Detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord kommune - avgjerd i motsegnsak

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering av sjøområde i Vats- og Yrkesfjorden, vedteke i Vindafjord kommunestyre 24. juni 2014, med enkelte endringar i reguleringsføresegnene. Endringane gjeld tidsperioden med avgrensingar i aktiviteten i ferdsleområde og gyteområde, regulering av talet på installasjonar og miljøovervaking. Vedtaket inneber at motsegnene frå Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet region sør ikkje er tekne til følgje.

Vi viser til oversending frå Fylkesmannen i Rogaland datert 7. oktober 2014 for avgjersle etter plan- og bygningslova § 5-6.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner detaljregulering av sjøområde i Vats- og Yrkesfjorden, vedteke i Vindafjord kommunestyre 24. juni 2014, med enkelte endringar i reguleringsføresegnene. Endringane gjeld tidsperioden med avgrensingar i aktiviteten i ferdsleområde og gyteområde, regulering av talet på installasjonar og miljøovervaking.

Vedtaket inneber at motsegnene frå Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet region sør ikkje er tekne til følgje.
 

Bakgrunn for saka
Saka er brakt inn for Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordi Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet region sør har fremja motsegn til detaljregulering for Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord kommune i Rogaland.

Planområdet omfattar sjøareal i Vats- og Yrkesfjorden. Vatsfjorden er om lag fem kilometer lang og møter Yrkesfjorden i sør. AF Decom er etablert på Raunes i Vatsfjorden med hovudverksemd knytt til demontering og gjenvinning av gamle petroleumsinstallasjonar. Bedrifta ønskjer å utvida verksemda til å ta imot utrangerte oljeinstallasjonar for seksjonering (opphogging) i fjorden og i samband med dette plassera kranplattformer og riggar mellombels på sjøbotnen.

AF Decom etablerte seg på Raunes i 2005 gjennom ein opsjonsavtale med Vindafjord kommune, som eigde området. Området hadde på 1980-talet vore nytta som anleggsområde til bygging av betongunderstell for offshoreinstallasjonar på norsk kontinentalsokkel. Etter at denne aktiviteten vart avslutta på 1990-talet har området ikkje hatt varig aktivitet av industriell karakter.

Fylkesmannen si motsegn er grunngjeven med fare for ureining og varig negativ endring i miljøtilstand i sjø og i sjøbotn i Vats- og Yrkesfjorden. Fylkesmannen viser til at planområdet har store naturverdiar og at fiskeriinteresser vil bli særskilt påverka som følgje av den planlagde industrielle aktiviteten.

Motsegna frå Fiskeridirektoratet er grunngjeven med at aktiviteten vil komma i konflikt med fiskeriinteresser, og at verksemda potensielt har negativ innverknad på gyteområde for fisk.

Vindafjord kommune vedtok reguleringsplanen 24. juni 2014. Kommunen ønskjer å leggja til rette for industriell aktivitet i fjorden, i tilknyting til næringsområdet på Raunes. På staden er AF Miljøbase Vats etablert, med hovudverksemd knytt til demontering og gjenvinning av utrangerte oljeinstallasjonar. I samband med denne aktiviteten ser selskapet det naudsynt å seksjonera installasjonar i fjorden før ilandsetjing.

Kommunen understrekar at saka ikkje er enkel. Det er motstridande interesser mellom industriutvikling og ivaretaking av miljøet. Likevel meiner kommunen at det etablerte miljøovervakingsprogrammet og planføresegner, som set krav om ytterlegare miljøovervaking til sjøs, er med på å ivareta miljøomsyna på staden.

Mekling vart gjennomført 9. mai 2014 utan at semje vart oppnådd. Likevel var det semje mellom Vindafjord kommune, Fiskeridirektoratet og fylkesmannen om å utarbeida eit fellesbrev til ansvarleg departement, for å synleggjera at seksjonering og gjenvinning av oljeinstallasjonar er eit nasjonalt ansvar og at behov for rettleiing er naudsynt. Fellesbrevet er datert 1. juni 2014.

