Forsiden

Alver kommune - motsegn til detaljregulering for Meland kyrkjegard

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner detaljregulering for Meland kyrkjegard i Alver kommune, med vilkår knytt til opparbeiding av ny tilkomstveg. Motsegna frå Vestland fylkeskommune er teken delvis til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for Meland kyrkjegard i Alver kommune er send til departementet frå Statsforvaltaren i Vestland i brev av 5. juni 2020 på grunn av ei uløyst motsegn frå Vestland fylkeskommune. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Planområdet omfattar Meland kyrkje, ei kyrkjestove og to gravplassar. Kyrkja og ein eldre gravplass ligg innanfor opphavleg kyrkjegardsmur mot nord og mot Melandsvegen (fv. 5308) i vest. Aust for kyrkja ligg ein nyare gravplass, samt tre parkeringsplassar for besøkande. Ein tilkomstveg til fem bustader, Bjørnestadvegen, skil kyrkja og den eldre gravplassen frå den nyare gravplassen. Ved kyrkjelege arrangement nyttast fylkesvegen og tilkomstvegen til Bjørnestad òg til parkering.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ei utviding av gravplassen i tråd med gravplasslova, med ny tilkomstveg og parkeringsplass knytt til gravplassen. Det er òg eit behov for å løyse ei konflikt mellom passering til bustadene på Bjørnestad, og parkering langs dagens tilkomstveg ved dei kyrkjelege arrangementa. Planen legg difor til rette for ein ny tilkomstveg til Bjørnestad langs kyrkjegardsmuren på nordsida av kyrkja. Etter planen vert eksisterande port for drift til gravplassen frå Melandvegen avstengt, og erstatta med ei ny avkøyrsle frå den nye tilkomstvegen gjennom kyrkjegardsmuren. Etter planen skal delar av dagens tilkomstveg til Bjørnestad stengast av, og opparbeidast til gang- og sykkelveg.

I arealdelen til kommuneplanen er Meland kyrkje med kyrkjegardsmuren vist som omsynssone H570_1, der det skal takast omsyn til bevaring av kulturmiljøet som kyrkja og den gamle gravplassen er ein del av. Meland kyrkje vart verna som listeført kyrkje av Riksantikvaren i 2001. Sørvest for planområdet ligg gamle Meland kyrkjestad, som er eit automatisk freda kulturminne etter kulturminnelova § 4.

Vestland fylkeskommune fremja i brev 17. september 2019 motsegn til planen. Motsegna er grunna i forslaget om ny tilkomstveg til Bjørnestad langs kyrkjegardsmuren. Fylkes­kommunen meiner at ein veg langs kyrkjegardsmuren vil ha ei negativ verknad på det samla kulturmiljøet som mellomalderkyrkjegarden på nordsida av fylkesvegen og kyrkja med tilhøyrande gravplass, utgjer. Den planlagde vegen vil etter fylkeskommunen sitt syn i stor grad redusere opplevingsverdiane av Meland kyrkje som kulturminne, og difor vere i strid med nasjonale og vesentlege regionale kulturminneinteresser.

Mekling vart gjennomført 12. desember 2019. I meklinga blei ulike løysingar for vegen forbi kyrkja drøfta. Ny mekling vart gjennomført 4. desember 2020. Partane vart samde om delar av vegløysinga, mellom anna at noverande veg vart hovudvegen til Bjørnestad, og at ein veg langs kyrkjegardsmuren vart etablert som avlastingsveg til bustadene ved kyrkjelege arrangement. Fylkeskommunen opna for at dagens driftsveg frå fylkesvegen til kyrkjegarden ikkje stengast under føresetnad om at tilkomst for drift frå den nye tilkomstvegen vert teken ut av planen. I meklinga vart det òg lagt fram forslag til ein noko enklare vegstandard for den nye vegen, blant anna med forslag om eit anna vegdekke. Denne løysinga skulle vurderast nærare etter meklinga.

