Granvin herad – motsegn mot hytteområde SF9 Grostøl i kommu-neplanen sin arealdel

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hytteområde SF9 Grostøl i kommu-neplanen sin arealdel 2009-2019. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er med dette teken til følgje.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 18. november 2009 med vedlegg og til synfaring i Granvin 27. mai 2010.

Saka er i medhald av  § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova av 1985 sendt Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd. Fylkesmannen i Hordaland har fremja motsegn til hytteområde SF9 Grostøl ut frå nasjonale mål om å unngå utbygging i fjellområde med lite utbygging frå før og som ligg eksponerte i landskapet.

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hytteområde SF9 Grostøl i kommu-neplanen sin arealdel 2009-2019. Motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland er med dette teken til følgje.


Bakgrunn for saka

I gjeldande arealdel til kommuneplan 2009-2019 er området SF9 disponert til LNF-område med spreidd fritidsbygging. Området ligg sørvest for Håtjørn, mellom Grostøl og Olavstøl. Hytteområdet skal gi plass til 18 spreidde hytter (2 for kvart av dei 9 gards-bruka på Nesheim, Taskjelle og Bilde). Hyttene kan gje moglegheit for verdiskaping på desse bruka og bidra til å hindra fråflytting. Hyttene er tenkt å vere utan veg, vann og strøm.

Hytteområdet ligg eksponert i lia opp mot snaufjellet og høgare opp enn andre hytter og ikkje i kontakt med desse. Det ligg i viktig turterreng og inntil ei kraftline, men framstår elles som urørt, og tek soleis hol på eit ubygd område. Det ligg ikkje direkte til bilveg og langt frå vinterbrøyta veg.

Fylkesmannen grunngjev motsegna med at dei nasjonale måla knytt til å unngå utbyg-ging i fjellområde med lite inngrep frå før, og som ligg eksponerte i landskapet, må bli betre ivaretekne i planen.

Hordaland fylkeskommune har ikkje reist motsegn mot område SF9, men er likevel kritisk til området fordi det tar hol på eit tidligare ubygd område som ligg nær over-gangen til snaufjell, jf brev av 8. oktober 2008.

Mekling med synfaring vart halde 19. juni 2009. Det vart ikkje oppnådd semje om SF9. Heradet meiner at det er viktig for å utvikla området Nesheim som ein attraktiv og god buplass. SF9 er ikkje urørt, sidan det går ei kraftline i nærleiken.

Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen meiner at SF9 er urørt og ligg i ein grøntkorridor i lia mot fjellet bak. Området ligg i snaufjellet med låg vegetasjon. Det har store lokale og regionale verdiar, og hyttebygging der vil vera i strid med nasjonale retningsliner.

Granvin herad vedtok i møte 18. mai 2009 arealdelen til kommuneplanen 2009 – 2019, med unntak av 2 område som det framleis var knytt motsegn til. Etter at meklinga 19. juni 2009 ikkje førte fram for hytteområde SF9, vedtok heradsstyret 19. september 2009 å ikkje ta motsegna til følgje, og at arealdelen sendast Miljøverndepartementet til god-kjenning, jf pbl 1985 § 20-5 femte ledd.

Granvin herad ynskjer at hytteområdet på Grostøl skal vere med i arealplanen som LNF-område med spreidd hyttebygging. Området ligg i kontakt med fleire hyttefelt i Olavstølområdet, og ligg i same tur- og friluftsområde som desse hyttefelta. Heradet meiner at området ikkje er urørt på grunn av at det går ei kraftlinje gjennom området. Det er tatt omsyn til landskapsanalysen, og hytteområdet er trekt unna Håtjørn og areal som er definert som eksponert i landskapsanalysen.

For heradet er det svært viktig å styrke gardsbruka på Nesheim, og gjere dei til gode buplassar med jakt, fiske og friluftsliv som viktige element. Dette er spesielt viktig for å gjere det attraktivt for neste generasjon å flytte til grendene og ta over eigedomane.

Fylkesmannen i Hordaland ga i sitt oversendingsbrev til departementet av 18. no-vember 2009 ei utgreiing av motsegna og hovudpunkta i planprosessen.  Fylkesmannen viser til at utbygginga er planlagt i eit høgtliggjande og eksponert område. Mykje av bakgrunnen for SF9 er omsynet til verdiutnytting og verdiskaping for grunneigarane på Nesheim. Dette omsynet strir mot dei faglege argumenta for å ta vare på natur og land-skap. Den planlagde utbygginga er problematisk i høve til retningslinjer i departemen-tet sin rettleiar T-1450 Planlegging av fritidsbebyggelse, der det mellom anna går fram at ein bør unngå nybygging i snaufjell og område med lite vegetasjon.

Fylkesmannen rår ut frå dette til at motsegna vert teken til følgje.

