Kragerø kommune - motsegn til reguleringsplan for gbnr. 13/14 Lindtvedt

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje nytt småbåtanlegg og tilhøyrande areal til sjøbod og pumpehus, samt bod knytt til eksisterande brygge SB1, i reguleringsplan for gbnr. 13/14 Lindtvedt. Forslaget er i strid med statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, og dei omsyna som retningslinene er meint å ivareta. Departementet har lagt vekt på at Kragerø ligg i sone 1 og er definert som ein kystkommune med særleg stort press på areala, og kan ikkje sjå at tiltaket har ei samfunnsnytte som kan vege opp for ulempene som utbygging i strandsona i dette området inneber.

Bakgrunn for saka

Kommunal- og distriktsdepartementet viser til oversending av saka frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i brev av 21. januar 2022. Reguleringsplan for gbnr. 13/14 Lindtvedt er sendt departementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd, på grunn av uløyst motsegn frå statsforvaltaren.

Føremålet med reguleringsplanen for Lindtvedt er å leggje til rette for etablering av inntil 11 einebustader. Reguleringsplanen omfattar og eit felles småbåtanlegg (SB2) med 16 båtplassar. Småbåtanlegget skal ligge i Indre Kalstadkilen, eit par hundre meter frå bustadane. Knytt til anlegget, og litt vekk frå strandkanten, er det satt av eit mindre areal til sjøbod og pumpehus (BUN1). I tillegg opnar planen for at det vert oppført ei bod til eksisterande småbåtanlegg SB1.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, ved miljøavdelinga, fremja motsegn til planforslaget i brev av 18. mai 2020. Motsegna er retta mot småbåtanlegget (SB2) med sjøbod og pumpehus (BUN1), og til planlagd ny bod knytt til eksisterande brygge (SB1). Statsforvaltaren meiner at forslaget er i strid med byggeforbodet i strandsona, og statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Føreslått bryggeanlegg inneber oppføring av eit nytt element i sjøkanten, som vil påverke landskapet negativt og føre til at strandsona i området vert privatisert. Oppføring av sjøbodene inneber og at det vert oppført nye bygg i 100-metersbeltet i eit elles relativt ubygd område. Tiltaka er i strid med arealdelen i kommuneplanen, der områda er avsett til LNF-føremål og bruk og vern av sjø og vassdrag. 

Vestfold og Telemark fylkeskommune har ikkje motsegn, men har i si høyringsuttale av 14. april 2020 sterkt frårådd å etablere småbåthamn og naust i Indre Kalstadkilen. Etter fylkeskommunen si vurdering er tiltaket i strid med den nasjonale og regionale strandsone­forvaltninga, med arealføremålet i arealdelen i kommuneplanen, og føringar om forvaltning av sjøområda med omsyn til økologisk tilstand.

Kragerø kommunestyre vedtok i møte 14. januar 2021 reguleringsplanen for Lindtvedt, med unntak av området for småbåtanlegg og sjøboder der det var gjenståande motsegn. Den unnatekne delen av reguleringsplanen vart gjenstand for mekling og vidare dialog mellom kommunen og statsforvaltaren.

Meklingsmøte vart gjennomført 3. november 2021. Det vart i møtet presentert moglege løysingar, som blant anna innebar å fjerne eksisterande brygge med fire båtplassar (SB1) på ein naboeigedom. Kommunen føreslo og å redusere storleiken på bryggeanlegget, frå 16 til 12 bryggeplassar. Etter vidare dialog mellom partane, og med grunneigar på nabo­eigedomen, nådde ikkje føreslått løysing fram. Statsforvaltaren opprettheldt si motsegn.