Fylkesmannen i Rogaland tilrår i brev 7. oktober 2014 departementet å vedta reguleringsplanen med ein del endringar. Fylkesmannen tilrår ikkje at det blir opna for generell seksjonering av oljeinstallasjonar i sjø. Fylkesmannen er uroa for at seksjonering av oljeinstallasjonar i Vats- og Yrkesfjorden vil representera ein ikkje-akseptabel fare for ureining i fjorden, med vesentleg negativ verknad på økosystem og fiskeriressursar. Fylkesmannen sin føresetnad for noko industriell aktivitet i Vatsfjorden er at tiltakshavar legg fram dokumentasjon som viser at aktiviteten ikkje vil føra til ureining. Fylkesmannen meiner at Yrkesfjorden må prioriterast til fiskeriinteresser.

Synfaring og møte vart gjennomført 19. desember 2014. Til stades var det representantar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Miljødirektoratet, Fylkesmannen i Rogaland, Fiskeridirektoratet region sør, Vindafjord kommune, representantar for fiskeriinteresser og AF-gruppa.

Olje- og energidepartementet har i brev 3. februar 2015 signalisert kor viktig det er at ansvarleg myndigheit legg til rette for at fjerning av oljeinstallasjonar kan skje i Noreg på konkurransedyktige vilkår.

Klima- og miljødepartementet (KLD) tilrår i brev datert 5. mars 2015 at detaljreguleringa kan godkjennast, fordi planforslaget ikkje strir mot nasjonale eller vesentlege regionale miljøinteresser. KLD vurderer at detaljreguleringa ikkje er i strid med avgjersler i naturmangfaldlova §§ 8-12 og vassforskrifta § 12. Som grunngjeving for dette viser KLD til at Miljødirektoratet har utført kartlegging av marine naturtypar i Vats- og Yrkesfjorden. I tillegg viser KLD til at AF Miljøbase Vats har eit kontinuerleg overvakingsprogram, der det vert gjort ei rekkje biologiske og kjemiske undersøkingar i Vats- og Yrkesfjorden. KLD understrekar at arbeid med demontering av oljeinstallasjonar har skjedd på staden tidlegare, utan at dette har ført til uakseptable ureiningar av miljøet. KLD viser også til at tiltaket må ha tillating etter forureiningslova, noko som gjer at omsyna til miljøet på staden vert ytterlegare trygga.

Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har i brev 4. mai 2015 gjeve fråsegn i saka. Generelt meiner NFD at det er risiko for konflikt mellom AF Decom sine aktivitetar og sjømatnæringa i Vats- og Yrkesfjorden. Fordi verksemda allereie har etablert seg på landområdet, meiner NFD at det truleg er best for miljøet med ei lita utviding av denne verksemda, framfor å leggja til rette for same verksemd på ein ny stad. NFD understrekar behovet for ei heilskapleg arealplanlegging i kystnære sjøområde, og stør at Kommunal- og moderniserings­departementet har sett i gang arbeidet med å gje rettleiing om dette. NFD påpeikar behovet for å få revidert rundskriv T-4/96 Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystsonen. På bakgrunn av at det er sett i gang arbeid knytt til heilskapleg arealplanlegging i kystnære sjøområde, tilrår NFD at motsegna frå Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen i Rogaland ikkje vert teken til følgje. NFD stiller likevel ein del føresetnader for denne tilrådinga.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om reguleringsplanen (detaljregulering) for Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord kommune skal godkjennast eller ikkje, jf. plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd. Det springande punktet er om seksjonering av oljeinstallasjonar i Vats- og Yrkesfjorden vil koma i konflikt med nasjonale eller viktige regionale interesser knytt til fiskeri og miljø.

Dei næringsmessige verknadane
AF Miljøbase Vats vart etablert i 2005 og ferdigutbygd i 2009. På denne miljøbasen har AF-gruppa investert meir enn 600 millionar NOK. Det er opplyst i kommunen sitt saksframlegg at miljøbasen er det mest avanserte og miljøsikre anlegget for gjenvinning av offshoreinstallasjonar i Europa. AF-gruppa har drive med denne verksemda i mange år og viser til at aktiviteten har gått føre seg i eit miljøvenleg og bærekraftig perspektiv. Konkret viser selskapet til det etablerte miljøovervakingsprogrammet som er etablert på land.

