Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Odda kommune- motsegn til reguleringsplan for ny veg til Mågelitopp

Miljøverndepartementet godkjenn reguleringsplanen for ny veg til Mågelitopp. Departementet meiner at interessene knytt til kulturminne ikkje veg så tungt at dei inneber at vegen ikkje kan byggjast. Riksantikvaren har fremma motsegn til planen, men har etter synfaringa sagt ja til veg på visse premissar. Vegen til Mågelitopp vil vere erstatning for trallebana, og ved at det blir sett krav til utbygginga og tilpassing til terrenget, kan ein bevare linjeføringa til bana som må seiast å ha ein vesentleg opplevingsverdi i landskapet. Motsegna frå Riksantikvaren er dermed teke delvis til følgje.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved brev av 8. desember 2011 frå Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd etter plan- og bygningslova (pbl) av 1985, § 27-2 nr. 2.

Miljøverndepartementet godkjenn reguleringsplanen for ny veg til Mågelitopp. Departementet meiner at interessene knytt til kulturminne ikkje veg så tungt at dei inneber at vegen ikkje kan byggjast. Riksantikvaren har fremma motsegn til planen, men har etter synfaringa sagt ja til veg på visse premissar. Vegen til Mågelitopp vil vere erstatning for trallebana, og ved at det blir sett krav til utbygginga og tilpassing til terrenget, kan ein bevare linjeføringa til bana som må seiast å ha ein vesentleg opplevingsverdi i landskapet.

Motsegna frå Riksantikvaren er dermed teke delvis til følgje.

Bakgrunn for saka

Trallebana mellom Skjeggedal og Mågelitopp vart gitt som gåve til innbyggjarar i Tyssedal i 1956 for å gjere fjellet og friluftslivet meir tilgjengeleg. Dette førte til bygging av hytter på fjellet. I dag er det ca 40 hytter på Mågelitopp. Det har lenge vore arbeidd for å finne ei løysing for vidare drift av trallebana. Dette har ein ikkje klart å finne ei løysing på.

Eigarane av hyttene på Mågelitopp fremja planforslag om veg i 2001, og planprosessen stod i ro mellom 2002 og 2010. Fylkesmannen har difor meint at saka skal behandlast etter ny plan- og bygningslov, då det har skjedd betydelege endringar av lovverket sidan planen var på offentleg høyring. Odda kommune vedtok at ein ikkje ville gå vidare med prosessen om å sikre Mågelibana som eit kulturminne i full drift med offentleg konsesjon. Den største grunnen til dette var kostnadene til opprusting og vidare drift.

Fylkeskommunen tilrår at trallebana vert opprusta slik at den framleis kan tene transportbehovet til fjells som alternativ til ny veg. Trallebana er eit viktig industrihistorisk dokument og eit særmerkt element i Skjeggedalen som bør takast vare på. Fylkeskommunen peikar på at ved ei eventuell vegbygging, må inngrepet verte mest mogleg dempa.

Området der vegtraseen er planlagd er i dag LNF-område med byggjeforbod i gjeldande kommuneplan. Hyttefeltet på Mågelitopp ligg som område for fritidsbustader i same plan.

Riksantikvaren har fremma motsegn til planen 10. januar 2003. Vegen vil kome i konflikt med trallebana som inngår i det viktige kulturmiljøet og kulturlandskapet rundt det freda Tyssedal kraftverk. Sjølv om ikkje trallebana vert ein del av det freda kraftverket i Tyssedal, inngår det som ein viktig del av heilskapen som kommunen vert oppfordra til å regulere til spesialområde bevaring etter plan- og bygningslova. Ei eventuell fjerning av bana vil etter Riksantikvaren si meining redusere forståinga og opplevinga av Tyssedal kraftverk, ettersom bana vart eit viktig bindeledd mellom magasina på fjellet og kraftstasjonen.

