Kragerø kommune - motsegn til detaljregulering for Kirkebukta

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje avkøyring direkte frå fylkesveg 38 til nytt parkeringshus i Kirkebukta, i detaljregulering for Kirkebukta. Departementet legg vekt på at løysinga ikkje i tilstrekkeleg grad tek omsyn til trafikktryggleiken langs fylkesvegen. Motsegna frå Vestfold og Telemark fylkeskommune er teken til følgje.

Bakgrunn

Detaljregulering for Kirkebukta i Kragerø kommune er sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev 31. mars 2022, på grunn av ei uløyst motsegn frå Vestfold og Telemark fylkeskommune. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for eit parkeringsanlegg med ca. 300 parkeringsplassar. Over parkeringsanlegget kan det etablerast eit offentleg parkanlegg på den sørlege delen av anlegget, og eit leilegheitsbygg mot nordvest. Planforslaget vidarefører arealføremålet i gjeldande reguleringsplan for Kragerø havnefront frå 2007, der området er regulert til anna kombinert føremål, mellom anna parkering, bustad, park og vegføremål.

Planområdet ligg ca. 500 meter nord for Kragerø sentrum, langs fylkesveg 38. Inn mot sentrum går fylkesvegen gjennom ein 500 meter lang tunnel. Fartsgrensa på fylkesvegen er i dag 60 km/t. Av- og påkøyringa til parkeringshuset vil vere direkte frå fylkesvegen, berre 50 meter etter tunnelmunningen. Det er òg planlagd inn- og utkøyring til/frå parkeringshuset til Gamle Kragerøvei nordvest for parkeringshuset.

Vestfold og Telemark fylkeskommune fremja i brev 25. juni 2020 motsegn til planen, grunna i omsyn til trafikktryggleiken. Fylkeskommunen viser til at ei direkte avkøyring frå fylkesveg 38 ikkje er i samsvar med overordna plan for Kragerø havnefront, der området er planlagd med avkøyring via kommunalt vegnett. I den regionale areal- og transportplanen for Telemark heiter det at trafikktryggleiken for alle trafikantgrupper skal bli vektlagt sterkt i den kommunale planlegginga. Fylkeskommunen meiner forslaget vil gi auka risiko for ulykker på fylkesvegen. Løysinga vil òg krevje avvikssøknad frå gjeldande regelverk for fleire forhold, under dette avstandskrav, fartsgrense langs fylkesveg og krav til skilting for fartsreduksjon. Den føreslåtte avkøyringa vil òg føre til auka utgifter til drift av fylkesvegen både på kort og lang sikt, om ein skal etablere trafikksikre løysingar.

Fylkeskommunen meiner at det er mogleg å etablere ei trafikksikker løysing nordvest for parkeringshuset langs det kommunale vegnettet på Gamle Kragerøvei, og med mindre ulemper samanlikna med den føreslåtte løysinga.

Mekling vart gjennomført 4. september 2021, utan at partane kom til ei løysing.

Kragerø kommune vedtok reguleringsplanen 21. september 2021. Kommunen meiner at tilkomst til parkeringsanlegget slik det er regulert i gjeldande reguleringsplan, er vanskeleg å realisere. Det er fleire store utfordringar knytt til trafikkavviklinga langs det kommunale vegnettet. Ein tilkomst frå Gamle Kragerøvei, både via sentrum og via Ytre Strandveg, vil innebere ei vesentleg omkøyring. Gamle Kragerøvei er òg nytta som skuleveg, og det er inga moglegheit for å etablera gang- og sykkelveg. Vidare er Ytre Strandvei nytta som omkøyringsveg om tunnelen langs fylkesvegen er stengd. I sommarsesongen er denne vegen òg nytta til ferjekø. Kommunen meiner det er mogleg å redusere hastigheita langs fylkesvegen, slik at ei avkøyring til parkeringshuset vil vere trafikksikker.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har i brev 31. mars 2022 sendt saka over til departementet for behandling. Statsforvaltaren har ikkje kome med ei tilrådning i saka.

