Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Øystre Slidre kommune - motsegn til kommunedelplan for Beitostølområdet 2011-2023

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hytteområda H7 og H8. Departementet meiner kommunen må utnytte potensialet for fortetting og utviding av eksisterande byggjeområde på Beitostølen før det vert opna for utvikling vestover eller sørover. Slik planen er utforma no vil området få eit utflytande utbyggings¬mønster i strid med nasjonale føringar om samordna areal- og transportplanlegging. Om kommunen på sikt ønskjer å leggje til rette for utvikling vestover mot Tåbakke og Rauddalen må det leggjast til rette for dette gjennom heilskaplege planar.

Vi viser til fylkesmannen sitt brev av 22.12.2011 og kommunedelplan for Beitostølsområdet 2011-2023. Saka er sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16. Fylkesmannens miljøvernavdeling og Statens vegvesen har motsegn til 2 nye hytteområde ved Tåbakke, H7 og H8.

Miljøverndepartementet godkjenner ikkje hytteområda H7 og H8. Departementet meiner kommunen må utnytte potensialet for fortetting og utviding av eksisterande byggjeområde på Beitostølen før det vert opna for utvikling vestover eller sørover. Slik planen er utforma no vil området få eit utflytande utbyggings­mønster i strid med nasjonale føringar om samordna areal- og transportplanlegging.

Om kommunen på sikt ønskjer å leggje til rette for utvikling vestover mot Tåbakke og Rauddalen må det leggjast til rette for dette gjennom heilskaplege planar. 

Bakgrunn

Kommunedelplanen legg grunnlag for  utvikling av Beitostølen ved fortetting og utviding av eksisterande byggjeområde for fritidsbustader, fritidsleilegheiter, bustader og nærings­verksemd. Planen legg vidare grunnlag for opprusting av sentrum, utviding av alpintilbodet, etablering av nye vegar og gangvegar m.m. Fjellgrensa som er ei langsiktig utbyggingsgrense mot øst er vidareført, men justert noko.

Det største nye byggjeområdet er område A6/L6/P3 i Størrtjednlie vest for sentrum. Området kan nyttast til alpinanlegg, fritidsleilegheiter, hotell m.m. Ein ny skiheis som kryssar fylkesveg 51 skal sikre samband med alpinanlegget i sentrum.

Ved Tåbakke, ca 5 km vest for Beitostølen, viser planen to nye byggjeområde for fritidsbustader. Område H7 er 177 daa stort og område H8 er 110 daa stort. Områda er rike på kulturminne og det er venta at dei berre vil gje ca 80 fritidsbustader.

Samla utbyggingspotensial innanfor heile planområdet er berekna til 1200 fritidsleilegheiter og 470 fritidsbustader. Tabellen under viser korleis utbyggingspotensialet er fordelt på nye byggjeområde, eksisterande område som kan fortettast og tidlegare godkjende område som ikkje er utbygde:

 

Tal på nye fritidsbustader

Tal på fritidsleilegheiter

Nye byggjeområde

170

650

Fortetting (HF1-HF3 og HB2)

50

50

Reserve frå gjeldande planar

250

500

Samla utbyggingspotensial

470

1200

Med same utbyggingstakt som i dag, dvs 20 fritidsleilegheiter og 30 fritidsbustader pr år, har planen ei tomtereserve på 40 år for fritidsleilegheiter og 16 år for fritidsbustader.

Fylkesmannen i Oppland reiste motsegn mot områda H7 og H8 ved andre gongs offentleg ettersyn. Motsegna er grunngjeve med at områda er i strid med nasjonale føringar for samordna areal- og transportplanlegging og klimaomsyn. Fylkesmannen meiner det ikkje er dokumentert at det trengst nye hytteområde ved Blåhovda-Tåbakke i denne planperioden. Fylkesmannen meiner og at områda har ei uheldig plassering ut frå sentrumsfunksjonar og alpinanlegg, og at dei vil føre til auka interntransport i Beitostølsområdet. Om det seinare blir aktuelt med utbygging ved Blåhova-Tåbakke bør ein prioritere område H8 som ligg inntil tidlegare regulert område.

Statens vegvesen reiste i brev av 10.03.2011 motsegn til områda H7 og H8 samt ein bandlagd vegtrasé mellom dei nye hytteområda og Beitostølen sentrum. Det vert påpeika at den samla kapasiteten for bustader, hotell og hytter er høg. Vegvesenet meiner områda H7 og H8 bør takast ut av planen og at dei andre byggjeområda for fritidsbustader kan dekke utbyggings­behovet i neste planperiode.

Meklingsmøte blei halde 25.05.2011 utan at det blei oppnådd semje om motsegnene knytt til områda H7 og H8. Andre motsegner er avklart gjennom planprosessen.

