL
Dato: 14.03.2013

Forbod mot forskjellshandsaming etter offentleglova


Vi viser til brev 12. mars 2012, der Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) ber om ei klargjering frå Lovavdelinga av om forbodet mot forskjellshandsaming etter offentleglova § 6 fyrste ledd òg gjeld for privatpersonar.

Forbodet mot forskjellshandsaming i offentleglova § 6 fyrste ledd gjeld uavhengig av kven som krev innsyn, med dei avgrensingane som følgjer av § 6 tredje ledd. Forbodet gjeld altså òg for innsynskrav som blir fremja av privatpersonar.

Vi vil i det følgjande klargjere innhaldet i offentleglova § 6 fyrste ledd noko nærare.

Det følgjer av offentleglova § 6 fyrste ledd fyrste punktum at ved handsaming av saker etter offentleglova eller i andre tilfelle der det blir gjeve tilgang til informasjon, er det ikkje «høve til noka slags forskjellshandsaming mellom samanliknbare tilfelle….». Dersom det er høve, men ikkje plikt, til å gjere unntak for informasjon, kan eit organ som følgje av denne føresegna, ikkje velje å gje meirinnsyn i eitt tilfelle, men nekte innsyn i andre, dersom tilfella er samanliknbare. Det vil heller ikkje vere høve til å handsame samanliknbare innsynskrav ulikt når det gjeld eventuelle vilkår for innsyn, eller når det gjeld korleis det blir gjeve innsyn, jf. Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) side 123 og Rettleiar til offentleglova side 54-55.

Eit sentralt spørsmål i denne samanhengen er når innsynskrav er å rekne som samanliknbare eller ikkje. Dersom innsynskrav har ulike føremål, er dei ikkje utan vidare samanliknbare etter denne føresegna, sjå om dette det som er sagt i Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) side 124 og Rettleiar til offentleglova side 55. Eit organ har ikkje høve til å krevje opplysningar om føremålet med eit innsynskrav, så for å kunne gjere ei slik vurdering er ein avhengig av at den som krev innsyn friviljugt opplyser om føremålet.

Det følgjer av offentleglova § 6 fyrste ledd andre punktum at sjølv om eit innsynskrav er sett fram av ei offentleg eller offentleg tilknytt verksemd, gjev ikkje dette grunnlag for forskjellshandsaming, dersom kravet ikkje har samanheng med verksemda sine offentlege gjeremål. Dersom innhentinga av informasjon skjer i samanheng med utøvinga av ei slik verksemd sine offentlege oppgåver, vil det motsetjingsvis såleis kunne forskjellshandsamast mellom offentlege og offentleg tilknytte verksemder og private aktørar, jf. Ot. prp. nr. 102 (2004-2005) side 124 og Rettleiar til offentleglova side 55.

Dersom eit innsynskrav blir sett fram i samband med forsking, kan òg mykje tilseie at det må kunne forskjellhandsamast mellom dette og andre innsynskrav. Forskarar har eit særleg behov for å få tilgang til all relevant informasjon, og det er på visse vilkår høve til å gje dei tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt, jf. forvaltningslova § 13 d og forvaltningslovforskrifta §§ 8 og 9.

Utover dette kan vi ikkje sjå at det vil vere noko generelt høve til å forskjellshandsame innsynskrav. Når det gjeld privatpersonar, står ikkje desse i ei anna stilling enn andre private aktørar når det gjeld forbodet mot forskjellshandsaming. Skal det vere grunnlag for forskjellshandsaming, må dette byggje på føremålet med innsynskrava.