Hovudutval for plan og byggesak vedtok reguleringsplanen for Lindtvedt, for den delen som gjeld småbåtanlegg og sjøboder med tilhøyrande føresegner, i møte 16. juni 2021. Samstundes vart det vedteke at saka vert sendt departementet for endeleg avgjerd. Kommunen meiner at planen legg opp til ein skånsam og sentrumsnær bustadbygging med bryggeplassar. Brygga vil bli plassert skånsamt i terrenget, og vil berre tene dei bustadane som er godkjend i planen. Strandområdet er lite tilgjengeleg ut frå topografiske forhold, og er i dag lite nytta av allmenta. I følgje kommunen vert området meir tilgjengeleg som følgje av tiltaket, ved å legge betre til rette for allmenn bruk. Samla sett meiner kommunen at fordelane ved å etablere ny brygge og boder vil vege opp for ulempene.

Møte og synfaring fann stad 2. mars 2022, med representantar frå kommunen, statsforvaltaren, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. Grunneigar deltok og på synfaringa.

Klima- og miljødepartementet tilrår i si uttale 25. mars 2022 å ta motsegna til følgje. Departementet meiner forslaget er i strid med nasjonale og vesentlege regionale miljøinteresser i strandsona. Småbåtanlegget og sjøbod/pumpehus vil fragmentere eit område som er relativt urørt, bidra til bit-for-bit-nedbygging, og føre til privatisering av strandsona i eit område med stort press på areala langs sjøen. Tiltaket er i strid med byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, og vil ha negativ verknad på landskapsomsyn. Tiltaket er heller ikkje i tråd med kommuneplanen, og har etter Klima- og miljødepartementet si vurdering ingen spesiell samfunnsnytte.

Sjøbod knytt til eksisterande brygge har avgrensa omfang i seg sjølv, men vil ha landskaps­verknad lokalt, og kan bidra til å tette igjen og privatisere strandsona i eit område med høgt press på sjønære areal.

Klima- og miljødepartementet gjer òg merksam på at det er mangelfullt kunnskapsgrunnlag knytt til vassmiljøet, samt mangelfull vurdering av inngrepet si påverknad på vassmiljøet. Etter vassforskrifta § 12 skulle det ha vore gjennomført ei vurdering av om planen kan påverke vassførekomsten slik at miljøtilstanden vert forringa, eller at miljømåla ikkje vert nådd. Dersom planen vil føre til at tilstanden vert forringa, eller at miljømåla ikkje vert nådd, må det gjerast ei vurdering av om vilkåra i § 12 er oppfylt.

Kommunal- og distriktsdepartementet si vurdering

Etter plan- og bygningslova § 5-4 første ledd kan statleg og regionalt organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkommande organ sitt saksområde. Kommunal- og distrikts­departementet avgjer om motsegna skal takast til følgje, jamfør § 12-13 andre ledd. I samband med dette kan departementet gjere naudsynte endringar i planen. I denne saka skal departementet avgjere om Kragerø kommune sitt vedtak av småbåtanlegg SB2 og tilhøyrande areal til sjøbod og pumpehus BUN1, samt bod til eksisterande brygge SB1, skal godkjennast, eller om motsegna frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark skal takast til følgje.

Etter plan- og bygningslova § 1-8 skal det takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag. Statlege planretningsliner for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen utdjupar den nasjonale arealpolitikken i 100-metersbeltet. Målet er å sikre allmenta sine interesser, og å unngå uheldig bygging langs sjøen. Retningslinene skal bidra til ein geografisk differensiering ved at landet vert delt inn i tre soner, med ulike føringar tilpassa blant anna tilgjengeleg strandsone og utbyggingspress. Retningslinene er strengast der utbyggings­presset er størst.

Kragerø kommune ligg i sone 1, som omfattar kystkommunane i Oslofjordregionen med særleg stort press på areala langs sjøen. For desse områda skal byggeforbodet i 100-metersbeltet praktiserast strengt i planlegginga. Utbygging skal konsentrerast til allereie utbygde område. I motsetnad til i sone 2 og sone 3, er det ikkje opna eksplisitt for å tillate brygger i sone 1. Det er difor ein høg terskel for å tillate private bryggeanlegg i desse områda, særleg i ubygde område.