Alver kommune vedtok 18. februar 2021 å sende detaljreguleringsplan for Meland kyrkje til Kommunal- og distriktsdepartementet for endeleg avgjerd. Kommunen peikar på at det er konflikt mellom bruken av dagens veg forbi kyrkja til parkering, og tilkomsten til bustadene på Bjørnestad. Kommunen meiner at det difor er behov for ein ny tilkomstveg. Kommunen viser òg til at aktiviteten rundt kyrkja ligg på aust- og sørsida, mot den nyare gravplassen. Ein ny tilkomstveg på nordsida vil ikkje vere synleg frå den sida som blir mest brukt, og kommunen meiner at opplevinga av kyrkjestaden ikkje vert påverka i negativ grad.

Statsforvaltaren i Vestland rår i oversendingsbrevet 5. juli 2021 til at motsegna vert teken til følgje. Den eldre og næraste kyrkjegarden rundt kyrka er ein viktig del av kyrkja og opplevinga av området som kulturminne. Statsforvaltaren viser òg til at eit av føremåla med planforslaget er å løyse utfordringane knytt til manglande parkeringsmoglegheiter ved kyrkja. Det er ikkje klargjort kor mykje gjennomgangstrafikken frå Bjørnestad utgjer samanlikna med den interne trafikken til kyrkja. Etter vurderinga til statsforvaltaren løyser ikkje planforslaget parkeringsutfordringane til kyrkja.

Gjennom mekling vart partane einige om ei alternativ utforming av den nye tilkomstvegen. Statsforvaltaren har peikt på at det bør kunne vere mogleg å løyse motsegna ved å utforme ein veg som er mindre synleg og med preg av ein landbruksveg, med eit grønt preg.

Møte og synfaring vart gjennomført 29. oktober 2021 med representantar frå Alver kommune, Statsforvaltaren i Vestland, Vestland fylkeskommune, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet rår i brev 17. november 2021 til at motsegna frå Vestland fylkeskommune vert teken til følgje. Som del av sakshandsaminga har departementet innhenta fråsegn frå Riksantikvaren. Vurderingane til Riksantikvaren går fram av brevet frå Klima- og miljødepartementet.

Klima- og miljødepartementet vurderer at Meland kyrkje er eit kulturminne av nasjonal verdi. Kyrkja blei listeført av Riksantikvaren i 2001. Med omliggande kyrkjegard og nærliggande mellomalderkyrkjegard utgjer kyrkjestaden eit tydeleg og verdifullt kulturmiljø med lang historie. Departementet viser til at ein ny veg langs kyrkjegardsmuren i nord, vil føre til at kyrkja og kyrkjegarden vil bli omringa av veg på alle tre sider. Vegen vil òg vere synleg frå kyrkjetrappa, og vil redusere opplevinga av sjølve kyrkja og gravplassen. Vegen vil bryte opp samanhengen med det kringliggande kulturmiljøet, og såleis vere i konflikt med kultur­miljøverdiane.

Etter Klima- og miljødepartementet si vurdering verkar omfanget av problemet med å kome forbi kyrkja med bil på noverande tilkomstveg å vere relativt avgrensa. Departementet støttar vurderingane til statsforvaltaren og Riksantikvaren av at ein ny veg ikkje vil løyse utfordringane knytt til parkering ved kyrkja.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd ta stilling til om motsegna til detaljreguleringsplanen skal takast til følgje, eller om vedtaket til kommunen skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

I denne saka er det konflikt mellom omsynet til Meland kyrkje som kulturminne av nasjonal verdi, og ønsket til kommunen om å legge til rette for ein ny tilkomstveg til fem bustader på Bjørnestad, med føremål å løyse utfordringane med parkering og tilkomst rundt kyrkja. Spørsmålet departementet skal vurdere, er om omsynet til kyrkjegardsmuren og miljøet rundt kyrkja må tilleggast større vekt enn kommunen sitt ønske om betre tilrettelegging for tilkomst til Bjørnestad.

Vern av kulturminne og kulturmiljø er viktige omsyn i planlegginga. Kulturminna og kulturmiljøet i planområdet er godt dokumentert, og er av kulturminnemyndigheitene vurdert å vere av nasjonal og vesentleg regional interesse. Det er difor viktig å finne ei løysing som har akseptable verknader for kyrkjemiljøet ved Meland kyrkje.