Etter at synfaring vart gjennomført, var det kontakt mellom Riksantikvaren og Odda kommune, der det ble lagd fram et forslag om å ta vare på øvre halvdel av trallebana som ikkje er i kontakt med vegen, samt nedre del av bana som i dag er sjølve portalen til bana.  Riksantikvaren skriv i e-post til kommunen at eit slik forslag kan dei gå inn for, og det må sjåast på som eit delvis bortfall av deira motsegn. Riksantikvaren har og meint at dersom ein går inn for veg, burde planen sendast på ny høyring.

Fylkesmannen i Hordaland seier i si oversending av saka at området har eit stort potensiale som historieforteljande element og som reiselivsmål. Ei vegbygging som planlagd vil vere eit inngrep i landskapet og fjerning av eit kulturminne som vil øydelegge og svekkje området sin status. Det blir vist til at Naturmangfaldlova ikkje er vurdert i denne samanhengen. Fylkesmannen tilrår at motsegna blir teken til følgje i departementet.

Mekling har ikkje vore halde i saka. Fylkesmannen har i si oversending av saka vist til at det er over ti år sidan planarbeidet vart starta opp og planprosessen har stått i ro mellom 2002 og 2010.

Synfaring blei gjennomført den 18. juni 2012 med representantar frå Odda kommune, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Miljøverndepartementet, grunneigarar og interessentar i saka til stades.

Miljøverndepartementet si vurdering

Reguleringsplanen inneber at det vert bygd veg frå botn av Skjeggedal til Mågelitopp. Det regulerte arealet er på 279 daa i bratt terreng. Lengda på vegen er fire km i 15 slynger og med en høgdeskilnad på 425 meter. Vegen er meint som erstatning for eksisterande trallebane. Planen legg opp til å rive nedre del av bana, men at vegen blir lagt slik at han ikkje kjem i direkte konflikt med den øvre del av bana.

Fylkesmannen seier i si oversending av saka til departementet, at planen skulle ha vore behandla etter ny plan- og bygningslov (2008-lova) og såleis vore sendt ut på nytt offentleg ettersyn fordi det er gått så mange år mellom saka var på offentleg ettersyn og fram til kommunen behandla planen. Planprosessen stod i ro mellom 2002 og 2010, og spørsmålet om planen skal godkjennast etter 1985-loven er prinsipielt viktig då det har skjedd betydelege endringar i lovverket. Miljøverndepartementet meiner at planen i utgangspunktet burde ha vore lagt ut på ny høyring, men at forholda i saka likevel tilseier at dette ikkje vil føre fram til noko nytt. Vurderingar etter Naturmangfaldlova er no innarbeid i vedtaket og såleis er krava til dokumentasjon oppfylde. Møter, synfaring og etterfølgjande kommunikasjon med dei ulike partane i saka gir etter departementets syn eit tilstrekkeleg grunnlag for vedtak i saka. Departementet meiner difor at saka skal behandlast etter 1985-lova, med dei endringane som følgjer av naturmangfald­lova. Etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje og kan i denne samanheng gjere dei endringar i planen som er påkravd.

Riksantikvaren hadde opphavleg motsegn til planen, men etter synfaringa i juni 2012, har dei gått med på ei løysing som inneber at ein tek vare på den øvre delen av trallebana og portalen nedst i anlegget. Den planlagde vegen vil ikkje øydelegge desse delane av bana og ein kan difor sjå dei kulturhistoriske elementa knytt til banen sjølv om ein bygg veg til Mågelitopp.

Trallebana blei bygd allereie i 1911 for transport av materiale i samanheng med bygging av tunell på fjellet. Bana er dobbeltspora og 960 meter lang, med ein høgdeskilnad på 430 meter og en maksimal stigning på 42 grader. Toppunktet på bana ved Mågelitopp ligg på 860 moh. I 1956, da Tyssefaldene AS feira 50 års jubileum, vart bana forbetra slik at privatpersonar også kunne nytte ho. Trallebana vart gitt i gåve til innbyggjarane i kommunen for å stimulere til auka bruk av fjellet. Bana førte også til at det vart bygd hytter nær toppunktet ved Mågelitopp. Bana er ikkje lenger i bruk, og det er eit klart behov for å vedlikehald. Trallebana er ikkje freda eller regulert til spesialområde bevaring.