Forslaget om småbåtanlegg er heller ikkje i tråd med arealdelen i kommuneplanen, der dei aktuelle areala er avsett til LNF-føremål og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Det følgjer av statlege planretningsliner at avklaring av arealbruk i strandsona først og fremst skal gjerast i arealdelen i kommuneplanen, der ei eventuell anna bygge­grense enn 100 meter bør bli fastsett etter ei heilskapleg vurdering. Manglande forankring i overordna plan gjer at småbåtanlegget ikkje har vore vurdert heilskapleg ut frå kapasiteten på eksisterande brygger og småbåtanlegg i kommunen. Det vil kunne skape uheldig presedens, og bidra til bit-for-bit-nedbygging, dersom det vert opna for å tillate nye private bryggeanlegg utan at dette er vurdert i ein større samanheng.

Sidan småbåtanlegget berre skal brukast av dei nye bustadene som inngår i regulerings­planen, vil anlegget etter departementet si vurdering ikkje betre allmentas moglegheiter for ferdsel og tilgang med båt. Kommunen meiner området vil gjerast meir tilgjengeleg, blant anna ved at det vert etablert ei badebrygge ved småbåtanlegget. Som Klima- og miljø­departementet har peika på, tilseier likevel området si plassering og attraktivitet at det er liten grunn til å tru at området vil få nemneverdig betyding for friluftslivet.

Kommunal- og distriktsdepartementet meiner at forslaget om småbåtanlegg og boder i reguleringsplanen for Lindtvedt, er i strid med dei statlege planretningslinene for differensiert forvaltning av strandsona, og dei omsyn som retningslinene er meint å vareta. Departementet kan ikkje sjå at tiltaket har ein samfunnsnytte som kan vege opp for ulempene som utbygging i strandsona inneber. Av omsyn til nasjonale og vesentlege regionale interesser knytt til strandsona, godkjennast difor ikkje områda SB2 og BUN1, samt bod til eksisterande brygge SB1. Motsegna frå statsforvaltaren er tatt til følgje.

Vurdering etter naturmangfaldlova
Etter naturmangfaldlova § 8 (kunnskapsgrunnlaget), skal planar som påverkar naturmangfald vurderast ut frå vitskapeleg kunnskap om artar og naturtypar. I planprosessen er det utarbeidd ei eiga utgreiing om naturmangfald. Det er ikkje gjennomført ny kartlegging i 100-metersbeltet langs sjøen eller i dei sjøareala som ligg inne i planforslaget, men areala ned mot sjøen har vore vurdert. Sjøområda i Indre Kaldstadkilen har fleire registreringar av blautbotn-område og ålegras-samfunn, som gir området stor verdi for biologisk mangfald. Området for bryggeanlegget er vurdert å ha moderat verdi. Med ei djupne på 3 meter vil ikkje sjøbotnen bli påverka direkte av båttrafikken. Det er likevel ein fare for oppvirvling av vatn som kan endre sjøbotnen, noko som kan påverke verdiane i blautbotn-områda negativt. Det er vurdert at det manglar tilstrekkeleg kunnskap om verdiane i planområdet, og at miljøundersøkingar burde gjennomførast før planen eventuelt vart vedteke. Det er likevel ikkje fare for vesentleg skade på naturmangfaldet, og føre var-prinsippet gjer seg difor ikkje gjeldande, jf. nml. § 9. Den samla belastninga på blautbotn-område i strandsona i Norge er vurdert som høg, jf. nml. § 10. 

Vedtak

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje Kragerø kommune sitt vedtak av reguleringsplan for gbnr. 13/14 Lindtvedt, for den delen som gjelder småbåtanlegg SB2 og pumpehus BUN1, samt bod knytt til eksisterande brygge SB1.

Det kan ikkje klagast på departementet sitt vedtak, jf. plan- og bygningslova § 12-13, siste ledd.

Departementet ber om at kommunen endrar planen i tråd med vedtaket. For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 12-12 siste ledd.
 

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik

 

Kopi:
Klima- og miljødepartementet
Kragerø kommune
Miljødirektoratet