Departementet har samstundes forståing for ønsket til kommunen om ein heilskapleg plan som løyser dagens utfordringar i kyrkjeområdet. Dette omfattar mellom anna tilkomsten til eksisterande bustader. Sjølv om passeringane til bustadane på Bjørnestad er avgrensa i antal, er departementet einig i at dagens løysing bryt opp kyrkjemiljøet, særleg ved kyrkjelege arrangement. Departementet meiner kommunen står nærast til å vurdere kva slags løysingar som vil gje best trafikkavvikling lokalt, og at kommunens syn og ønskjer må tilleggast vekt når det gjeld dette.

Gjennom planlegginga, og i meklinga, har det vært peikt på moglege løysingar for utforming av den nye tilkomstvegen som tek omsyn til heilskapen til kyrkja og omkringliggande landskap som kulturverdi. Dette har òg statsforvaltaren peikt på i sin oversending av saka til departementet. I meklinga vart det oppnådd einigheit mellom partane om at den noverande vegen som går framom kyrkja, skal vere hovudvegen til og forbi kyrkja og til gravplassane.  Denne vegen skal stå fram som det naturlege førstevalet med plassering, utforming av avkøyrsla, standard på sjølve vegen og eventuelt skilting. Det var òg einigheit om at det kan etablerast ein ny veg som avlastingsveg nord for og langs kyrkjemuren. Denne skal berre nyttast for gjennomkøyring til andre eigedommar ved arrangement i kyrkja. I følgje meklingsresultatet vart det semje om at vegen skal visuelt ha eit grasdekke. Til trass for einigheita som vart oppnådd i meklinga, valde likevel kommunen å sende saka til departementet for avgjerd utan å ta omsyn til motsegna.

Kommunal- og distriktsdepartementet meiner omsynet til ein heilskapleg plan for utviding av gravplassen, parkering og ny tilkomstveg, må tilleggast stor vekt i denne saka. Dersom kommunen ikkje får godkjend planen no, må det gjennomførast ein ny planprosess for å finne fram til ei fungerande løysing. Dette vil vere både tid- og ressurskrevjande.

Departementet legg vekt på at partane i meklinga langt på veg blei einige om dei viktigaste konfliktpunkta, og at fylkeskommunen som motsegnsmynde syntest å akseptere ein ny veg langs kyrkjegardsmuren under visse vilkår. Det er departementet si vurdering at ei løysing basert på dei føresetnadene som det vart oppnådd einigheit om for den nye vegen på nordsida av kyrkjegardsmuren, og som er omtalt over, vil gje akseptable verknader for kulturmiljøet knytt til Meland kyrkje. 

Departementet har difor kome til at reguleringsplanen kan godkjennast, men at ny veg må opparbeidast med minst mogleg vegbreidd og med enkel standard. Vegen bør om mogleg ha grasdekke. Departementet legg til grunn at kommunen har dialog med fylkeskommunen som kulturmynde når det gjeld utforming av vegen. Dagens veg skal fortsatt vere hovudatkomst til Bjørnestad. Det inneber at omgjering av delar av vegen frå køyreveg til gang- og sykkelveg ikkje vert godkjend. Det vert heller ikkje tillate etablert driftsveg gjennom kyrkjegardsmuren frå den nye tilkomstvegen. Motsegna frå Vestland fylkeskommune er etter dette teken delvis til følgje. 

Vurdering av naturmangfald
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Motsegna er ikkje grunna i omsynet til naturmangfald, og det er vurdert at planen ikkje fører til konsekvensar for naturverdiane i området. Kommunal- og distriktsdepartementet finn at kunnskapsgrunnlaget med omsyn til naturmangfald er tilstrekkeleg.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet vedtaket til Alver kommunestyre den 18. februar 2021 om detaljregulering for Meland kyrkjegard, med følgjande endringar:

  • Ny tilkomstveg (o_SV3) på nordsida av kyrkjegardsmuren skal utarbeidast med smal vegbreidde og enkel standard, for å dempe den visuelle verknaden.
  • Atkomst til driftsveg frå ny tilkomstveg o_SV3 vert teken ut av planen.
  • Delområde o_SGG1 (gangveg/gangareal) endrast til o_SV1 (veg).

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunngjering av planen, gjeld plan- og bygningslova § 12-12 siste ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Alver kommune
Klima- og miljødepartementet
Riksantikvaren
Vestland fylkeskommune