Miljøverndepartementet viser til at det ikkje er midlar til vedlikehald og opprusting av bana, og at ein veg vil gje betre tilkomst til hyttene. Miljøvern­­departementet er einig med Riksantikvaren i at trallebana utgjer ein viktig del av det teknisk-industrielle kulturmiljøet knytt til Tyssedal kraftverk. Trallebana inngår såleis som eit viktig element for å syne utbygginga av vassdraga i området. Bana er i dag falleferdig og det er mykje vegetasjon i traséen. Det er lite som tyder på at nokon har økonomi til å vedlikehalde bana og traséen, og opplevingsverdien fell med dette bort om kort tid.

Miljøverndepartementet har lagt Fylkesmannen i Hordaland si vurdering av prinsippa i naturmangfaldlova §§8-12 til grunn for vurderingane. Landskapet er prega av industrielle inngrep av ulike slag, som til dømes kraftleidningar, demning, vegar og kraftstasjon. Desse vart sende over i eiga sak 17. februar 2013 etter førespurnad av departementet. Det er ikkje registrert prioriterte artar, trua eller nær trua på Norsk raudliste for artar 2010 eller verdfulle artar i planområdet. Det er heller ikkje registrert utvalde naturtypar, trua eller nær trua naturtypar på Norsk raudliste for naturtypar 2011 eller verdfulle naturtypar i planområdet. Det er heller ikkje kome fram andre opplysningar i saka som tyder på at det er slike artar eller naturtypar. Spørsmålet om samla belastning av inngrepa etter vegframføringa kan diskuterast, men departementet meiner at området likevel ikkje blir vesentleg endra av vegtiltaket. Når det gjeld høvet til villrein er det omtalt i regional plan for Hardangervidda 2011-2025 at hytteområdet på Mågelitopp er ein barriere  i seg sjølv, men fordi det grenser inn mot eit område med låge beiteverdiar sommar og vinter, vil ei vidareutvikling av området ikkje vere særleg negativt for villreinen.

Miljøverndepartementet har lagd vekt på avtalen der Tyssefaldene AS frigjorde bana til persontransport, og det er klart at hyttene på Mågelitopp ikkje hadde vorte bygd utan at bana kunne vorte nytta som tilkomst. Stien til hyttene er svært bratt og blir ikkje vurdert som tilfredsstillande som einaste tilkomst til hyttene.  På synfaringa vart det vist til at einaste transportmoglegheit til hyttene no er med snøscooter eller helikopter. Miljøverndepartementet meiner linjeføringa til bana utgjer ein viktig opplevingsverdi, og traséen bør bevarast så langt det er mogleg. Dette kan mellom anna gjerast ved at den nedre del av bana vert halden open for vegetasjon.

Departementet meiner vegframføring i så bratt helling vil verte eit vesentleg terrenginngrep. Planen seier lite om korleis vegen skal utformast. Det må i detaljprosjekteringa stillast krav om at utforming og omfang av skjeringar og fyllingar skal beskrivast nærare og synliggjerast, og det skal leggjast inn høge krav til kvaliteten på dette. Det skal vidare leggjast til rette for at eksisterande sti kan krysse vegen. Desse tiltaka må sikrast i det vidare arbeidet med vegen i samarbeid med dei regionale styremakter.  Miljøverndepartementet finn under desse føresetnader å kunne stadfeste planen.  

Vedtak 

I medhald av plan- og bygningslova av 1985, § 27-2 nr. 2 stadfestar Miljøverndepartementet reguleringsplan for veg til Mågelitopp under føresetnad av at den øvre del av trallebana blir bevart og at portalen nedst i anlegget blir ståande.

Miljøverndepartementet legg til grunn at Odda kommune endrar plankartet og reguleringsføresegnene i samsvar med dette vedtaket.

Odda kommune er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

 

Bård Vegar Solhjell

   

Kopi:

Odda kommune

Hordaland fylkeskommune

Riksantikvaren

Topp velforening v/Vidar Seim, 5770 Tyssedal