Justis og beredskap: Tryggleik i kvardagen i eit trygt land

Regjeringa vil sikre tryggleik, god rettstryggleik og tilgjengelege tenester for innbyggarane i heile landet. Det norske samfunnet med høg tillit, levande lokalsamfunn og ein sterk offentleg sektor dannar eit solid utgangspunkt for å gjere beredskapen betre. Målet for regjeringa er ein justissektor som førebyggjer betre, der ressursane er tilgjengelege og finn kvarandre, og der politiet og nødetatane er til stades i heile Noreg.

Det viktigaste er å sørgje for at kriminalitet og uønskte hendingar ikkje skjer. Regjeringa skal kjempe mot kriminalitet, men òg årsakene til kriminalitet, gjennom å førebyggje og etterforske betre. Vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep er alvorleg kriminalitet som òg må prioriterast høgare i heile straffesakskjeda. Mange opplever i dag eit mindre nærverende og meir sentralisert politi, og lange køar i straffesakskjeda.

Rehabilitering av straffedømte er ei av dei viktigaste oppgåvene til kriminalomsorga. God rehabilitering føreset eit godt tilbod og aktivitet under soning. Regjeringa vil bidra til at både gjengkriminelle og ekstremistar kan hjelpast ut av sine destruktive miljø. Dette er ei god investering både for dei personane det gjeld, familiane deira, lokalsamfunnet og landet som heilskap.

Det lokale politiet i heile landet må styrkast, både for å sikre betre førebygging og for raskare respons ved alvorlege hendingar. Ein desentralisert politistruktur sikrar beredskap og nødvendig lokalkunnskap hos politiet.

Arbeidet med digital tryggleik må forsterkast og koordinerast langt betre enn i dag. Politiet skal vere til stades i kvardagen til folk, òg i den digitale kvardagen. Kompetansen til å førebyggje, etterforske og unngå datakriminalitet må styrkast. Ny teknologi skal brukast til å førebyggje og kjempe mot kriminalitet og redusere avstandsulemper.

Regjeringa vil:

  • Evaluere effektane av nærpolitireforma og leggje fram ein konkret plan for å styrkje politiets nærvær i heile landet, inkludert omsynet til lokalt nærvær i byane, meir ressursar til politidistrikta og auka grunnbemanning.
  • Igangsetje eit pilotarbeid i form av nærtenestesenter, for auka tilgang til statlege tenester, til dømes utskriving av pass og førarkort, og kort veg til tenester som juridisk rådgiving gjennom etablering av lokale servicetorg.
  • Opprette polititenestestader i dialog med kommunane og politidistrikta på stader der det er eit lokalt ønske om det, og geografiske faktorar eller kriminalitetsbildet tilseier at det bør opprettast. Det skal opprettast 20 nye tenestestader, og arbeidet skal starte i 2022. 
  • Gjennomgå Politidirektoratets oppgåver, mandat og ressursar for å sikre at innretninga på arbeidet deira er hensiktsmessig organisert, og vurdere å omfordele oppgåver til Justisdepartementet, særorgan og politidistrikt, og omfanget av Politidirektoratets avgjerdsmakt.
  • Styrkje politiets tenestestader med førebyggjande einingar, fleire oppgåver og ressursar. Sikre ei minimumsbemanning per tenestested og at tenestene er tilgjengelege alle kvardagar, heile året.
  • Styrkje kapasiteten til å kjempe mot cyberkriminalitet, irekna overgrep på nett og datakriminalitet.
  • Prioritere arbeidet med kultur og leiing i politiet.
  • Gjennomføre eit etterforskingsløft og styrkje påtalemakta.
  • Leggje fram ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar
  • Greie ut korleis det kan innførast ei endring i straffelova slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbydd og definert som valdtekt, og leggje fram forslag om det.
  • Byggje opp ein permanent og dedikert innsats mot organisert kriminalitet, kriminelle gjengar og kriminelle nettverk i særorgan og politidistrikta.
  • Etablere exit-program for gjengkriminelle og ekstremistar som gir dei betre molegheit for å bryte permanent ut av desse miljøa.
  • Styrkje politiets arbeid mot kvitvasking, økonomisk kriminalitet, arbeidslivskriminalitet, fiskerikriminalitet og annan tilstøytande kriminalitet, vurdere auka strafferamme på desse områda og utvide lovverket for å innføre sivilrettsleg inndraging slik at kriminelle ikkje får behalde økonomiske verdiar frå kriminell verksemd.
  • Styrkje det strategiske og operative samarbeidet mellom tollvesen, grensemyndigheiter og lokalt politi i grenseområda og styrkje tollvesenets operative bemanning.
  • Redusere soningskøen, utvide kriminalomsorga med fleire fengselsplassar og oppretthalde ein desentralisert struktur for fengsel og friomsorg. Styrkje innhaldet i soninga og gjenreise programverksemda.
  • Avvikle praksis med at barn under 18 år blir fengsla i ordinære fengsel, og utvide og styrkje ungdomseiningane og betre overgangen til ordinære fengsel etter fylte 18 år.
  • Gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021 for å vareta borgaranes rettstryggleik og sikre sjølvstendige domstolar med stadleg leiing, med unntak for domstolar der domstolsleiar, kommunane i rettskretsen og dei tilsette gjennom sine tillitsvalde er samde om å oppretthalde dagens struktur.
  • Leggje til rette for at domstolar kan samarbeide betre, og greie ut korleis mindre domstolar kan styrkjast for å gjere dei mindre sårbare.
  • Redusere den økonomiske risikoen det inneber å få avgjort ei sak av domstolane for særleg utsette grupper, auke bruken av mekling, redusere tidsbruken i domstolane og gjere det enklare for domstolane å redusere urimelege salærkrav.
  • Utarbeide ein nasjonal strategi og retningslinjer for personvern og digitalt privatliv, og ta eit internasjonalt initiativ til internasjonale minstestandardar for personvern.
  • Opprette eit nasjonalt våpenregister som blir lagt til Brønnøysundregistera og til Nordland politidistrikt med forvalting i Mosjøen.
  • Iverksetje arbeid knytt til kriselover slik at Stortinget og regjeringa kan vareta sitt ansvar og sin handlekraft i ulike krisescenario utan at det går på kostnad av rettsstatlege prinsipp.

