§ 6 - Habilitetsvurdering av departementsråd Villa Kulild

Brevdato: 05.07.2019

Habilitetsvurdering av departementsråd Villa Kulild


1. Innleiing

Vi viser til brev 29. mars 2019 frå Samferdselsdepartementet (SD), der departementet ber Lovavdelinga vurdere om departementsråd Villa Kulild kan vere inhabil i saker der Pareto Securities AS (Pareto) er involvert. Bakgrunnen for førespurnaden er at departementsrådens ektefelle, Petter Dragesund, er partner i selskapet.

Ifølge SD er Dragesund partner i Pareto og arbeider i corporate-avdelinga. Han eig, gjennom Dragesund Invest AS, ein aksjepost på 2 % i selskapet og har krav på ein del av overskotet. SD opplyser også at han ikkje har innsyn i prosjekt som andre i selskapet arbeider med, med mindre det er eit prosjekt han er med på.

SD ber både om ei meir generell vurdering av kva som skal til for at Kulild er inhabil i saker der Pareto er involvert, og ei vurdering av om Kulild er inhabil i to konkrete, pågåande saker der selskapet er involvert. Vi understrekar at habilitetsspørsmålet alltid må vurderast konkret med utgangspunkt i den enkelte saka. Generelle vurderingar kan ikkje erstatte den konkrete vurderinga som må gjerast. Den generelle vurderinga vår her vil langt på veg vere avgrensa til å skissere utgangspunkta for vurderinga.

2. Vurderinga

Reglane om habilitet i forvaltningslova gjeld for departementsråd Kulild, jf. forvaltningslova § 10 fyrste punktum.

I sakstypane vi er bedne om å vurdere, der Pareto er involvert anten som part eller rådgjevar, vil relasjonen mellom Kulild og Dragesund ikkje føre til at nokon av inhabilitetsgrunnane i forvaltningslova § 6 fyrste ledd er aktuelle. Vi må dermed vurdere habilitetsspørsmålet etter § 6 andre ledd.

Etter § 6 andre ledd er ein offentleg tenestemann inhabil til å legge til rette grunnlaget for eller ta avgjerder i ei forvaltningssak dersom «andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». Føresegna legg opp til ei brei vurdering av den tilknytinga tenestemannen har til saka, og om den kan svekke tilliten til at vedkomande behandlar saka på ein nøytral måte. Formuleringa «egnet til» indikerer at det er sentralt korleis forholdet kan bli oppfatta av utanforståande. Det følger av føresegna at det i vurderinga blant anna skal leggast vekt på om ei avgjerd i saka kan innebere «særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen han har en nær personlig tilknytning til».

Ekteskap er klart omfatta av formuleringa «nær personlig tilknytning». Dersom ektefellen til ein tenestemann har slike interesser i utfallet av ei sak at han sjølv vil vere inhabil, vil også tenestemannen lett bli inhabil, jf. Frihagen, «Inhabilitet etter forvaltningsloven» (1985) side 223. Ein går altså nokså langt i å identifisere tenestemannen med ektefellen.

I vurderinga kan det vere grunn til å skilje mellom saker som meir direkte gjeld Pareto (SD nemner i brevet at det kan tenkast at departementet vil kjøpe rådgjevingstenester frå selskapet), og saker der Pareto har ei meir indirekte rolle (SD nemner i brevet at selskapet gir råd til partar i fleire av departementets saker).

Vi vurderer fyrst saker som meir direkte gjeld Pareto. SD har ingen slike saker til behandling no, slik at vurderinga vår blir generell. Vi har vurdert liknande spørsmål tidlegare, og vi nemner tre vurderingar her.

I sak 18/3595 vurderte vi om næringsminister Torbjørn Røe Isaksen ville vere inhabil i saker om å tildele rådgjevingsselskapet Menon oppdrag. Bakgrunnen for vurderinga i saka var at ein nær ven av Isaksen var partner i selskapet. Vi framheva som særleg relevant for vurderinga om venen hadde rett på utbyte frå selskapet, kva for størrelse oppdraget ville få, og i kva grad oppdraget knytte seg til noko venen var involvert i. Vi kom til at Isaksen truleg ville vere inhabil dersom det blei tale om avgjerder som kunne innebere ein ikkje ubetydeleg økonomisk fordel for venen, eller som knytte seg til ein del av verksemda som venen var særleg involvert i.

