Prop. 114 LS (2021–2022)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga m.m. og folketrygdloven (arbeidsavklaringspengar m.m.)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I Revidert nasjonalbudsjett 2022 foreslår regjeringa følgjande endring i skatte- og avgiftsreglane som har verknad for provenyet for 2022:

  • Å auke formuesskattesatsen for upersonlege skattytarar frå 0,15 til 0,25 pst. Dette tilsvarar auken i den statlege formuesskattesatsen som Stortinget vedtok for dei personlege skattytarane i budsjettet for 2022. Upersonlege skattytarar, som sparebankar, samvirkeføretak og enkelte stiftingar, svarar formuesskatt til staten, men ikkje til kommunane. Departementet anslår at framlegget vil auke provenyet med om lag 180 mill. kroner påløpt i 2022. Heile provenyet vert bokført i 2023.

I tillegg vert budsjetteringa endra som følgje av utsett iverksetjing av fritak for elavgift for eigenproduksjon av straum. Utsetjinga vil auke provenyet med om lag 6 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2022. Budsjetteringa vert òg endra som følgje av utsett iverksetjing av omregistreringsavgift for elbilar. Det vart budsjettert med iverksetjing 1. januar 2022, men omregistreringavgift vart fyrst iverksett 1. mai 2022. Tapet av proveny er rekna til om lag 25 mill. kroner påløpt og bokført i 2022.

Samla vert nye framlegg til endringar i skattar og avgifter rekna å auke provenyet med om lag 160 mill. kroner påløpt i 2022 samanlikna med saldert budsjett for 2022. Den bokførte verknaden av framlegga er eit tap av proveny på om lag 20 mill. kroner i 2022. Heilårsverknaden av framlegga er eit meirproveny på 180 mill. kroner.

I tillegg kjem verknaden av framlegg til skatte- og avgiftsendringar som er vedtekne av Stortinget etter saldert budsjett for 2022. Dette gjeld utsetjing av å innføre flypassasjeravgifta att og ny mellombels ordning for utsetjing av skattar og avgifter. Smittespreiinga av omikron-varianten og smitteverntiltak som vart innført i desember 2021, hadde konsekvensar for luftfarten. Difor vart flypassasjeravgifta i januar 2022 oppheva òg for flygingar i perioden 1. januar–30. juni 2022. Det gjev eit tap av proveny på om lag 880 mill. kroner påløpt og bokført i 2022. Den nye ordninga for utsetjing av skatte- og avgiftskrav som forfall i perioden 1. januar 2022–31. mars 2022, vart anslått å gje eit tap av proveny på om lag 200 mill. kroner påløpt og bokført i 2022. Inkludert utsetjing av å innføre flypassasjeravgifta att og den nye mellombelse utsetjingsordninga vert dermed skatte- og avgiftsinntektene reduserte med om lag 900 mill. kroner påløpt og 1 100 mill. kroner bokført i 2022 samanlikna med saldert budsjett for 2022.

Regjeringa foreslår òg enkelte andre endringar på skatte- og avgiftsområdet:

  • Den utsette iverksetjinga av lovendringa om meirverdiavgiftsplikt for naprapati og osteopati vert vidareført fram til 1. januar 2023.

  • Innføring av ei eiga avgiftsgruppe i eingongsavgifta for personbilar som er tilpassa og nytta til transport av rullestolbrukarar.

Vidare foreslår regjeringa enkelte endringar som ikkje gjeld skatt og avgift:

  • Endring i folkeregisterloven om registrering av fødselsdato for EØS-borgarar.

  • Endring i reglane i skattebetalingsloven om mellom anna frist ved klage over pålegg og tvangsmulkt.

  • Fullmakt frå Stortinget til å innføre tolltiltak mot Russland.

  • Endring i regelverket for arbeidsavklaringspengar i folketrygdloven.

I tillegg er følgjande saker omtala:

  • Eigedomsskatt på grunn under kraftnett.

  • Differensiert tvangsmulkt – oppmodingsvedtak nr. 176 (2020–2021).

Det vert òg vist til følgjande saker som er omtala i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2021–2022) Revidert nasjonalbudsjett 2022:

  • Skattlegging av store fleirnasjonale konsern – innføring av Inclusive Frameworks to-pilarløysing.

  • Inntekter frå grunnrenteskatt for vasskraft.

  • Omlegging av støtte til kjøp av elbilar.

  • Tiltak for auka andel elbilar i leasing- og varebilmarkedet – oppmodingsvedtak nr. 35 punkt 13 (2021–2022).

  • Vegbruksavgift på biodrivstoff – oppmodningsvedtak nr. 35 punkt 9 (2021–2022).

  • Overgangsordninga ved avviklinga av 350-kronersgrensa og innføringa av VOEC-ordninga.

I denne proposisjonen gjer departementet framlegg om:

  • lov om endring i folketrygdloven

  • lov om endring i skatteloven

  • lov om endring i skattebetalingsloven

  • lov om endring i skatteforvaltningsloven

  • lov om endring i folkeregisterloven

  • lov om endring i lov 21. desember 2020 nr. 168 om endringer i merverdiavgiftsloven

  • lov om endring i tollavgiftsloven

  • vedtak om endring i stortingsvedtak om skatt av inntekt og formue mv. for inntektsåret 2022 (Stortingets skattevedtak)

  • vedtak om endring i stortingsvedtak om avgifter på motorvogner mv.

  • vedtak om endring i stortingsvedtak om toll for 2022

Til forsida av dokumentet