Kommunestyret i Øystre Slidre vedtok kommunedelplanen i møte 25.08.2011. Planen blei gjeve rettsverknad med unntak av områda H7 og H8. Kommunen er ikkje einig i at utbyggingsreserven er større enn naudsynt, og påpeiker at planen omfattar store område som det er vanskeleg å realisere på kort sikt på grunn av eigedomsstruktur og krav om tunge grunnlagsinvesteringar. Utan H7 og H8 meiner kommunen at planen vil ha ein tomtereserve på 13 år for fritidsbustader og 40 år for fritidsleilegheiter.

Kommunen er heller ikkje einig i at H7 og H8 er satelittar og viser til at områda ligg nær skiløype, tursti, fylkesveg, elektrisitetsnett og kommunalt vatn- og avlaupsnett. Det vert peika på at områda ligg 5 km frå Beitostølen sentrum, 4 km frå alpinanlegget i Rauddalen og 2 km frå dagligvarebutikken i Beito. Kommunen meiner områda vil styrke driftsgrunnlaget for alpinanlegget i Rauddalen og nærbutikken i Beito. Dei kan og stimulere ei langsiktig utvikling av alpinanlegg og byggjeområde mellom Beitostølen og Rauddalen.

Fylkesmannen i Oppland tilrår i sitt oversendingsbrev til departementet av 22.12.2011 at motsegnene blir teke til følgje. Klimautfordringane krev at utvikling av destinasjonar som Beitostølen i større grad enn tidlegare må bygge på prinsippa om samordna areal- og transportplanlegging. Etter fylkesmannen si vurdering kan H7 og H8 være med på å undergrave planlagt fortetting og styrking av sentrum. Viss det seinare blir klart at utvikling mot Rauddalen er eit naudsynt og riktig grep, må det leggjast til rette for dette gjennom ein grundigare og meir heilskapleg plan.

Oppland fylkeskommune v/fylkesutvalget reiste motsegn til områda H7 og H8 ved andre gongs offentlege ettersyn. Motsegna blei trekt då kommunen tok inn ei føresegn i planen som seier at H7 og H8 ikkje kan byggjast ut før 2/3 av områda H1-H6 og FH1 er utbygde. Fylkeskommunen meiner ei utvikling mot vest er det einaste reelle alternativet for Beitostølen og at kommunen med denne føresegna får større sikkerheit for at utbygginga på Beitostølen kan fortsette med jamn takt.

Synfaring og møte blei halde 13.06.2012 med representantar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen, Statens vegvesen region øst, Samferdselsdepartementet, vegdirektoratet, Miljøverndepartementet og grunneigarar.

Samferdselsdepartementet har i brev av 06.07.2012 uttalt seg til saka. Departementet sluttar seg til Vegdirektoratet si vurdering om at overordna føringar for samordna areal- og transportplanlegging ikkje er følgde og at områda H7 og H8 vil føre til auka trafikk, miljøbelastning og redusert trafikktryggleik i Rauddalen og Beitostølen. Det er heller ikkje godt nok dokumentert at det er behov for desse hytteområda i denne planperioden. Det er usikkert om føresegna om utbyggingsrekkefølgje gir god nok sikkerheit for at område med betre lokalisering i høve til sentrumsfunksjonar blir bygd ut først.

Fylkesmannen har i brev av 20.04.2012 vurdert områda H7 og H8 ut frå prinsippa i naturmangfaldloven. Kunnskapsgrunnlaget er vurdert som noko mangelfullt, men risikoen for stor skade på naturmangfaldet ved utbygging av områda, vurderast som liten. Eit areal med rikmyr ved H7 kan bli øydelagt viss det ikkje vert teke omsyn til lokaliteten ved detaljregulering og utbygging. Ved H8 kan eit område med bjørkeskog og høgstaudar bli noko redusert. Denne naturtypen finst i ganske stort omfang i områda vest for Beitostølen og innover mot Rauddalen.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet skal vurdere om dei nye hytteområda H7 og H8 ved Tåbakke er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser. Saka vert handsama etter plan- og bygningslova § 11-16. Departementet avgjer om motsegnene skal takast til følgje, og kan i den samanheng gjere nødvendige endringar i planen.

Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 ligge til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde som gjeld naturmangfald. Vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Regjeringa har gjennom statlege planretningsliner og fleire stortingsmeldingar lagt vekt på prinsippet om samordna areal- og transportplanlegging. Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging godkjent ved kgl. res. 20. august 1993, krev at utbyggingsmønster og transportsystem blir sett i samanheng slik at ein kan leggje til rette for ein mest mogeleg effektiv, trygg og miljøvennleg transport, og slik at det vert mindre behov for transport. Det er framheva som viktig å unngå nedbygging av viktige natur- og landbruksområde og legge tilhøva til rette for kollektivtransport, gåande og syklande.

Statleg planretningsline for klima- og energiplanlegging i kommunane blei fastsett ved kgl.res. 4. september 2009. Retningslinene seier at kommunane gjennom planlegging og annan myndigheitsutøving og verksemd skal stimulere og bidra til reduksjon av klimagassutslepp. For å redusere utsleppa frå transportsektoren er det framheva som viktig å utvikle eit transportsparande arealbruksmønster og leggje til rette for kollektivsatsing, sykkel og gange.

