Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

§ 6 - Habilitetsvurdering av statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen

Brevdato: 16.11.2018

Habilitetsvurdering av statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen


1.
  Innleiing

Vi viser til brev 17. september 2018 frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD), der departementet ber Lovavdelinga vurdere om statssekretær Daniel Bjarmann-Simonsen var inhabil da han var i kontakt med selskapet Harvester Trust, Bodøregionens Utviklingsselskap (BRUS) og Bodø kommune.

Lovavdelinga vurderer vanlegvis ikkje inhabilitet i ettertid. Vi vil likevel knytte nokre kommentarar til det som blir teke opp i brevet.

Bjarmann-Simonsen har tidlegare vore prosjektsjef i Bodø kommune. NFD nemner at han har visse relasjonar til fleire personar i kommunen, men det er uklart kva for rolle desse personane har hatt i dei hendingane som NFD tar opp. Bjarmann-Simonsen beskriver sjølv relasjonane slik:

«Odd Emil Ingebrigtsen
Rolle: Daværende direktør i Bodøregionens utviklingsselskap
Relasjon: Profesjonell. Samarbeidet om ulike delprosjekter da jeg var prosjektsjef Ny by – ny flyplass

Ida Maria Pinnerød
Rolle: Ordfører
Relasjon: Profesjonell. Øverste politiske leder. Leder formannskapet som er strategisk og politisk styringsgruppe for prosjektet. Leder bystyret som er prosjekteier.

Rolf Kåre Jensen
Rolle: Rådmann i Bodø kommune
Relasjon: Profesjonell. Min øverste administrative leder. Leder den administrative styringsgruppen. Prosjektansvarlig.

Odd Henriksen
Rolle: Utviklingsdirektør i Bodø kommune
Relasjon: Profesjonell. Leder næring- og utviklingsavdelingen hvor prosjektet er administrativ organisert og hvor arbeidsgiveransvaret er plassert for prosjektsjef. Medlem i administrativ styringsgruppe. Henriksen satt på stortinget 2013-2017 for Høyre. Eg hadde derfor også en partirelasjon til han.

Stephan Skjelvan
Rolle: Profesjonell. Leder innovasjon og utvikling i Bodø kommune
Relasjon: Hadde personalansvar for undertegnende, delegert fra rådmannen. Var medlem av en mellomledergruppe jeg som prosjektsjef brukte for å koordinere faglige beslutninger på tvers av avdelingene og underliggende seksjoner, som var berørt av prosjektet. Økonomi- og finans, Teknisk, Utbygging og eiendom, Næring og utvikling. Var bisitter i administrativ styringsgruppe.»

Når det gjeld dei hendingane som NFD har bede oss om å vurdere, er det opplyst at Bjarmann-Simonsen deltok i eit uformelt møte med Harvester Trust og BRUS om mulige investeringar i Norge. Etter møtet gav han BRUS telefonnummeret til administrerande direktør i Invest in Norway, som er ein del av Innovasjon Norge. Det er vidare opplyst at Harvester Trust gav uttrykk for at dei var interesserte i å gjere investeringar i Bodø-regionen som mellom anna kunne få betydning for det prosjektet Bjarmann-Simonsen leia då han arbeidde i Bodø kommune. På bakgrunn av ein førespurnad frå kommunen etter møtet, anbefalte han kommunen å møte dei nemnde aktørane.

2.  Vurderinga

Habilitetsreglane i forvaltningslova gjeld det å legge til rette for eller treffe «avgjørelse» i forvaltningssaker, jf. § 6. Uttrykket «avgjørelse» er vidare enn uttrykket «vedtak». Reglane gjeld dermed ikkje berre der det skal treffast vedtak i forvaltningslovas forstand, men i alle saker der det skal treffast ei eller anna form for avgjersle. Om dei nærare grensene for nedslagsfeltet til reglane viser vi til vårt brev 6. april 2010 (snr. 10/5761) med vidare tilvisingar. Dersom det er tvilsamt om habilitetsreglane gjeld, kan det vere grunn til å legge vekt på om det er behov for reglane i det konkrete tilfellet.

Bjarmann-Simonsen har etter det NFD har opplyst deltatt i eit uformelt møte, formidla eit telefonnummer og anbefalt Bodø kommune å delta i eit møte. Slik dette er beskrive av NFD, kan vi ikkje sjå at det er tale om å «tilrettelegge grunnlaget for» eller treffe ei avgjerelse i ei forvaltningssak.

Vår vurdering er etter dette at habilitetsreglane i forvaltningslova ikkje gjeld for det som NFD tek opp i brevet.

For heilskapens skuld nemner vi at Bjarmann-Simonsens tilknyting til personane i Bodø kommune og saka elles, uansett ikkje synest å vere omfatta av habilitetsreglane. Tilknytinga til dei nemnde personane er ikkje omfatta av nokon av alternativa i forvaltningslova § 6 fyrste ledd. Det er etter vårt syn heller ikkje grunn til å hevde at det ligg føre «særegne forhold […] som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet», jf. andre ledd. Tilknytinga til dei nemnde personane synes å vere reint profesjonell. I slike tilfelle vil inhabilitet fyrst og fremst berre kome på tale dersom det ligg føre andre særlege omstende, sjå nærare om dette i vårt brev 30. januar 2008 (snr. 08/532 EO). Slike omstende er ikkje trekt fram i denne saka.

 

Til toppen