Møte og synfaring vart gjennomført 24. mai 2022 med Kragerø kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Samferdsledepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Samferdsledepartementet rår i brev 8. juni 2022 om å ta motsegna til følgje. Departementet meiner at ei løysing med avkøyring til parkeringshuset frå fv. 38 ikkje er akseptabel ut frå omsynet til trafikktryggleiken langs vegen. Det er ikkje tilstrekkeleg avstand frå tunnelmunninga til avkøyringa til å oppnå ein tilstrekkeleg, trafikksikker fartsreduksjon.

Departementet har innhenta Vegdirektoratet si fråsegn i saka. Vegdirektoratet meiner at ei nedskilting til 30 km/t ikkje vil vere forsvarleg ut frå fartsgrensekriteria. Utforminga av tunnelen gjer det heller ikkje mogleg å skilte i tunnelen, eller gjere andre fartsreduserande tiltak i tunnelen. Samferdsledepartementet støttar Vegdirektoratet sine vurderingar i saka. Departementet syner òg til at fylkeskommunen som eit kompromiss vil akseptere påkøyring direkte til fylkesvegen, men då berre med høgresving inn på fylkesvegen.

Departementet meiner at alternativet med berre utkøyring frå parkeringshuset med høgresving ut på fv. 8 er eit godt kompromiss, som både tek omsyn til trafikktryggleiken langs vegen, og behovet for fleire parkeringsplassar.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

Etter plan- og bygningslova § 5-4 fyrste ledd, kan statleg og regionalt organ fremje motsegn til spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional vekt, eller som av andre grunnar er av vesentleg vekt for vedkommande organ sitt saksområde. Kommunal- og distrikts­departementet avgjer om motsegna skal takast til følgje, jamfør § 12-13 andre ledd. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen. I denne saka skal departementet avgjere om vedtaket til Kragerø kommunestyre av detaljregulering for Kirkebukta, og som inneber direkte avkøyring frå fv. 38 til eit nytt parkeringshus i Kirkebukta, skal godkjennast, eller om motsegna frå Vestfold og Telemark fylkeskommune skal takast til følgje.

Kommunal- og distriktsdepartementet har vurdert motsegna ut frå dei trafikkfaglege omsyna i saka. Ei avkøyring frå fylkesvegen vil krevje avvikssøknad frå vegnormalen (N100) for både fartsgrense langs fylkesveg og for krav om skilting om fartsreduksjon. Departementet støttar vurderingane til Samferdsledepartementet og Vegdirektoratet i saka. Ei senking av fartsgrensa rett utanfor tunnelmunningen vil ikkje gje trafikantane tilstrekkeleg tid til å tilpasse farten. Dette kan føre til alvorlege trafikkulukker, og i verste fall kan avkøyringa bli eit ulykkespunkt.

Departementet forstår behovet til kommunen for betre parkeringsmoglegheiter i sentrum, og ønsket om ei betre trafikkavvikling på staden. Sjølv om det er vanskeleg å finne gode løysingar for ein tilkomst til parkeringshuset langs det kommunale vegnettet, finn departementet i denne saka likevel å måtte legge avgjerande vekt på dei eintydige råda frå samferdslemyndigheitene knytt til omsynet til trafikktryggleiken langs fylkesvegen.

Kommunal- og distriktsdepartementet har etter dette kome til at avkøyringa frå fv. 38 til parkeringshuset ikkje kan godkjennast, og må takast ut av planen. Innkøyring til parkeringsanlegget vil då berre bli frå Gamle Kragerøveg. Departementet viser vidare til samferdslemyndigheitene si vurdering av alternativet med berre utkøyring frå parkeringshuset med høgresving ut på fv. 8, som ei mogleg løysing. Motsegna frå Vestfold og Telemark fylkeskommune er etter dette teken til følgje.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderingane skal gå fram av vedtaket. Den aktuelle planen påverkar ikkje naturmangfaldet, og ei vurdering etter prinsippa over er difor ikkje relevant.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet detaljregulering for Kirkebukta, vedteken av Kragerø kommunestyre den 21. september 2021, med følgjande endring:

Avkøyring til planområdet frå fylkesveg 38 blir ikkje godkjent av omsyn til trafikksikkerheit, og må takast ut av planen.

Departementet ber om at kommunen gjer dei naudsynte endringane i planen. For kunngjering av planen, gjeld plan- og bygningslova § 12-12 siste ledd.

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Kragerø kommune
Samferdselsdepartementet
Vestfold og Telemark fylkeskommune