I sak 17/6411 kom vi til at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen ikkje var inhabil til å gjere avgjerder om å tildele konsulentselskapet BDO oppdrag under ein rammeavtale. Bakgrunnen for vurderinga i saka var at ektefellen til Bakke-Jensen var partner i BDO. Rammeavtalen var allereie inngått, slik at spørsmålet berre gjaldt enkeltoppdrag innanfor avtalen. Ektefellen hadde ikkje noko med rammeavtalen å gjere. Sjølv om løna hennar var delvis bonusbasert, hadde tildeling av oppdrag under rammeavtalen lite eller ingenting å seie for bonusen hennar.

I sak 12/2056 kom vi til at dåverande helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen ikkje var inhabil i prosjektet om utforming av nasjonal kjernejournal. Ektefellen hennar var tilsett i selskapet EDB ErgoGroup, som deltok i ein innkjøpsprosess i prosjektet. Ektefellen hadde ikkje noko med prosessen å gjere. Han var éin av mange tilsette i selskapet, og løna hans var ikkje resultatbasert.

Det let seg ikkje gjere å seie heilt generelt kva som skal til for at Kulild blir inhabil i saker som direkte gjeld Pareto. I saker som får direkte økonomisk betydning for Pareto, for eksempel der SD vurderer å kjøpe rådgjevingstenester frå selskapet, vil Dragesund gjennom sin posisjon som partner ha ei handfast og konkret økonomisk interesse i avgjerda. Slike saker vil på dette punktet skilje seg frå dei nemnde sakene om Bakke-Jensen og Strøm Eriksen. På same måte som i den nemnde saka om Isaksen, vil størrelsen av dei økonomiske verdiane som er i spel, ha betydning for den endelege habilitetsavgjerda. Vi nøyer oss her med å seie at Kulild truleg vil vere inhabil i saker som gjeld avgjerder som Pareto eller Dragesund har ei ikkje ubetydelig økonomisk interesse i. Det kan ikkje på førehand utelukkast inhabilitet i saker som direkte gjeld Pareto, men som ikkje medfører slike økonomiske interesser. SD har ikkje nemnt nokon eksempel på slike saker. Vi nøyer oss med å seie at inhabilitet i slike saker fyrst og fremst vil kome på tale dersom dei dreier seg om noko Dragesund har vore særleg involvert i.

Vi vurderer deretter saker der Pareto har ei meir indirekte rolle. Dette gjeld saker der selskapet berre er rådgjevar for andre som er partar i forvaltningssaken som vert behandla i SD. I tillegg til vurderingane nemnt ovanfor nemner vi her to andre, tidlegare vurderingar.

I sak 06/7244 kom vi under tvil til at dåverande justisminister Knut Storberget var inhabil til å delta i avgjersler om tildeling av kontraktar knytt til utbygging av naudnett. Bakgrunnen var at ektefellen hans var tilsett i informasjonsrådgjevingsselskapet Geelmuyden.Kiese, som hadde oppdrag for Siemens i forbindelse med ei mulig naudnettkontrakt. Ektefellen var ein del av leiargruppa i selskapet og ville om kort tid truleg få ein eigardel på 4 %. Sjølv om ektefellen ikkje hadde noko med naudnettprosjektet å gjere, ville ho som deleigar få ei økonomisk interesse i oppdraget. Sett utanfrå var det rimeleg å regne med at ho, som ein del av leiargruppa kunne bli involvert i alle fall dersom særskilte problem skulle oppstå. Vi la også vekt på at bistanden frå Geelmuyden.Kiese gjekk ut på å styrke sjansane for at Siemens skulle få tildelt ei kontrakt, blant anna ved å ta seg av omdømet til Siemens og kontakta med politiske styresmakter.

I sak 3084/89 kom vi til at dåverande justisminister Else Bugge Fougner var inhabil i saker der parten var representert av ein annan advokat i advokatfirmaet ho var partner i. Ho hadde rett nok tredd ut av partnarskapet då ho blei justisminister, men ektemannen hennar var framleis tilsett i firmaet. Det blei lagt til grunn at Bugge Fougner ville vende tilbake til firmaet etter at ho blei ferdig som justisminister.

