Ot.prp. nr. 54 (1997-98)

Om lov om endringar i lov 18 desember 1981 nr 90 om merking av forbruksvarer mv

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunnen for framlegget

2.1 EUs forordning om frivillig miljømerking

EUs ministerråd vedtok i 1992 ei forordning om frivillig miljømerking av produkt, «RÅDSFORORDNING (EØF) nr 880/92 av 23 mars 1992 om ei fellesskapsordning for tildeling av miljømerke».

Formålet med forordninga er å skape eit einskapleg og effektivt miljømerkesystem. Gjennom informasjon om korleis produkta verkar inn på miljøet, skal forbrukarane bli i stand til å treffe gode miljøval. Truleg vil dette også stimulere til produksjon og marknadsføring av dei produktalternativa som har minst negativ innverknad på miljøet. Næringsmiddel, drikkevarer og legemiddel er unnatekne frå ordninga.

Etter artikkel 9 i forordninga skal kvar stat peike ut eit ansvarleg organ til å ivareta følgjande oppgåver i samband med ordninga:

  • behandle søknader frå produsentar/importørar om miljømerking av produkt, jf artikkel 10

  • delta i utviklinga av nye miljøkriterium, jf artiklane 5, 6 og 7

  • fastsetje storleiken på gebyra som skal betalast for behandling av søknader og bruk av merket, jf artikkel 12

  • drive informasjonsarbeid om ordninga overfor forbrukarar og føretak, jf artikkel 15

Til liks med den nordiske miljømerkeordninga «Svanen» er det frivillig om ein vil bruke det europeiske miljømerket eller ikkje. Produsentar eller importørar kan søkje om å få miljømerkt produkta sine. Berre produkt som oppfyller generelle krav til helse, tryggleik og miljø, kan miljømerkjast. I tillegg må produkta tilfredsstille visse minimumskrav som er fastsette i såkalla kriteriedokument. Kriteria skal utformast slik at det så langt råd er blir teke heilskapleg omsyn til miljøaspekta ved det enkelte produkt, m a forbruk av naturressursar, energiforbruk, støy, forureining og innverknad på økosystem. Vurderingane byggjer på «frå vogge til grav»-prinsippet, som inneber at ein må vurdere miljøverknadene i alle fasane av eit produkt - frå utvikling og produksjon, via bruk til avfallsdeponering.

Den som søkjer om å få miljømerkt eit produkt, betaler eit gebyr for behandlinga av søknaden. Ved tildeling av løyve må det betalast eit årleg gebyr for bruken av merket (artikkel 11). Målsetjinga er at ordninga så langt råd er, skal bli sjølvfinansierande. Dei nærmare vilkåra for å bruke merket blir regulerte i ein standardkontrakt som søkjar og det ansvarlege organet skal inngå seg imellom. Bruk av merket i samband med marknadsføring er regulert i artikkel 16.

Forordninga hindrar ikkje i si noverende form at det finst andre miljømerkeordningar, sjølv om målet på sikt er å skape eit meir einsarta system. Det blir arbeidt med å revidere den europeiske miljømerkeordninga, men det er usikkert kva utfallet av dette vil bli. Det skal likevel seiast at ei eventuell endringsforordning ikkje vil kunne innlemmast i EØS-avtalen før Stortinget har gitt samtykke til det. Det må også gjerast framlegg og vedtak om ei ny lovendring før ei eventuell revidert miljømerkeforordning kan bli del av norsk rett.

2.2 Gjennomføringsplikt etter EØS-avtalen

Ved behandlinga av St prp nr 40 (1993-94) om samtykke til godkjenning av EØS-komiteens avgjerd nr 7/94 (tilleggsavtalen til EØS-avtalen) gav Stortinget samtykke til å innlemme forordning nr 880/92 i EØS-avtalen. Dette inneber ei plikt til å gjennomføre forordninga i norsk rett.

Barne- og familiedepartementet melde i 1995 til EFTAs overvakingsorgan (ESA) at ein rekna forordninga som gjennomført ved at Stortinget slutta seg til tilleggsavtalen til EØS-avtalen, og dei praktiske åtgjerder som vart gjorde for å administrere EUs miljømerkesystem i Noreg. Det var m a inngått avtale mellom departementet og Stiftinga Miljømerking i Noreg om at denne skulle ivareta oppgåvene som ansvarleg organ etter forordninga.

EFTAs overvakingsorgan fann ikkje at dette var fullt ut tilfredsstillande gjennomføring. Barne- og familiedepartementet har teke dette til etterretning, og det blir derfor gjort framlegg om å gjennomføre forordninga som norsk lov ved ei ny føresegn i merkeloven. Det apparatet forordninga gjer nødvendig, i form av eit ansvarleg organ, er i dag etablert. I hovudsak vil det derfor berre vere tale om å lovfeste ei ordning som alt eksisterer.

2.3 Høyring

Framlegget til endringar i merkeloven vart sendt på høyring av Barne- og familiedepartementet 12 desember 1997, med høyringsfrist 23 januar 1998.

Følgjande fekk framlegget til fråsegn:

  • Finans- og tolldepartementet

  • Justisdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Prosess- og foredlingsindustriens Landsforening

  • Statens institutt for forbruksforsking

  • Stiftinga Miljømerking i Noreg

Justisdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Olje- og energidepartementet, Utanriksdepartementet, Forbrukarombodet, Forbrukarrådet, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Næringslivets Hovedorganisasjon og Stiftinga Miljømerking i Noreg har kome med høyringsfråsegn.

Ingen av høyringsinstansane har noko å innvende mot at forordninga blir gjennomført som lov.

Olje- og energidepartementet har merkt seg at forordninga ikkje hindrar at det finst andre miljømerkeordningar, sjølv om EU på sikt har som mål å skape eit meir einsarta system. Det blir i samband med dette peikt på at det er behov for å samordne ulike merkeordningar på sikt. Det er i utgangspunktet positivt at forbrukarane får informasjon, men på den andre sida kan for mange ulike merkeordningar skape forvirring. Barne- og familiedepartementet har merkt seg desse synspunkta.

Merknader av lovteknisk karakter er ikkje nærmare kommenterte. Dei andre merknadene frå høyringsinstansane er elles behandla i samband med departementets merknader til ein del spørsmål i proposisjonen.