I mange år framover vil det vere behov for fleire oppdrag, som følgje av at ei rekkje oljeinstallasjonar er planlagt fjerna frå Nordsjøen. AF-gruppa ønskjer å konkurrere på like vilkår som andre aktørar i den internasjonale marknaden, og peikar i denne samanhengen på kor viktig det er med føreseieleg rammevilkår for å vinna kontraktar for fjerning av oljeinstallasjonar i framtida. Vats- og Yrkesfjorden er ideell for å ta imot oljeinstallasjonar for seksjonering. Fjorden har gode djupnetilhøve, og det er liten skilnad mellom flo og fjære. Vidare er fjorden godt skjerma for vind på grunn av høge fjell.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for vekst i industrien, og føra ein framtidsretta næringspolitikk som bidreg til verdiskaping og sysselsetjing. Regjeringa vil føra ein politikk som gjev næringslivet auka konkurransekraft og dermed moglegheit til å skapa større verdiar.Ved å tillata seksjonering i fjorden vil dette føra til at verksemda skapar nye verdiar på fleire millionar kroner. I tillegg vil utviding av verksemda gje nye arbeidsplassar i kommunen.

Om konsekvensar for naturmiljøet i Vats- og Yrkesfjorden
Det er truleg at seksjonering av utrangerte oljeinstallasjonar vil kunne føra til ein del negative miljøkonsekvensar. Blant anna vil dei negative konsekvensane vere beslag av areal, mellombels inngrep i fjorden, visuelle konsekvensar, støy og ein del utslepp til fjordvatnet.

Klima- og miljødepartementet (KLD) skriv at ved seksjonering i sjø, er det i hovudsak to ulike kjelder til ureining: Utslepp av støv ved kutting og utslepp av væsker som følgje av uhell.

Når det gjeld utslepp av støv viser KLD til Miljødirektoratet sine vurderingar. Direktoratet ser det som lite truleg at eit så avgrensa utslepp av støv vil føra til nemneverdig belastning for miljøet. Ved kutting og skjærebrenning vil større partiklar kunne havne i sjøen, men omfanget av denne ureininga er òg avgrensa, meiner Miljødirektoratet.

Når det gjeld utslepp av væsker i vatn meiner KLD at risiko for utslepp og ureining er lite. For det første må verksemda ha tillating etter forureiningslova, der lova stiller strenge krav til tryggleik. For det andre er det etablert eit program som overvakar tilstanden til miljøet på staden kontinuerleg. For det tredje er det sett vilkår i reguleringsplanen om tryggleiksføresetnader som avgrensar eit eventuelt utslepp. Konkret gjeld dette doble tryggleiksbarrierer (lenser) før arbeida tek til, og føresegner om at berre to oljeinstallasjonar kan ankrast opp om gangen.

KLD skriv at sidan eit eventuelt utslepp som følgje av uhell fort vil bli oppdaga, vil utsleppa vere kortvarige. KLD skriv at ureining som følgje av uhell ikkje heilt kan utelukkast.

NFD skriv at det er utfordrande å trekkja klåre konklusjonar rundt realitetane med omsyn til risikoen for ureining, då slike vurderingar må byggja på erfaring og undersøkingar over tid.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har merka seg at det er usemje mellom Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet. Miljødirektoratet viser til Norsk institutt for vannforskning si analyse som konkluderer med at seksjonering i fjorden er uproblematisk. Fiskeridirektoratet, som har engasjert Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES), har konkludert med det motsette.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har motteke brev datert 27. april 2015 frå Raunes fiskefarm. I brevet er det lagt ved ei uttale frå professor Anders Goksøyr som er ekspert i miljøtoksikologi ved Universitetet i Bergen. Goksøyr sin konklusjon er at spreiing av kvikksølvholdig støv til omgjevnadane i samband med klipping og skjærebrenning av plattformmodular er svært sannsynleg. Goksøyr viser til at det same vert påpeika av NIFES, men verken KLD eller Miljødirektoratet har kommentert dette. Det er òg vist til andre fagreferansar som meiner seksjonering ikkje er i tråd med Noreg sine internasjonale plikter.