I St.meld.nr 26 (2006-2007) ”Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand” vert det understreka at arealpolitikken skal legge til rette for redusert utslepp av klimagassar. Byar og tettstader skal utviklast slik at miljø, livskvalitet og helse vert fremma gjennom god stadforming og bustadkvalitet, tilgjengelege uteareal med høg kvalitet og samanhengjande grønnstruktur som gjev god tilkomst til omkringliggjande naturområde. Når det gjeld hyttebygging er det framheva at kommuneplanen er det viktigaste styringsverktøyet for å sikre langsiktig og miljøvennleg hyttebygging. Fjellområda skal forvaltast som landskap der kultur- og naturressursane, næringsmessig utnytting og friluftsliv vert sikra og gjensidig utfyller kvarandre. Ved lokalisering og utforming av fritidsbustader skal det leggjast vekt på landskap, miljøverdiar, ressursbruk og estetikk.

Så langt Miljøverndepartementet kan vurdere har kommunen gjennomført ein grundig planprosess med stor grad av medverknad. Den vedtekne planen legg grunnlag for omfattande utbygging av fritidsbustader og fritidsleilegheiter ved fortetting og utviding av eksisterande byggjeområde. Dette er i tråd med prinsippa for samordna areal- og transportplanlegging. Ei styrking av Beitostølen som ein kompakt fjellandsby er viktig for å redusere transportbehovet, legge grunnlag for auka bruk av kollektivtransport og unngå nedbygging av omkringliggjande natur- og kulturlandskap.

Trafikkanalysa som følgjer planen viser at interntrafikken på Beitostølen vil doblast viss utbyggingspotensialet vert utnytta fullt ut. Etter departementet si vurdering har kommunen gjort viktige grep for å redusere transportbehovet og trafikkmengda i sentrum. Nye skiheisar vil gje ski inn – ski ut effekt for fleire område, mens nye gang- og sykkelvegar og turstiar vil betre tilhøva for gåande, syklande og skigåarar. Omkøyring utanom sentrum og spreiing av alpintilbodet er og viktige tiltak for å redusere biltrafikken i sentrum.

Val av langsiktig utviklingsretning for Beitostølen har vore eit viktig tema i planprosessen. Den vedtekne planen seier at utviklingsretninga er vestover, men legg ikkje opp til dette utover dei nye hytteområda H7 og H8 ved Tåbakke. Etter departementet si vurdering vil utbygging av dei to områda bidra til at Beitostølen får eit utflytande utbyggingsmønster i strid med prinsippa i statlege planretningsliner for samordna areal- og transportplanlegging. Områda ligg så nær Beitostølen at hytteeigarane vil nytte servicetilboda der, men samtidig så langt unna at dei vil vere bilbaserte område.

Ut frå nasjonale mål om å redusere transportbehovet og utslepp av klimagassar meiner Miljøverndepartementet at potensialet for fortetting og utviding av eksisterande byggjeområde på Beitostølen må utnyttast før det eventuelt vert opna for utviding vestover. Den store utbyggingsreserven på Beitostølen og dei uavklarte utbyggingsplanane ved Javnberget er og argument for at områda ikkje vert lagt ut nå. Om kommunen ved kommande planrevisjonar finn det riktig med utvikling vestover mot Rauddalen, må det leggast til rette for dette gjennom ein heilskapeleg plan. Utbygginga bør starte nær Beitostølen.

Både kommunen og fylkeskommunen påpeiker behovet for å ha ein stor planreserve, fordi det ut frå erfaring er vanskeleg å vite kva for område som blir bygd ut. Når det gjeld utfordringane med å få til fortetting i eksisterande hytteområde vil departementet peike på at kommunen kan legge grunnlag for dette ved å utarbeide områdereguleringsplan for dei aktuelle områda. Erfaringar frå annan tettstadutvikling viser at fortetting kan skje om det er lagt til rette for dette planmessig. Når det gjeld utbygging av nye område med mange grunneigarar kan bruk av jordskifte vere til hjelp.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 finn Miljøverndepartementet ikkje å kunne godkjenne hytteområda H7 og H8 i kommunedelplan for Beitostølsområdet. Områda endrast til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift.

Miljøverndepartementet legg til grunn at Øystre Slidre kommune endrar plankartet i samsvar med dette vedtaket.

Vi viser til reglane i plan- og bygningslova § 11-15 om kunngjering av stadfesta kommunedelplan. Øystre Slidre kommune er orientert om departementet sitt vedtak ved kopi av dette brevet.

 

Med helsing

 

Bård Vegar Solhjell

   

Kopi:

Øystre Slidre kommune

Statens vegvesen region øst

Oppland fylkeskommune

Samferdselsdepartementet
Naturvernforbundet i Oppland