Synfaring i saka vart halde den 27. mai 2010 med representantar frå kommunen, grunn¬eigarane, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) stør i fråsegn av 9. juni 2010 motsegna frå Fylkesmannen i Hordaland. Bruken av arealføremålet LNF med spreidd utbygging der ein tillet 18 hytter på eit relativt lite område, vil ikkje gje kommunen tilstrekkelege juri-diske verkemiddel til å styre utbygginga, slik at landskapsverdiar og fjellnaturen i om-rådet kan bli godt nok ivareteke. Område SF9 legg beslag på eit viktig utfartsareal, og utnyttingsgraden er slik at det vil gjere ferdsel vanskeleg mellom hyttene. Det er også naudsynt å avklare både sommar- og vinterparkering for hyttene. DN ser likevel at det i framtida kan vere grunnlag for å gå vidare med hytteplanlegging i området, der ein avklarar parkeringsspørsmålet i plansamanheng, og der byggeområda kan bli lokalisert meir inn til eksisterande vegar og hytter trekt lågare ned i terrenget.

DN peikar vidare på at SF9 ligg i eit fjellandskap med få synlege hytter, og at området er eksponert og synleg frå ein større region. Føremålet ”LNF-spreidd” gjev ikkje kom-munen tilstrekkelege juridiske verkemiddel for å lokalisere einskildhytter og til å ta vare på miljøkvalitetane i området. Ferdig utbygd med 18 hytter vil SF9 lett stå fram som eit dårleg planlagd hyttefelt i eit viktig turdrag. Sjølv med berre 9 hytter vil land-skapet bli punktert. Planen avklarar ikkje sommar- og vinterparkering. Grunneigar har andre område som ligg betre til rette for utbygging.


Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikten i denne saka gjeld spørsmålet om det skal kunne oppførast hytter i område SF9 sørvest for Håtjørn i Granvin. Mykje av bakgrunnen for at hytteområdet er teken inn i arealdelen til kommuneplanen er å styrke økonomi og busetnad på gardsbruka i grenda Nesheim. Hyttene skal i hovudsak oppførast enkeltvis, og skal ikkje ha veg, straum eller innlagt vatn.

Motsegna frå fylkesmannen er grunngjeve med at hyttefeltet ligg i snaufjellet med låg vegetasjon og er ikkje omgitt av skog, slik dei meir lågtliggjande hyttene er. Området er urørt og inngår i ein grøntkorridor i skråninga mot fjellet bakanfor. Planen legg til rette for spreidd utbygging av 18 hytter i eit relativt lite område. Det kan stillast spørsmål ved om det er mogleg utan reguleringsplan. Området er eit vakkert landskap med store lokale og regionale verdiar. Hyttebygging der vil vera i strid med nasjonale retningsliner om å unngå nybygging i snaufjell og område med sparsom vegetasjon.

Direktoratet for naturforvaltning stør motsegna frå fylkesmannen.

Miljøverndepartementet peiker på at det er eit kommunalt ansvar at nasjonale retnings-liner vert lagt til grunn for arealplanarbeidet etter plan- og bygningslova, mellom anna med omsyn til planlegging i viktige og sårbare natur- og landskapsområde. Departe-mentet forstår at det er viktig å leggja til rette for verdiauke og busetnad på Nesheim-gardane, og at eit hytteområde i fjellet vil kunne bidra til dette.

Miljøverndepartementet finn likevel ut frå ei samla vurdering av momenta i saka, at omsynet til mogleg verdiauke og busetnad på Nesheimgardane må vike for omsynet til natur- og landskapsverdiane i området rundt Håtjørn. Departementet sluttar seg til grunngjevingane frå både fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning.

Ut frå dette finn Miljøvern¬departementet ikkje å kunne godkjenne SF9 Grostøl som LNF-område med spreidd fritidsbygging. Andre område som ligg lågare i landskapet og har færre arealkonfliktar vil kunne vere betre egna til å styrke Nesheim-gardane, men må eventuelt avklårast gjennom ny planprosess.


Vedtak
Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hytteområde SF9 Grostøl, slik det er vedteken av Granvin heradsstyre den 9. september 2009. Motsegna frå Fyl-kesmannen i Hordaland er med dette teken til følgje.

Departementet viser til reglane i plan- og bygningslova 1985 § 20-5 åttande ledd om kunngjering av endeleg kommuneplan.

Kommunen er orientert om departementet si avgjerd ved kopi av dette brevet.


Med helsing

 

Erik Solheim


Vedlegg: Kopi av fråsegn av 9. juni 2010 frå Direktoratet for naturforvaltning.

Kopi:
Granvin herad, Pb 13, 5733 GRANVIN
Hordaland fylkeskommune, Pb 7900, 5020 BERGEN
Direktoratet for naturforvaltning, Pb 5672 Sluppen, 7485 TRONDHEIM