Det let seg ikkje gjere å seie heilt generelt kva som skal til for at Kulild blir inhabil i slike saker. Pareto og Dragesund vil nesten alltid ha ei generell interesse i at avgjerder går i favør av kundane til Pareto, men Kulild vil neppe alltid vere inhabil av den grunn. Generelt kan ein nok seie at Kulild truleg vil vere inhabil i saker der Dragesund gjennom si rolle har ei ikkje ubetydeleg økonomisk interesse i utfallet i saka. Det vil fyrst og fremst vere aktuelt der det er tale om oppdrag for Pareto av eit visst omfang som på ein eller annan måte har ein nær samanheng med saka i SD. Vi viser til vurderingane nemnt ovanfor. I tillegg vil Kulild truleg vere inhabil i saker der Dragesund sjølv er direkte involvert, for eksempel der han opptrer som rådgjevar for ein part, eller der det dreier om ei sak Dragesund har vore særleg involvert eller engasjert i.

SD har som nemnt også bedt oss om å vurdere to konkrete saker. Om den fyrste saka skriv SD:

«I sak om lørdagsdistribusjon av aviser inngikk SD avtale med selskapet Kvikkas AS, nå Easy2You AS. I ettertid har Pareto blitt engasjert som rådgiver for Easy2You i forbindelse med et arbeid med å se på den anstrengte kapitalstrukturen i dette selskapet. I forbindelse med behandling av denne saken har departementet blitt kjent med at Pareto er rådgiver for Easy2You. Kulilds ektefelle jobber ikke med denne saken.»

Vi har ikkje nærare opplysningar om kva oppdraget til Pareto går ut på, størrelsen på oppdraget eller kva for type avgjerder SD kan kome til å gjere i saka. I og med at kontrakten med Easy2You allereie er inngått, er det vel avgjerder om oppfølginga av kontrakten som kan bli aktuelle. Sjølv om vi ikkje kan ta endeleg stilling til habilitetsspørsmålet, nemner vi at vi, ut frå de opplysningane vi har, har vanskeleg for å sjå at Kulild vil vere inhabil i ei slik oppfølging gitt at ektefellen ikkje arbeider med saka hos Pareto. Vi kan likevel ikkje sjå bort frå at Kulild kan bli inhabil dersom det i SD er tale om å treffe avgjerder som nokså direkte påverkar Pareto sine inntekter i ikkje ubetydeleg grad.

Om den andre saka skriv SD:

«I fbm Avinors arbeid med en sjømatterminal på Gardermoen har departementet blitt kjent med at Pareto er engasjert som finansiell rådgiver for Avinor for å få medinvestorer for et eventuelt prosjekt på plass. Beslutning om bygging av en eventuell sjømatterminal tilligger administrasjon og styre i Avinor, men SD som eier av Avinor har stilt enkelte spørsmål knyttet til dette prosjektet. Kulilds ektefelle jobber ikke med denne saken.»

Vi har heller ikkje i denne saka nærare opplysingar om innhaldet i og størrelsen på oppdraget til Pareto. Det at SD som eigar stiller einskilde spørsmål knytte til prosjektet, kan etter vårt syn likevel vanskeleg i seg sjølve gjere at Kulild er inhabil, i alle fall ikkje så lenge spørsmåla ikkje direkte er retta mot Pareto si rolle i saka.

Slik vi ser det, må det i det heile truleg meir til av eit engasjement frå departementet og moglege konkrete verknader for Pareto i denne saka før det her kan bli tale om inhabilitet. Spørsmålet om inhabilitet vil først og fremst kunne oppstå hvis SD sitt engasjement i dette sakskomplekset er meir omfattande og har meir handfaste konsekvensar (økonomisk eller på anna måte) av noko omfang for Pareto. Også i eit slikt tilfelle må vurderinga av habiliteten skje konkret.

Habilitetsreglane i forvaltningslova gjeld som nemnt for departementsråden dersom ho legg til rette grunnlaget for eller tar avgjerder i ei forvaltningssak i departementet. Det kan også vere eit spørsmål om bruk av habilitetsreglane dersom departementsråden legg til rette grunnlaget for avgjerd i ei forvaltningssak i Avinor. Vi nemner at bruken av forvaltningslova sine habilitetsreglar for tilsette i forvaltningsorgan ved deira medverknad til avgjerder som vert tekne i statlig eigde selskap, reiser særlege spørsmål. Vi viser her til vår uttale 30. april 2012 til Nærings- og handelsdepartementet (snr. 12/2950).