I utgreiinga av planen til forslagsstillaren er det vist til at det tidlegare har vore auka konsentrasjon av kvikksølv i området. Under miljøpåverknad for fiske er det skrive: ”Det er en viss risiko for at influensområdet for potensielle uhellsutslipp fra installasjoner i Vatsfjorden kan komme i kontakt med låssetningsplassen på østsiden av munningen. Siden låssatt fisk ikke kan slippe unna vil eksponeringstiden være viktig. Lengste varighet av et utslipp er forventet å være 5 døgn for utslipp av kvikksølv."

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at uvissa knytt til ureining av fjorden kan avbøtast ved at det vert stilt strenge vilkår til miljøovervaking og tillating av utslepp etter forureiningslova. I samband med miljøovervakinga er det særskilt viktig å ha søkelys på kvaliteten på sjømat i området. Mattilsynet og Fiskerimyndighetene må difor involverast i arbeidet med miljøovervakinga. Eventuelle avvik i samband med tillating av utslepp må følgjast opp utan opphald av tiltakshavar og ansvarleg myndigheit.

Det framgår av planføresegnene at det skal takast særskilte omsyn i gyteområde i gyteperioden. Departementet meiner det er naudsynt med ei presisering om at oppankring og seksjonering ikkje skal skje i gyteperioden. Når det er føresegner om aktivitetsforbod i området ferdsel 1 (riggområde) av omsyn til fiskeriinteresser, må dette òg gjelde i gyteområda for fisk. Tidsramma for gyteperioden utvidast med éin månad til også å omfatte april, sidan det kjem fram av saksdokumenta at gyting også skjer i denne månaden. Dette er tatt inn som endringar i planføresegnene § 4-1 Ferdsel og § 5-3 Sone med angjevne særskilte omsyn- og gyteområder.

Departementet meiner at fellesføresegner om maksimal liggjetid og lokalisering må gjelde heile planområdet og ikkje berre oppankring i samband med inn- og uttransport til basen (ferdsel 1, riggområde) dersom interessene til fiskeri skal bli ivaretekne på en forsvarleg måte. Det er derfor gjort endring i § 4-2 b).

Departementet sett som ein føresetnad for godkjenning av planen at det må vere dialog og kontakt med Mattilsynet og Fiskeridirektorat region søri oppfølgjinga av planen, og tek inn ei endring i planføresegnene § 6-7 om dette.
 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og moderniseringsdepartementet detaljregulering av sjøområde i Vats- og Yrkesfjorden vedteke i Vindafjord kommunestyre 24. juni 2014, med enkelte endringar i reguleringsføresegner datert 15. april 2014.

Følgjande justeringar og endringar skal takast inn i føresegnene:

§ 4-1: Ferdsel (riggområde)
Det skal ikkje vere oppankring eller seksjonering i område ferdsel 1 i perioden februar- april.

§ 4-2 b) Følgjande aktivitetar kan utførast innanfor formålet " Havneområde i sjø/industri/ farled":
Lokalisering av installasjonar skal gjerast i dialog med Fiskeridirektoratet. Når det er to installasjonar i fjorden samstundes, skal den eine liggja i Vatsfjorden. Maksimal liggjetid er 6 månader.

§ 5-3: Sone med angjevne særskilte omsyn- og gyteområder
I sona for gyteområde skal det ikkje skje oppankring eller seksjonering i perioden februar- april.

§ 6-7 Miljøovervaking
Mattilsynet og Fiskeridirektorat region sør skal involverast i arbeidet med miljøovervakinga.
 

Departementet ber om at kommunen rettar opp reguleringsføresegnene i tråd med dette.
 

Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
AF Decom AS
Fiskeridirektoratet
Klima- og miljødepartementet
Mattilsynet
Miljødirektoratet
Olje- og energidepartementet
Raunes Fiskefarm AS
Vindafjord kommune
Nærings- og fiskeridepartementet