Barn og familie: Gode universelle ordningar for alle familiar

Regjeringa vil styrkje det universelle velferdstilbodet til barn og unge for å sikre fridom til alle slags familiar og redusere skilnadene i samfunnet. Ordningane skal bidra til at familiar får dagen til å gå opp, og til at alle skal kunne kombinere arbeid og familieliv. Foreldrepermisjonen skal vere raus og sikre at begge foreldre har sjølvstendig krav på sin del av permisjonen saman med barnet. Familiar med barn som har særskilte behov, skal få betre støtte.

Regjeringa vil:

  • Styrkje det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn.
  • Gjennomgå og betre ordningar for familiar med barn med særskilte behov, og sørgje for at barn med særskilte behov også i skulefritidsordninga får oppfølginga og tilrettelegginga dei har behov for.
  • Vidareføre ein tredelt foreldrepermisjon og sikre mor moglegheit til å amme i tråd med helsefaglege råd.
  • Sikre at mødrer ikkje får kutt i permisjonstida dersom dei føder før termin, og at permisjonen ikkje startar på termindato dersom dei føder seinare enn termin.
  • Behalde dagens fedrekvote og styrkje fedrane sine rettar.
  • Oppretthalde dagens kontantstøtteordning for barn mellom 12 og 18 måneder.
  • Avvikle kontantstøtteordninga for barn mellom 18 og 24 måneder. Ordninga skal erstattast med ei småbarnstøtte for dei som har søkt om, men ikkje fått, barnehageplass.
  • Sørgje for at likestilt foreldreskap blir understøtta i ny barnelov, og vurdere å gjere delt bustad til barnelovas hovudregel.

Fellesskapets ansvar til det beste for barna

Regjeringa skal sikre at barnevernet gir tryggleik og hjelp til barn og familiar som treng det. Omsynet til barnet sitt beste skal alltid leggjast til grunn. Det er ei prioritert oppgåve å sikre fleire tilsette med god kompetanse i barnevernet, slik at kvart einskild barn får god oppfølging, og slik at rettstryggleiken og medverknaden blir betre varetatt enn i dag. Samarbeidet på tvers av etatar skal betrast, og regjeringa skal stoppe utviklinga mot kommersialisering og oppstykking i barnevernssektoren.

Regjeringa vil:

  • Gjennomføre ei kvalitetsreform i barnevernet som sikrar ei hensiktsmessig organisering, vektlegg auka kompetanse og gir dei tilsette meir tid og tillit i møte med barna.
  • Sørgje for bemanning og finansiering som følgjer av barnevernsreforma som trer i kraft i 2022.
  • Innføre ei eiga fosterheimlov som betre varetar fosterbarna og fosterfamiliane sine rettar, og som sikrar hjelp, rettleiing og tilsyn, og med det òg betre rekruttering av fosterfamiliar.
  • Styrkje den psykiske helsehjelpa i barnevernet. Helsekartlegging av barn etter omsorgsovertaking må lovfestast, og ungdom i ettervern må sikrast stabil omsorg frå vaksne i overgangen til eit sjølvstendig voksenliv.
  • Gi kommunane nok ressursar til å sørgje for eit godt ettervern til barnevernsbarn fram til fylte 25 år.
  • Avgrense bruk av tvang og einetiltak.
  • Auke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet.
  • Gradvis fase ut storekommersielle aktørar innanfor barnevernet.
  • Avslutte bruken av konkurranseutsetjing og anbod i barnevernssektoren og sikre ideelle verksemder langsiktige avtaler med det offentlege.
  • Sikre at informasjon om utsette barn blir overført mellom barnevern ved flytting mellom kommunar.
  • Innføre krav om andrehandsvurdering av akutt- og hastevedtak og sørgje for at sakkunnige utanfor barnevernet skal kunne nemnast opp.

Eit livssynsopent samfunn med respekt for alle

Regjeringa ønskjer eit livssynsopent samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for enkeltmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske utgjer dei viktige fellesskap, og dei skaper tilhøyrsel og identitet. Både finansiering av, kontroll med og innsyn i religiøse samfunn er viktige offentlege oppgåver, og det skal stillast krav til trus- og livssynssamfunna om demokrati, openheit og representasjon utan at ein grip inn i trusfridommen.

Regjeringa vil:

  • Vareta den særskilte rolla Den norske kyrkja har som ei levande og inkluderande folkekyrkje med lokalt nærvær, presteteneste og trusopplæring i alle sokn og ein sterk og føreseieleg økonomi.
  • Stille krav om at offentlege institusjonar som sjukehus, sjukeheimar og fengsel legg til rette for at pasientar og innsette får høve til å utøve trua si og livssynet sitt.
  • Sikre trus- og livssynssamfunn føreseieleg finansiering, men gjennomgå kriteria for støtte.
  • Samarbeide med trus- og livssynssamfunn om å styrkje integreringa, betre likestillinga og auke kunnskapen om norsk lov i livssynsfeltet.
  • Stille krav om at dei administrative organa som forvaltar offentlege tilskot på vegner av trussamfunn, er demokratisk valde og har minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn.
  • Stille krav til personar som kjem til Noreg for å praktisere som religiøse leiarar, om at dei skal ha eller skaffe seg kunnskap om korleis dei skal utøve den religiøse rådgivarrolla i møte med vald i nære relasjonar, eksilerfaringar og sentrale verdiar i det norske samfunnet.
  • Krevje full openheit om finansiering av trussamfunn og greie ut om utanlands finansiering av trussamfunn kan bli forbydd.
Til forsiden