Beredskap

God beredskap krev klare ansvarslinjer og lokal forankring. Ressursane som skal handtere krisane, må vere tilgjengelege over heile landet. Den viktigaste beredskapsressursen er det lokale politiet i samarbeid med kommunane, helsetenesta og brann- og redningsvesenet. Det er ein føresetnad at kommunar og fylkeskommunar blir sikra tilstrekkelege økonomiske ressursar til å løyse sine beredskapsoppgåver. Dette gjeld både personell, materiell, kompetanse og myndigheit.

Regjeringa vil:

  • Styrke samordningen av regjeringens arbeid med sikkerhet og beredskap, herunder tydeliggjøre rollene til Regjeringens sikkerhetsutvalg og Kriserådet som regjeringens samordnende organer i sikkerhets- og beredskapsarbeidet.
  • Styrkje politiberedskapen, for eksempel med fleire politipatruljar i heile landet.
  • Setje ned ein totalberedskapskommisjon som skal vurdere korleis samfunnets totale ressursar best mogleg bør innrettast for å sikre tilfredsstillande beredskap.
  • Sikre at nasjonale ansvarslinjer for ulike risikoscenario er avklarte, og utvikle betre føresetnader for å fange opp korleis risiko i ulike sektorar påverker kvarandre gjensidig.
  • Greie ut korleis vi betrar politihelikopterberedskapen i fleire delar av landet.
  • Bidra til betre samarbeid mellom dei ulike nødetatane og andre beredskapsorganisasjonar.
  • Sørgje for at det blir fastsett forpliktande responstider for alle nødetatar.
  • Styrkje den nasjonale datalagringsevna og den digitale beredskapen, og greie ut etableringa av ei datalagringsteneste i offentleg regi, der data som krev god sikkerheit, kan oppbevarast.
  • Greie ut korleis ein kan sikre eit robust kjernenett for elektronisk kommunikasjon, irekna å utgreiing av etablering av eit alternativt kjernenett.
  • Nedsetje ein ekstremismekommisjon for å gå djupare inn i korleis ekstremismen oppstår, og lære meir om kva slags tiltak som fungerer for å førebyggje og motverke radikalisering og ekstremisme, og å styrkje freds- og menneskerettssentera i landet.
Til dokumentets forside